Hopp til innhald

Fagstoff

Tekst og verkelegheitsbilete

Kva for nokre språklege trekk kan du sjå på for å analysere korleis verkelegheitsbilete som diskursar blir uttrykte i konkret språkbruk?
Fire lappar med ordpar der eitt ord er kryssa ut og eitt ord står att: "norskpakistansk" (utkryssa) og "pakistansknorsk", "norsksomalisk" (utkryssa) og "somalisk norsk", "fremmedkulturell" (utkryssa) og "flerkulturell" og "3. generasjons innvandrer" (utkryssa) og "norsk". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kritisk diskursanalyse bruker analysen av grammatikk og ordval til å sjå på korleis makt blir realisert gjennom språket. Her skal vi sjå på nokre konkrete grammatiske og språklege trekk som er spesielt eigna til å skape ulike verkelegheitsbilete. Å identifisere slike verkelegheitsbilete er målet for ein diskursanalyse.

Agens og handlingar

Omgrepet agens beskriv den som utøver handlinga i ei setning. Ofte er det subjektet i setninga, men ikkje alltid. Ulike grammatiske val kan framstille verkelegheita på ulike måtar:

  • Ho øydela stemninga.

  • Ho sørgde for at stemninga vart øydelagd for alle dei andre.

  • Stemninga vart øydelagd.

  • Øydelegginga av stemninga gjorde at vi alle drog heim.

I den første setninga er ho agens, slik at i denne måten å framstille verkelegheita på er det tydeleg kven det var som øydela stemninga.

I den andre setninga er ho framleis agens, men i tillegg blir inntrykket forsterka av at dette er noko ho har gjort med vilje gjennom uttrykket ho sørgde for. Det er òg synleg kven som er patiens, den handlinga gjekk ut over: alle dei andre.

Den tredje setninga er det vi kallar ei passivsetning. Her er det ingen handlande part til stades, slik at fokuset er på handlinga sjølv og ikkje på kven som står bak ho.

Den fjerde setninga er ei nominalisering. Det kallar vi det når eit verb blir gjort om til eit substantiv, som her der verbet øydelegge blir substantivet øydelegging. Nominaliseringar fjernar fokuset både frå den som står bak ei handling, og frå handlinga sjølv. Her er hendinga framstilt som ein ting, og handlinga å dra heim blir det sentrale i utsegna.

Modalitet

Modalitet handlar om den ekspressive språkfunksjonen og er alle måtar ein språkbrukar kan uttrykke haldninga si til innhaldet i ei ytring på (Svennevig, 2020). Modalitet blir uttrykt på mange måtar: gjennom modale hjelpeverb (kan, vil, , skal), verbbøying og modifiserande setningar.

Valet av modalt hjelpeverb viser tydeleg ulike haldningar til saka i desse setningane:

  • Global oppvarming er menneskeskapt.

  • Global oppvarming vere menneskeskapt.

  • Global oppvarming kan vere menneskeskapt.

Verdiar

Ofte kjem verdiar til syne gjennom språket som evalueringar om kva som er bra eller dårleg, og kva som er viktig og nyttig (Fairclough, 2003). Adjektiv og adverb er ordklassar som viser evalueringar på ein tydeleg måte, gjennom skildringar som fin, stygg, betre, dårleg, smart, dumt.

Andre ord kan òg uttrykke verdiar gjennom å innta ei tydeleg positiv eller negativ haldning til det som blir beskrive: Hore er eit døme på ein måte å omtale kvinner på som gir tydeleg uttrykk for negative haldningar, mens gudinne er ein svært positivt ladd måte å omtale hokjønn på.

Eufemismar og dysfemismar er to ulike typar omskrivingar som har med tabubelagde fenomen å gjere. Ein eufemisme gjer ofte noko tabubelagt som sex eller død til noko meir vagt: å ligge med, å gå bort, å sovne inn. Banning er ein vanleg dysfemisme: ei omskriving som forsterkar tabuinnhaldet i eit uttrykk. Føkk nynorsk i staden for ned med nynorsken er eit døme på dette.

Perspektiv

På same måte som ein fotograf vel perspektiv og vinkling for å styre korleis motivet blir oppfatta, kan ein som produserer tekstar, òg bruke ulike perspektiv. Ein konflikt vil til dømes sjå svært ulikt ut frå perspektivet til dei ulike partane. Det er ikkje alle perspektiv som er like tydelege som i ein konflikt.

Perspektiv handlar òg om kven som har makta til å definere verda. Historiebøker har til dømes heilt fram til i dag stort sett vorte skrivne frå eit mannleg, vestleg perspektiv, men sidan dette perspektivet har vore så dominerande, verkar det som nøytralt. Derfor er det viktig å undersøke frå kven sin ståstad ein tekst framstiller verkelegheita.

Metafor og metonymi

Metafor er eit språkleg bilete som tek eigenskapane frå eitt fenomen og overfører det til eit anna. Resultatet blir ofte at eit bestemt perspektiv på verda følger med den eine metaforen. Eit døme er å snakke om flyktningstraumen. Denne metaforen gir eit inntrykk av ein masse av ansiktslause menneske som pressar på grensene. Då er det nærliggande å sjå på landegrensene som demningar som kan breste og skape ein "flaum" av framande.

Metonymi er eit språkleg grep der du erstattar eitt ord med eit anna, slik at dette gir ei bestemd vinkling. Synekdoke er ein type metonymi som går ut på å erstatte eit ord som står for ein del, med eit ord som står for heilskapen. Å kalle ei gruppe menneske for kloke hovud er eit døme på dette. Her står hovud for heile mennesket, men på denne måten blir ei side ved dei, intellektet, framheva over andre sider.

Kategorisering

Måten vi deler opp fenomen i kategoriar på, både speglar og formar korleis vi ser dei. Desse kategoriane er skapte av oss menneske, og dei forandrar seg med tida og mellom kulturar.

Nordmann som merkelapp for å kategorisere menneske er eit døme på ein kategori. Innhaldet er kulturelt og historisk fundert, og korleis slike kategoriar blir brukte, er med på å skape og spegle bestemde verkelegheitsbilete. At ordet bruker -mann for å beskrive menneske av alle kjønn, speglar eit syn på verda der mannen representerer det allmenne. Andre døme på kategoriseringar som speglar bestemde verkelegheitsbilete, ser du i biletet øvst.

Kjelder

Fairclough, N. (2003). Analysing Discourse - Textual analysis for social research. Routledge.

Hågvar, Y. B. (2017, 1. desember). Joar Skrede: Kritisk diskursanalyse. Norsk medietidsskrift ,24(4), 1–3. https://doi.org/10.18261/issn.0508-9535-2017-04-07

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse (3. utg.). Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Diskurs