Hopp til innhald
Fagartikkel

Grammatiske element i tekstar

Når vi analyserer tekstar, kan vi dele dei inn i tre ulike nivå: det grammatiske, det tekstuelle og det estetiske nivået. Kva skjer på det grammatiske nivået i tekstar, og kva teoriar og omgrep kan vi bruke for å analysere dette?

Tekstar er sette saman av element som vi kan seie fungerer på ulike nivå: eit grammatisk, eit tekstuelt og eit estetisk. Når du gjer ein analyse av ein tekst, kan ei slik grovinndeling vere eit godt utgangspunkt for å sjå på kva for nokre ulike verkemiddel som er brukte. Samtidig er det viktig å vere klar over at dei tre nivåa ofte går inn i kvarandre. Derfor må du òg sjå på samspelet mellom verkemiddel på ulike nivå, og korleis dei saman bidreg til å få fram tema og bodskap.

Her skal vi sjå på kva det vil seie å analysere det grammatiske nivået i tekstar, og komme med tips til kva teoriar og omgrep du kan bruke i arbeidet med å analysere teksten på dette nivået.

Tenk over / diskuter

Kva tenker du når du høyrer ordet "grammatikk"?

Kva er grammatikk?

Grammatikk er system av reglar som ulike språk følger. På morsmålet ditt lærer og følger du desse reglane utan å tenke over det, mens når du lærer andre språk, må du ofte jobbe hardt med å lære deg reglane i språket.

Grammatikk er system for fleire ulike sider av språket:

  • kva lydar språket består av, og korleis dei kan setjast saman for å bli ord (fonetikk og fonologi)

  • korleis ulike ordklassar blir bøygde for å uttrykke nyansar som har med tid, kjønn, tal, bestemtheit og eigarskap å gjere (morfologi)

  • korleis ord kan setjast saman i rekkefølge for å gi meining (syntaks)

  • korleis ord, frasar og setningar får betydning (semantikk og pragmatikk)

Som du ser av dei ulike områda som grammatikken dekker, er vi for det meste på ord- og setningsnivå, sjølv om semantikk og pragmatikk òg kan handle om konteksten for språket. Dei mest relevante systema for ein tekstanalyse er nok morfologi, syntaks, semantikk og pragmatikk.

Verkelegheitsbilete

Eit viktig analysespørsmål er: Kva for nokre grammatiske val har avsendaren teke når hen representerer verkelegheita gjennom tekst? Vi kan bruke både morfologi og semantikk til å seie noko om forskjellane i betydning mellom desse to ytringane:

Russland har invadert Ukraina.
Det går føre seg ein fredsbevarande operasjon i Ukraina.

Begge ytringane vart brukte for å beskrive det som skjedde i Ukraina i 2022, men hendingane vart framstilte på to heilt ulike måtar. Når det gjeld semantikken, kan vi sjå på orda som er valde. Det er stor forskjell på betydninga av "invadert" og "fredsbevarande operasjon". Med eit morfologisk perspektiv ser vi at i den første setninga har vi eit subjekt, Russland, som har gjort noko mot nokon, objektet "Ukraina". I den andre manglar eit klart subjekt, i staden blir det formelle subjektet "det" brukt.

Du finn ei oversikt over ulike måtar morfologi og semantikk kan brukast på for å skape bestemde vinklingar i ein tekst, i artikkelen "Tekst og verkelegheitsbilete".

Referentar og referentkoplingar

Korleis ord og frasar blir brukte for å skape meining og samanheng i ein tekst, er òg grammatiske element som det er interessant å sjå på i ein analyse. Dette hjelper oss til å forstå haldningane avsendaren har til personar og tema i teksten.

Referentar

Ord og frasar er uttrykk som refererer til objekt og fenomen i verda, som vi kallar referentar. "Mamma" og "statsminister" er to ord som kan ha same referent, dei kan referere til same person, men orda legg vekt på ganske ulike sider ved denne personen. Dette er interessant å sjå på i ein analyse.

Ein måte å introdusere ein ny referent i ein tekst på er å gi substantivet som beskriv han, ubestemd form, til dømes "eit land". Neste gong referenten blir omtalt, kan substantivet få bestemt form, "landet".

Referentkjeder

Når ein referent er innført, kan vi vidare i teksten vise tilbake til referenten og skape ein tematisk samanheng. I dei fleste tekstar blir referenten omtalt med fleire ulike ord og frasar. I staden for å gjenbruke det same ordet, brukast synonym (ord med same tyding), antonym (ord med motsett tyding) og omgrep på ulike nivå ("fugl" – "kjøttmeis") til å lage det som blir kalla referentkoplingar.

Dei ulike måtane eit fenomen, ein person eller eit objekt blir omtalt på i ein tekst, dannar referentkjeder. Ved å analysere kva ord for referenten som er kopla saman i slike kjeder, og kva dei betyr, blir ofte haldninga teksten har til referenten, tydelegare.

Eit døme

Den norske kyrkja står bak filmen Hva er en flyktning? som du kan sjå på Den norske kyrkjas nettsider.

Filmen bruker mange ulike omgrep og bilete til å omtale referenten, flyktningane. Filmen byrjar med å stille spørsmålet "kva er ein flyktning?", og svaret kjem i form av ord som "menneske", "mammaer og pappaer", "søner og døtrer", "familiar og venner". Bileta viser menneske av ulik kjønn og alder, som ser inn i kameraet og dermed krev å bli sett som individ.

Filmen kom ut i ei tid då det kom svært mange flyktningar til Europa over Middelhavet. Mykje av debatten som følgde, handla om korleis desse menneska skulle forståast. Ord som "økonomiske migrantar", "lykkejegerar", "kriminelle" og "terroristar" vart brukte om menneska som kom, og det skapte ein del framandfrykt. Bilete av store folkemengder som stod ved landegrensene eller marsjerte i samla flokk mot Nord-Europa, bidrog til inntrykket av flyktningane som ein invaderande masse.

