Hopp til innhald

Fagstoff

Diskursanalyse: sosial praksis

Her får du eit døme på korleis du kan gjere greie for den sosiale og kulturelle konteksten og diskursordenen som teksten er ein del av, og kva diskursar som gjeld der.

I denne gjennomgangen skal vi vise korleis du kan gjere greie for, tolke og forklare sosial praksis i ein diskursanalyse av NRK-programmet Newton: "Puberteten – sex og sånn". Sjå episoden før du les analysen.

Sosial praksis handlar om kva som er den sosiale og kulturelle konteksten som er relevant for å forstå teksten. Det kan vere den offentlege debatten om eit tema, slik som i dømet vårt. Teoriar om diskurs handlar nettopp om at faktorar i samfunnet blir spegla i tekstar, som ulike diskursar eller mønster i måten å snakke om verda på.

Dette er ein tekst som handlar om pubertet og seksualitet, og vi skal sjå på den sosiale og kulturelle konteksten for programmet. Diskursordenen er òg ein del av denne kulturelle og sosiale konteksten.

Ein diskursanalyse kan gjerast meir eller mindre omfattande, frå ein fagartikkel til ei heil bok. Rammene for oppgåvene du jobbar med, vil avgrense kor mykje av den sosiale og kulturelle konteksten du skal skildre. I dette dømet trekker vi fram fleire sider ved den sosiale praksisen, mens det kan vere nok å trekke fram den du synest er mest relevant.

Diskursorden

Ein diskursorden er ein eller fleire diskursar som dannar mønster for korleis verkelegheita blir omtalt og oppfatta. Det kan vere nyttig å få eit overblikk over kva diskursorden som dannar ei ramme for teksten vi skal sjå på, for å kunne peike på nokre diskursar om seksualitet og barn som kan knytast til teksten vi skal analysere.

Ein diskursorden kan definerast som eit sosialt felt som har sine eigne perspektiv, ideologiar og verdiar. I dømet vårt peikar vi på diskursar frå fagfelt som medisin og naturvitskapen og institusjonar som NRK, skulen og familien. Vi ser òg på diskursar og identitet rundt alder og kjønn.

Seksualundervisning retta mot barn

Vi kan sjå Newton-programmet "Pubertet – sex og sånn" i lys av seksualundervisning retta mot barn og ungdom som sosial praksis. Korleis blir temaet omtalt i diskursordenen vi har definert, og kva ideologiar og maktrelasjonar kan påverke korleis vi snakkar om temaet?

Tekstar som tek for seg temaet i offentleg debatt, kan gi oss eit overblikk over kva som pregar denne sosiale praksisen. Som eit døme ser vi etter nokre generelle mønster i måten å snakke om seksualitet på i desse kjeldene:

Artikkel, Sykepleien: Helsedirektoratet vil vite hvordan seksualundervisningen egentlig foregår

Debattinnlegg, Dagsavisen: Seksualundervisning er mer enn penis i vagina

Medisinsk diskurs

I dei siste tiåra i Noreg har seksualundervisninga fått kritikk for å vere mangelfull og berre fokusere på kjønnssjukdommar og prevensjon. Denne måten å omtale seksualitet på har vore dominert av det vi kan kalle ein medisinsk diskurs. Dette er ein måte å snakke om mennesket på der sjukdom, biologiske prosessar og enkeltorgan er vanlege tema.

Sexpositiv og normkritisk diskurs

I norske medium ber ekspertar og ungdom om ein meir positiv og inkluderande seksualundervisning som ikkje berre snakkar om heterofil seksualitet. Tema som grensesetting, relasjonar og kjønnsidentitet blir òg etterlyste. Denne måten å snakke om seksualitet på kan vi kalle ein sexpositiv og normkritisk diskurs.

Naturvitskapleg diskurs

Newton er eit vitskapsprogram for barn. Forventningane våre til tekstar i denne sjangeren dannar ein kontekst som vi forstår innhaldet i programmet innanfor.

Denne programtypen kan beskrivast som folkeopplysning med basis i vitskap. Sjølve tittelen på programmet, Newton, gir assosiasjonar til naturvitskapen gjennom koplinga til ein av dei fremste vitskapsmennene i opplysningstida. Vi forventar ei "nøytral" framstilling av seksualitet, med omgrep og kunnskap frå naturvitskapen, ein naturvitskapleg diskurs.

NRKs eiga skildring av kvifor dei ville lage programmet, legg vekt på omsynet til opplysning: "Vi mener det er naturlig for Newton å opplyse barn også om denne siden av menneskekroppen og biologien" (Moe & Simonsen, 2015).

Dette sitatet kan tolkast i lys av den naturvitskaplege eller medisinske diskursen. Her blir menneskekroppen og biologien ord som signaliserer at innhaldet i programmet er forankra i naturvitskapleg kunnskap.

Du kan lese heile grunngivinga i kronikken frå NRK.

Ulike symbol for kjønn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Makt og identitet

Identitet kan bli sett på som eit produkt av diskursar. Korleis vi ser på eigen og andre sin identitet, blir påverka av diskursar om sosiale grupper. Desse diskursane blir skapte og attskapte på ulike nivå i samfunnet. Makt blir òg både spegla og påverka av desse diskursane. Kva for nokre ulike maktrelasjonar er relevante for korleis vi snakkar om seksualitet til barn?

