Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskursanalyse: debatten om Joikakaker

I denne oppgåva skal du analysere forholdet mellom tekst og kontekst i ein diskursanalyse av debatten om Joikakaker. Korleis har måten vi snakkar om samisk kulturell identitet på, endra seg?
Til venstre står ein hermetikkboks med namnet "Joika" og teksten "Joikakaker i viltsaus" saman med bilete av kjøttbollar i ei gryte og ein stereotypisk illustrasjon av ein samegut. Til høgre står pappemballasje med namnet "VILTi" og teksten "Joka heter nå VILTi". Her står biletet av kjøttbollar saman med stiliserte samiske kulturelement. Fotokollasj.

Fleire viktige debattar i dagens samfunn er knytte til likeverd og menneskerettar. Ikkje minst har framstillinga av urbefolkningar fått meir merksemd dei siste åra. Auka medvit gjer oss merksame på korleis bruk av språk og symbol kan spegle haldningar. Dette kan vere teikn på diskursiv kamp: at nye diskursar utfordrar "sanningar" som er tekne for gitt, og gjeldande måtar å forstå og snakke om eit tema på.

Når Joikakaker som merkenamn no har forsvunne ut av butikkhyllene og vorte erstatta av namnet VILTi, er det fordi diskursen om samar og andre urfolk har endra seg. I denne oppgåva skal du gå inn i tekstar om temaet og analysere forholdet mellom tekst og kontekst i ein diskursanalyse.

Det kan vere lurt å jobbe i grupper med denne oppgåva, slik at de får lese fleire tekstar og diskutert desse saman.

Del 1. Kva veit du om samisk kulturell identitet?

Kva veit du om samisk kulturell identitet frå før? Skriv ned alt du kjem på. Nokre stikkord som kan hjelpe deg:

  • urbefolkning

  • fornorskingspolitikk

  • kulturell appropriasjon

  • samisk språk og kultur

Del 2. Finn aktuelle tekstar

For å forstå dei ulike synspunkta i Joikakake-debatten, må vi ha meir kunnskap om den kulturelle og sosiale konteksten for debatten. Først då kan vi forstå kva haldningar og verdiar som pregar korleis vi forstår og snakkar om dette. Du kan gjere eigne nettsøk og/eller bruke forslaga våre her:

Fordel tekstane mellom dykk i gruppa, les og noter stikkord: Kva status har samar hatt i Noreg før? Kva status har dei i dag?

Diskursen om Joikakaker

Vel ut tekstar om temaet for å sjå kva slags talemåtar og verkelegheitsbilete som kjem til uttrykk i konkret språkbruk. Sjølve Joikakake-boksen kan òg vere ein av tekstane de ser på. De kan velje blant tekstane under og/eller finne andre tekstar:

Tre innlegg i eit kommentarfelt. Namna på personane er sladda. Skjermdump.
Teksten i skjermdumpen frå Resett

Person 1: Dette blir bare dummere og dummere. Hva er liksom feil med Joika?

Person 2: Ingenting, men dem sier jo i klare ordelag at dette egentlig handler om den globale revolusjonen for å "utslette hvithet".

Person 3: Sametinget og de overbetalte i Samerådet (som skal ha like stor inntekst som de som styrer hele Norge), har en ekstra grunn, som de "vanlige kommunistene" ikke har. Som du ser, kaller de seg urfolk. Selv om nordmennene allerede bodde her da samene trengte seg inn på Nord-Kalotten.

Et utmagret reinsdyr på nedbeitede overfylte gjeteområder hadde vært noe å ha på pakken.

Del 3. Les og analyser tekstane

Målet med diskursanalysen er å gjere greie for dei ideologiane og dei sosiale og kulturelle faktorane som både former tekstar og blir forma av dei.

Steg 1. Analyser

Fyll ut eit skjema for kvar av tekstane de tek for dykk i diskursanalysen. De kan jobbe saman eller kvar for dykk på dette steget.

Tips til analyse av sjølve teksten:

  • I artikkelen Tekst og verkelegheitsbilete får de tips til korleis ideologi og kultur kjem til uttrykk i språket. Dette får de bruk for når de skal analysere sjølve teksten i "Tekstanalyse del 1" i skjemaet under.

  • De kan òg analysere korleis grupper og aktørar blir representerte i tekstane. Dette kan de lese om i artikkelen Diskurs og identitet.

Steg 2. Samanfatt og diskuter

Del og les gjennom notata frå gjennomgangen av tekstane i steg 1 i gruppa. Diskuter så følgande spørsmål:

  1. Kva pregar diskursen om Joikakakene og samisk kulturell identitet? Fant de teikn på diskursiv kamp, det vil seie at det er fleire ulike tankesett som slåst om å få definere korleis ein skal forstå temaet?

  2. Kva grupper eller menneske trur de har makt til å legge føringar for kva vi kan seie om dette temaet, og korleis vi snakkar om det?

  3. Kva for nokre ulike verdiar og haldningar kjem fram i tekstane de har sett på?

  4. Kva er årsaka til at diskursen om samiske forhold ikkje liknar debatten for til dømes hundre år sidan?

  5. Fann de tekstar som braut mønsteret og kom i konflikt med rådande verdiar og normer? Viss ja: på kva måte? Viss nei: Kvifor trur de at tekstar som bryt med rådande diskurs, ikkje er så lett å finne?

Relatert innhald

Kulturell appropriasjon er eit viktig omgrep å kjenne til når ein låner element frå andre folkegrupper og kulturen deira.

Teorier om diskurs kan òg brukast til å utforske korleis språkbruk uttrykker og formar identitet.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Diskurs