Denne filmen fungerte altså som ei påminning om at referenten, flyktningane, var individ og medmenneske med menneskeverd, ved å presentere ei referentkjede som motarbeidde dei mest negative framsyningane som sirkulerte i debatten.

Setningskoplingar

Når vi set saman setningar og avsnitt til noko vi tolkar som ein heilskapleg tekst og ikkje berre tilfeldige ytringar utan samanheng, har teksten det vi kallar koherens. Denne tolkinga av teksten som samanhengande blir skapt av både eksplisitte og implisitte koplingsmekanismar.

Eksplisitt tekstkopling består av ulike bindeord som tydeleg seier noko om samanhengen mellom setningane. Under ser du døme på ulike typar koplingar og på bindeord som kan brukast for å gjere dei eksplisitte.

Implisitt tekstkopling blir skapt av at lesarar automatisk tolkar ein samanheng mellom setningar som står etter kvarandre. "Huset vårt er stort. Vi kan ha fest." Dei fleste tolkar det som at det er eit kausalkopling mellom dei to, at "vi" kan ha fest fordi huset er stort.

Ulike typar koplingar:

  • Kausalkoplingar skaper ei kopling av årsak og verknad mellom ulike referentar i teksten. Døme på bindeord: "fordi", "derfor", "på grunn av".

  • Temporalkoplingar seier noko om korleis ulike referentar i teksten stiller seg til kvarandre i tid. Døme på bindeord: "etter", "samtidig", "før", "no", "då", "den gong".

  • Adversative koplingar skaper motsetningar mellom ulike referentar i teksten. Døme på bindeord: "derimot", "likevel", "uansett", "eller", "sjølv om".

  • Additive koplingar set likskapsteikn mellom ulike referentar i teksten. Døme på bindeord: "og", "på same måte", "mellom anna", "i tillegg".

Det å sjå etter både implisitte og eksplisitte setningskoplingar i ein analyse kan gjere både open og skjult argumentasjon i ein tekst tydelegare. Det kan også avdekke konfliktområde eller ulike interesser og stemmer som er til stades i teksten.

Eit døme

Forsvarets omdømmekampanje "For alt vi har. Og alt vi er" har prøvd å kople Forsvaret til meir positive verdiar. Kampanjen kom etter at media skreiv om ein "krigarkultur" i Forsvaret, der spesialstyrkar drog ut på oppdrag i land som Afghanistan og snakka varmt om å endeleg få lov til å delta i "skikkeleg krig". Utsegn frå soldatar om at krig er betre enn sex, vart debatterte og kritiserte (Johansen et al, 2010).

Du kan sjå Forsvarets kampanje på nettsida til Kreativt forum.

Når vi ser på setningskoplingane, kjem argumentasjonen ekstra tydeleg fram. Vi ser på teksten i ein av annonsane som døme:

"Et forsvar er ikke bare et vern av alt vi har. Men også av alt vi er. [...] Forsvaret er ikke bare for å verne om det vi har, men også om det vi er."

Bruken av "ikke bare" og "men" viser oss korleis dei prøver å utvide oppfatningane om kva Forsvarets funksjon er. Dei skal "ikke bare" forsvare landområde, "men" òg norske verdiar.

"I dag forandrer verden seg raskt. Forsvaret gjør det samme. Vi går fra mobiliseringsforsvar til innsatsforsvar, noe som innebærer at Forsvaret blir mindre i antall, samtidig som det stilles større krav til de som er involvert."

Forsvaret har endra seg, frå eit breitt folkeforsvar av Noreg til profesjonelle styrkar som blir sende rundt i verda, fordi verda har endra seg. Ved å bruke koplinga "innebærer", verkar dette som ein naturleg konsekvens av endringar i verda. Det verkar då mindre som ein vedteken strategi som det kan setjast spørsmålsteikn ved, slik mange har gjort. Med bruk av "samtidig" som koplingsord blir denne utviklinga sidestilt med at kvaliteten på personellet har gått opp når kvantiteten har gått ned. Dette blir då òg framstilt som ein naturleg konsekvens av utviklinga.

Det er ei implisitt kopling mellom denne første delen av teksten, og den neste:
"Høyt kvalifiserte mennesker står klare til å rykke ut når behovet melder seg, både hjemme og ute."

Det er lett å implisitt tolke det som at det er ei kausalkopling mellom dei to. På grunn av denne utviklinga er Forsvaret i dag slanka ned til ei gruppe dyktige menneske som kan mobiliserast på kort varsel. Ved å seie "når behovet melder seg" og ikkje "viss", er det ikkje oppe til diskusjon om dette er noko vi har behov for.

Tenk over / diskuter

Kva slags type tekstar trur du desse analyseverktøya kan eigne seg for?

Kjelder

Drabløs, Ø. T., Stolt-Nielsen, H. & Aas, O. I. (2022, 22. februar). Putin beordrer "fredsbevarende styrker" inn i Ukraina. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/verden/i/k6lxe9/putin-beordrer-fredsbevarende-styrker-inn-i-ukraina

Eldal, L. (2013). "For alt vi har. Og alt vi er." Var det alt?: om bakgrunnen for Forsvarets omdømmekampanje. [Masteroppgave]. Oslomet. https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/handle/10642/1674

Johansen, M., Ege, R. T., Hegvik, G. K. & Andersen M. A. (2010, 27. september). - Å krige er bedre enn sex. VG. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/waxp1/aa-krige-er-bedre-enn-sex

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling. Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Cappelen Damm akademisk.