Hopp til innhald

Fagstoff

Diskursanalyse: teksten

Korleis skaper konkret språkbruk bestemde perspektiv på verkelegheita? Her får du eit døme på tekstnivået av ein diskursanalyse.

I denne gjennomgangen skal vi vise korleis du kan gjere greie for, tolke og forklare tekstnivået i ein diskursanalyse av NRK-programmet Newton: "Puberteten – sex og sånn". Sjå episoden før du les analysen.

Her skal vi sjå på utvalde trekk ved språket i sjølve teksten for å sjå korleis ulike verkelegheitsbilete kjem til uttrykk i han, sett i lys av diskursar og den sosiale og kulturelle konteksten.

I ein slik analyse nærles vi teksten, og vi bruker kunnskap om språk og tekst til å undersøkje korleis teksten framstiller verkelegheita. Du kan lese meir om dette i artikkelen Tekst og verkelegheitsbilete.

Identitet og subjektposisjonar

I den delen av analysen som tek for seg sosial praksis, peikar vi på to posisjonar som går att i debatten om temaet seksualundervisning for barn: å skjerme barna frå seksualitet og seksualisering og å gi dei den opne og direkte informasjonen dei har krav på, som ikkje påfører dei skam.

Sårbare barn og omsynsfulle vaksne

Desse to måtane å sjå barn og seksualitet på inneber ulike subjektposisjonar for barn og vaksne. Den første gjer barna til sårbare vesen som kan bli forstyrra og traumatiserte av å lære for mykje om seksualitet. Den vaksne må ta ein omsynsfull og vernande posisjon.

Små forskarar og nøytrale kunnskapsformidlarar

Den andre posisjonen gjer barna til kunnskapssøkande, kompetente aktørar, små forskarar. Å få ikkje-dømmande, open og direkte informasjon om seksualitet er noko som styrker barna og gjer dei i stand til å ta eigne val, utvikle ein sunn seksualitet og verne seg frå overgrep. Den vaksne får ein posisjon som skal kombinere det å vere nøytral formidlar av naturvitskapleg og medisinsk kunnskap om seksualitet med ei sexpositiv innstilling.

Flaue vaksne

Heilt i starten av episoden kjem ein svart tekstplakat med ei åtvaring retta mot foreldre og andre vaksne om at "[d]et er normalt for enkelte foreldre å bli flaue. Dere er herved advart".

Foreldra blir omtalte som de, mens Newton-redaksjonen er ikkje slike flaue vaksne som ikkje klarer å snakke om seksualitet og kropp utan å raudne. Det kan òg tolkast som ein måte å la stemmene til barna sleppe til på, ved å ta perspektivet deira på korleis vaksne oppfører seg når dei skal snakke om temaet.

Perspektivet til barna

Programleiar Line Jansrud kjem inn på settet som er utforma som ein garderobe. Dette er òg ein måte å framstille temaet frå barns perspektiv på. Garderoben er ein vanleg arena i kvardagen: i gymtimane og på trening. Der kler dei av seg og er kanskje flaue over sin eigen kropp og nysgjerrige på kroppane til andre.

Ideologi

Ideologiar er perspektiv som er med på å halde oppe maktforhold. Hegemoniske er måtar å sjå verda på som har utkonkurrert andre perspektiv, slik at dei har fått status som objektive sanningar. Ein slik hegemonisk diskurs som vi kan peike på i denne teksten, er den. Det er ein ideologi som framhevar heteroseksualiteten som norm.

Teksten utfordrar denne diskursen når programleiaren snakkar om forelsking, då snakkar ho om "jenter som liker jenter, og gutar som liker gutar" som moglegheiter som den enkelte må finne ut av sjølv. Når segmentet om samleie startar, blir det presentert som "når til dømes ein mann og kvinne skal ha sex". Ved å setje til dømes framfor mann og kvinne blir det antyda at dette ikkje er den einaste konstellasjonen som er mogleg. Denne måten å snakke på høyrer inn under ein meir inkluderande seksualitetsdiskurs.

Elles er det eit heteronormativt perspektiv på seksualitet som kjem fram: Det å ha sex blir framstilt eintydig som penis blir stukke i vagina. Dette kan kanskje forklarast med at programmet berre skal gi ei nøytral innføring i grunnleggande seksualitet. Kva reaksjonar trur du hadde komme frå foreldre om Newton hadde vist fram sex mellom to menn? Det er eit viktig poeng at hegemoniske diskursar har nettopp den eigenskapen at dei verkar som nøytrale, objektive og akseptable måtar å snakke om verda på.

