Når vi analyserer tekstar, kan vi dele dei inn i tre ulike nivå: det grammatiske, det tekstuelle og det estetiske nivået. Kva skjer på det tekstuelle nivået i tekstar, og kva teoriar og omgrep kan vi bruke for å analysere dette?
Tekstar er sette saman av element som vi kan seie fungerer på ulike nivå: eit grammatisk, eit tekstuelt og eit estetisk. Når du gjer ein analyse av ein tekst, kan ei slik grovinndeling vere eit godt utgangspunkt for å sjå på kva for nokre ulike verkemiddel som er brukte. Samtidig er det viktig å vere klar over at dei tre nivåa ofte går inn i kvarandre. Derfor må du òg sjå på samspelet mellom verkemiddel på ulike nivå, og korleis dei saman bidreg til å få fram tema og bodskap.
Korleis er teksten skrudd saman?
På det grammatiske nivået ser du mellom anna på korleis ord, frasar og setningar blir kopla saman. På det tekstuelle nivået er det korleis sjølve teksten er sett saman, som er interessant å sjå på. Her kan du sjå på komposisjon, struktur og layout i tekstar. Kva teoriar og omgrep kan du bruke i ein analyse av tekstuelle element?
Struktur og dramaturgi
Du kan til dømes bruke teoriar og modellar om strukturen i forteljingar for å identifisere ulike mønster i teksten du analyserer. I filmverda snakkar vi ofte om dramaturgifor å beskrive korleis ein film er sett saman.
Mange litteraturteoretikarar har analysert forteljingar for å finne mønster som går igjen i ulike typar litteratur. Det finst fleire ulike dramaturgiske modellar som kan brukast både til å skape og til å analysere filmar. Under ser du ei visuell framstilling av aktantmodellen. Han vart utvikla for å beskrive folkeeventyr, men kan like gjerne brukast til å analysere forholdet mellom karakterane i ein moderne tv-serie.
To analysedøme
I artikkelen om dramaturgi ser du korleis handlinga i filmen Hva vil folk si er bygd opp på ein måte som følger Hollywood-modellen. Her finn du òg ein modelltekst av ein analyse av den første fasen av filmen etter modellen, anslaget.
I illustrasjonen av aktantmodellen over ser du korleis han kan brukast til å beskrive strukturen i eventyret om Askeladden og dei gode hjelparane. Men vi kan òg bruke den same modellen til å beskrive til dømes "grunnforteljinga" i valkampanjen til politiske kandidatar eller parti:
I sentrum av forteljinga er eit subjekt som har eit sterkt ønske eller begjær som er fokusert på eit mål, eit objekt. Dette blir overført gjennom kommunikasjon frå ein sendar til ein mottakar. Handlinga i forteljinga blir driven framover av prosjektet til subjektet, som er å oppnå målet, objektet. Prosjektet blir nådd gjennom ein konflikt, der subjektet får støtte frå hjelparar, men blir motarbeidd av motstandarar.
I valkampforteljinga er det politikaren som er subjektet, og objektet er det som blir oppnådd gjennom valsigeren. Politikaren har fått dette mandatet frå folket, som sendarar. For den amerikanske presidentkandidaten Trump var til dømes objektet å gjenreise amerikansk stordom, "make America great again".
Valkampforteljinga har òg vonde makter som må overvinnast for at målet skal nåast, det kan vere politiske motstandarar, utvalde grupper i samfunnet (elitar, innvandrarar) eller andre truslar.
Nasjonale og kulturelle forteljingar
Du kan òg utforske korleis nokre forteljingar eller narrativ blir viktige for nasjonale eller kulturelle fellesskapar, og sjå om du finn spor av slike forteljingar i tekstane du analyserer.
Eit analysedøme
Veggmåleriet Geografien måla av kunstnar Axel Revold i 1927 heng på veggen i Hersleb skole, og dette måleriet har skapt diskusjon. Det består av ulike motiv frå verdshistoria, der europeiske oppdagarar har "oppdaga" andre kontinent. Forteljinga om desse oppdagarane har lenge hatt eit positivt forteikn sett frå eit europeisk perspektiv, men denne forteljinga har vorte utfordra og til dels erstatta av ei anna forteljing. I denne versjonen er dei europeiske oppdagingsreisande ikkje heltane, men representantar for folkemord, rasisme og ulovleg annektering av landområda til andre nasjonar.
Argumenterande tekstar kan òg seiast å ha ein eigen dramaturgi, ei oppbygging som gjer dei mest mogleg overtydande. I retorikken finn du læra om dispositio, ein modell for korleis du kan bygge opp ein tekst for å best mogleg nå fram til publikummet ditt.