Barn

Programmet kan sjåast på som del av ein bestemd tekstkultur av program retta mot barn. Her har det vore store endringar sidan dei første tv-programma for barn vart laga, og mange av endringane kjem av at kulturelle førestillingar om barn som gruppe har endra seg.

For hundre år sidan skulle barn "sjåast, men ikkje høyrest", og dei vart sett på som uskuldige skapningar som måtte vernast frå alt det umoralske i den vaksne verda. Skulen vart ein institusjon der barna både blir danna og skjerma. I dag har barn ein heilt annan status med tilhøyrande rettar. Ytringsfridom og rett på informasjon om saker som gjeld dei, er døme på dette. Samtidig har den absolutte autoriteten til vaksne vorte svekt for å gi rom for den aukande statusen til barnet og fridommen det har til å uttrykke seg.

Seksualitet og barn

Når det gjeld seksualitet og barn, verkar det som to ulike omsyn pregar mykje av debatten: På den eine sida eit ønske om å gi barn den informasjonen dei treng, og ikkje påføre barn skam for noko som er naturleg. På den andre sida eit ønske om å skjerme barn frå seksualiteten.

Det første omsynet kan henge saman med synet på barn som individ med rettar. Det andre omsynet kan tolkast i lys av synet på barn som uskuldige skapningar.

NRK speglar begge omsyna i § 22 i vedtektene sine: "NRK skal fremme barns rett til ytringsfrihet og informasjon, og skjerme barn mot skadelige former for innhold "(NRK, 1996).

Det er òg vanskeleg å manøvrere i relasjonen mellom vaksen og barn når det gjeld seksualitet. Vaksne skal ikkje vere deltakarar i barns seksualitet, det er klart definert som eit overgrep om nokon over 16 har seksuell omgang med nokon under 16. Å snakke med barn om seksualitet kan òg bli tolka som ein del av ein "grooming"-prosess der den vaksne misbrukar makta si over barnet til å gjere seg skuldig i overgrep under dekke av å vilje rettleie.

Kjønn

Kjønn er ein maktfaktor i samfunnet og spesielt innanfor seksualitet. Omtala av unge kvinners seksualitet har lenge handla om å avgrense ho for å unngå graviditet. Den seksuelle nytinga til kvinner har vore gjenstand for så stor skam at ho har vorte gjord heilt usynleg.

Organet som står for kvinneleg nyting, klitoris, vart ikkje kartlagt før 1998. Då viste forskaren Helen O'Connell at klitoris ikkje berre er "ei ert" som mange seksualundervisningsressursar omtaler han som, men eit ti cm langt organ (Tronstad, 2021).

Det er òg ulike moralske standardar for kjønn og seksualitet. Eit døme på dette ser du episoden "Hore" i serien F-ordet. Der møter vi norske ungdommar som gir uttrykk for dette: Jenter blir kalla lause og hore om dei ligg med fleire gutar, mens gutar får skryt og status av dei same handlingane. Viss du vil vite meir, kan du sjå heile episoden "Hore" i NRK-serien F-ordet.

Oppsummering

Ved å sjå på korleis temaet seksualundervisning og barn vart omtalt i den offentlege debatten i ulike kjelder, har vi kunna identifisere nokre mønster eller diskursar som går igjen i fleire av kjeldene. Dette kan vi bruke til å undersøke korleis teksten vi skal sjå nærare på, stiller seg til desse mønstera. Reproduserer eller utfordrar han dei?

I tillegg har vi sett på korleis identitetane barn, vaksen, kjønn og maktrelasjonar òg påverkar kva som er aksepterte måtar å snakke om temaet seksualitet på. Korleis blir desse identitetane og maktrelasjonane representerte i den konkrete teksten?

Tenk over / diskuter

Kva for nokre av desse punkta synest du best forklarer korleis du omtaler og oppfattar temaet seksualitet og ungdom?

Kjelder

Helmers, A. B. (2018, 10. mai). Helsedirektoratet vil vite hvordan seksualundervisninga egentlig foregår. Sykepleien. https://sykepleien.no/2018/05/helsedirektoratet-vil-vite-hvordan-seksualundervisningen-egentlig-foregar

Jørgensen, M. W. & Phillips, L. (2013). Diskursanalyse som teori og metode. Roskilde Universitetsforlag.

Larsen, H. (2008). Det diskursives dialektikk. En analyse av offentlige samtaler om kunst og kultur. Sosiologisk Årbok 2008, nr. 3-4, 63–84.

Moe, K. & Simonsen, C. (2015, 8. mai). Derfor viser vi barn hvordan sex foregår. NRK. https://www.nrk.no/ytring/derfor-viser-vi-barn-hvordan-sex-foregar-1.12350917

NRK. (1996). Vedtekter for Norsk rikskringkasting AS: NRK-plakaten. NRK. https://info.nrk.no/vedtekter/#plakaten

Riise, E. (2016, 29. april). Seksualundervisning er mer enn penis i vagina. Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/debatt/2016/04/29/seksualundervisning-er-mer-enn-penis-i-vagina/

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse (3. utg.). Cappelen Damm Akademisk.

Tronstad, T. T. (2021, 25. september). Er det en fugl? Er det en kleshenger? VG. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/jxl01p/er-det-en-fugl-er-det-en-kleshenger

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Diskurs