Kjønn

Når det gjeld kjønn og makt, viser teksten forståing for det å snakke om seksuell nyting på ein likestilt måte, både når det gjeld samleie og onani. Noko som reflekterer ein meir tradisjonell kjønnsdiskurs, er modellane av kjønnsorgan som blir brukte til å vise korleis samleie blir utført. Her er klitoris berre markert som ein liten rosa prikk. Her kunne ein modell av heile dette organet sett kvinneleg seksualitet meir i sentrum.

Seksualitetsdiskursar

Når vi ser på den sosiale praksisen rundt teksten, peikar vi på nokre mønster i måten å snakke om seksualitet på i seksualundervisninga. Vi definerer ein medisinsk diskurs, ein naturvitskapleg diskurs og ein sexpositiv og inkluderande diskurs. Vi ser òg på nokre mønster i koplinga mellom barn og seksualitet. Korleis kjem desse til uttrykk i språket i denne konkrete teksten?

Ordval

Språk og ordval er tilpassa målgruppa med bruk av barnslege omgrep som tissen for kjønnsorgan. Dette er òg ein eufemisme, det vil seie ei omskriving som fjernar tabuinnhald frå omgrep. Denne eufemismen vektlegg ein meir aseksuell funksjon av kjønnsorgana, noko som kan tolkast som ein måte å skjerme barna på. Programleiaren bruker samtidig slangord som pule og knulle for samleie, dette er dysfemismar, omskrivingar som forsterkar tabuinnhaldet. Her bruker ho eit språk som mange av dei eldste barna vil kjenne igjen frå kvardagen sin, og ho viser ei uredd innstilling til eit tabubelagt tema.

Heilt til slutt ser programleiar inn i kameraet og seier: "Poenget er å lage barn – for elles hadde det ikkje vore folk igjen på planeten vår". Denne forklaringa er ein typisk naturvitskapleg måte å forstå eit fenomen på, ut frå kva slags biologisk funksjon det har. Planeten er eit ord som òg høyrer heime i ei naturvitskapleg forståing av verda. Ved å avslutte programmet med denne forklaringa, blir framstillinga plassert inn i ein naturvitskapleg diskurs igjen.

Agens og pronomenbruk

I introen bruker Jansrud dei personlege pronomena ditt og deg, direkte tiltale i andre person: "Utsjånaden din blir forandra." "Puberteten gir deg ein ny kropp. Som kan lage barn. Viss ein har sex." Dei unge sjåarane er på denne måten til stades i framstillinga, det er kroppane deira det er snakk om.

Utover i programmet endrar pronomenbruken seg, slik at agens blir flytta frå deg til mann og kvinne og til slutt penisen inn i vaginaen.

Temaet onani blir presentert slik: "Så over til det alle byrjar med før eller sidan, men sjeldan snakkar om: Å kose med sitt eige kjønnsorgan." "Viss jentene gnir på ... eller gutane gnir på ..., så kan dei til slutt få orgasme." Her er subjekta omtalte i tredjeperson med sitt, dei, jentene og gutane. Dette kan vere eit uttrykk for ønsket om å ikkje seksualisere dei unge sjåarane. Det handlar ikkje om deg lenger, men om jenter og gutar generelt.

I skildringa av samleie er pronomenbruken endå meir upersonleg. Her har subjekta vorte vaksne eller er berre representerte gjennom kjønnsorgan: mann og kvinne og penisen inn i vaginaen. Språkbruken her speglar og held oppe grenseoppgangane mellom seksualiteten til barn og vaksne.

Oppsummering

I ei nærlesing av teksten ser vi korleis språket er med på å konstruere og spegle ulike verkelegheitsbilete og diskursar. Kravet om å vere open og direkte, men ikkje upassande seksualiserande med barn som målgruppe, blir vareteke ved å skape nærleik og avstand gjennom pronomenbruk.

Den sexpositive diskursen er tydeleg i måten å snakke om pubertet, forelsking og onani på, mens det er den naturvitskaplege diskursen som dominerer framstillinga av samleie, noko som òg er med på å skape ein "trygg" avstand mellom vaksen seksualitet og dei unge sjåarane.

Tenk over / diskuter

Kva tenker du er forskjellen på ein slik diskursanalyse og ein "vanleg" analyse i skulesamanheng?

Kjelder

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse (3.utg.). Cappelen Damm Akademisk.

Larsen, H. (2008). Det diskursives dialektikk. En analyse av offentlige samtaler om kunst og kultur. Sosiologisk Årbok 2008, nr. 3-4, 63–84.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Diskurs