Eit analysedøme
I mars 2022 heldt den norske fotballpresidenten Lise Klaveness ein tale på FIFA-kongressen før den omstridde verdsmeisterskapen i Qatar. Du kan sjå Klaveness' tale på nettsidene til NRK. Vi kan bruke den retoriske modellen for å beskrive korleis talen hennar er bygd opp av fire delar: innleiing, fakta i saka, argumentasjon og konklusjon.
Innleiinga (exordium) skal vinne publikums velvilje og merksemd, og eit vanleg retorisk grep i denne fasen er å innleie med eit døme eller ei sterk historie.
Klaveness opnar talen med å beskrive seg sjølv som ung jente som var redd for å ikkje passe inn, men som drøymde om suksess på fotballbanen, og som hadde med seg ein oransje fotball overalt, til og med når ho sov. Ho fortel òg om korleis ho seinare i livet, som forsvarsadvokat, har opplevd at fotballen er eit felles språk og ein viktig brubyggar i møtet med klientar.
Neste fase er faktaa i saka (narratio) der viktige hendingsgangar og involverte personar skal presenterast på ein måte som skaper ei forteljing som kan engasjere og overtyde publikum.
Viktige aktørar i saksframlegget hennar er Norges Fotballforbund, som Klaveness opptrer på mandat frå. Ho vil formidle kritikken til forbundet av prosessen rundt tildelinga av VM til Qatar. Dei vedtok at dei ville påverke FIFAinnanfrå for å få til endringar gjennom dialog, ikkje boikott. Klaveness er òg ein viktig person i forteljinga, ikkje berre som representant for den norske fotballen, men for alle unge outsiderar med fotballdrøymar. Ho legg òg vekt på at ho er der som Noregs første kvinnelege fotballpresident. Den siste viktige aktøren i Klaveness' saksframlegg er FIFA. Dei blir framstilte som mektige rollemodellar som derfor må leie an i arbeidet med menneskerettar.
Hendingane som ho beskriv, er først vedtaket til det norske forbundet om å ytre kritikk mot fotball-VM. Den andre hendinga er tildelinga av meisterskapen og etterspelet det har fått.
Argumentasjonsdelen (argumentatio) kjem etter at talaren har bygd opp kontakt og sympati hos publikum. Her kan talaren legge fram argumentasjonen sin og eventuelt angripe argumenta til motstandaren.
Hovudsynspunktet i talen er at FIFA må ta den etiske leiarskapen dei har for fotballen, på alvor.
Argumentasjonen hennar går ut på at FIFA ved å laQatar få arrangere fotball-VM bryt med avtalar dei har underteikna, der dei forpliktar seg til å jobbe for menneskerettar og mangfald og mot diskriminering og korrupsjon.
Den siste delen av den retoriske talestrukturen er konklusjonen (peroratio).Her skal talaren minne om hovudbodskapen og vekke eit kjenslemessig engasjement hos den enkelte, slik at bodskapen fører til handling.
Klaveness avsluttar talen med å igjen framkalle biletet av den unge jenta med den oransje ballen, som i dag har vorte vaksen og ofte får spørsmål om korleis det er å jobbe i den mannsdominerte fotball-verda. På det svarer ho "I do not work in a man's world. Football belongs to all girls and all boys in the world". Slik minner ho FIFA-publikummet om verdiane fotballen skal stå for, i skarp kontrast til korrupsjonen og dødsfalla som har kasta ein stygg skugge over VM-arrangementet i Qatar.
Intertekstualitet
Mange tekstar har òg koplingar til andre tekstar. Lesarane som kjenner til teksten det blir referert til, vil ha denne i bakhovudet når dei tolkar innhaldet i den nye teksten. Andre tekstar kan på denne måten bli ei slags underliggande forteljing som den nye teksten må tolkast i lys av. Intertekstualitet er eit omgrep som set ord på korleis tekstar er fletta saman og bidreg til meiningsskapinga i kvarandre.
Eit analysedøme
Vi finn ein allusjon til eventyra om Oskeladden i overskrifta til artikkelen "Askeladden seeking its future on Gullfaks" på Equinor (På norsk: "Oskeladden søker lykka på Gullfaks"). Det skaper eit samspel mellom teksten om oljeriggen Askeladden og Oskeladden-forteljinga, der helten er ein modig outsider-karakter som ikkje tek seg sjølv så høgtideleg, men som likevel vinn prinsessa og halve kongeriket med kreativitet og utradisjonelle metodar.
Artikkelen speler på dette sambandet mellom oljeriggen og eventyrhelten med same namn. Dette gjer at vi les leiteboringa som artikkelen handlar om, som eit litt eventyrleg oppdrag der det kan ligge store verdiar som påskjønning viss Askeladden lykkast.
I filmen under kan du lære meir om omgrepet intertekstualitet:
Multimodalitet
Mange tekstar i dag er multimodale, noko som vil seie at dei bruker fleire ulike typar modalitetar, eller uttrykksformer. Multimodale tekstar blir òg kalla samansette tekstar. Ulike modalitetar har ulike eigenskapar, affordansar. Dette skapar både moglegheiter og avgrensingar for kva ein tekst kan uttrykke.
Eit analysedøme
I dette dømet blir omgrepa tekstkulturar, tekstpraksis og affordansar brukte til å beskrive korleis ein bestemd tekstpraksis, nemleg kontaktannonsar, har endra seg i takt med teknologien som har skapt tekstar med heilt andre affordansar.
Sjekking via tekstar før og no
Når du går nærare inn på konkrete tekstpraksisar for å sjå korleis tekstkulturar utviklar seg, vil du sjå at dei fleste tekstpraksisar i dag er forma av både materielle, teknologiske og kulturelle forhold.
Kontaktannonsar var ein vanleg tekstpraksis for nokre tiår sidan. Dei hadde som funksjon å setje deg i kontakt med ein mogleg romantisk partnar. I dag har denne funksjonen vorte teken over av digitale appar som til dømes Tinder. Teknologien har forandra denne samhandlinga gjennom tekst drastisk, når det gjeld både form og innhald.
Anonymitet
Dei gamle kontaktannonsane var trykte på papir i blad og aviser, og dei var som oftast anonyme. For å svare på annonsane måtte du sende eit brev til avisa eller bladet med ein kode eller referanse, ofte gitt opp som "BM" eller bill. mrk. (står for "billett merkt"). Breva som kom inn, vart så sende vidare til den som hadde sett inn annonsen. Det var vanskeleg å vite kven som skjulte seg bak annonsetekstane, og det kravde ein del tid og energi å skrive eit brev, kjøpe frimerke og sende det i posten.
Digital dating
I dag har plattformer som Tinder heilt andre affordansar enn dei gamle papirannonsane. Her kan du oppnå kontakt med andre umiddelbart, og fordi brukarane må legge inn bilete av seg sjølv, har du ein viss idé om kven dei er. Det å ta gode profilbilete har då svært mykje å seie, og i dag finst det eigne Tinder-fotografar som kan hjelpe til med å ta bilete som isceneset deg på best mogleg måte.
Sveiping
Det at du berre har moglegheita til å kontakte andre om dei sjølve har vist interesse for deg ved å sveipe til høgre, er ein ganske sentral affordanse ved Tinder. Tanken er nok at det skal gjere det lettare å treffe blink, sidan dei du liker, allereie har sagt at dei liker deg. Men sjølve sveipinga krev så lite tid og energi at ein match ikkje er ein garanti for suksess.
Det er store kjønnsforskjellar i sveipinga: Menn høgresveipar på 61,9 prosent av kvinneprofilane dei ser på Tinder, mens kvinnene berre høgresveipar på 4,5 prosent av mennene (Westeng, 2020). Ein like ivrig mann på 70-talet måtte sende hundrevis av brev som svar på kontaktannonsar for å oppnå den same effekten.
Kulturelle endringar som har påverka utviklinga
Endringar i kulturen har nok òg påverka denne tekstpraksisen. Seksuelle forhold utanfor ekteskapet var ikkje sosialt akseptabelt før utover 70- og 80-talet. Å søke etter kjærastar på denne måten vart nok òg sett på som eit sosialt nederlag. Det gjorde at kontaktannonsane før dette gjerne var anonyme og vende seg til menneske frå andre stader, slik at eventuelle forhold var lette å halde skjult. Det gjaldt òg homofile og lesbiske som lenge møtte negative haldningar i lokalsamfunnet.
Ikkje lenger flautt
Då internett kom rundt tusenårsskiftet, var det òg sett på som litt flautt å måtte møte kjærasten på nettet, det var eit teikn på at du ikkje fiksa det sosiale livet "IRL" (in real life – i verkelegheita). I dag har normene endra seg slik at dating på nett er sett på som heilt normalt. Ein grunn kan vere at yngre generasjonar er så vane til å samhandle digitalt at det ikkje er naturleg å skilje mellom desse omgangsformene.