Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teoriar om diskurs: Jobb med omgrepa

Jobb saman med å forstå omgrepa om diskursar og diskursanalyse.
Firkanta figur som viser tre nivå for kritisk diskursanalyse. Gul firkant med ordet "tekst" inst, oransje ramme med orda "diskursiv praksis" imellom og raud ramme med orda "sosial praksis" ytst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Få grep om omgrepa

  1. Les denne artikkelen om diskursomgrepet.

  2. Lag eit notat med tre kolonnar slik vi har gjort nedanfor. Vi har fylt ut omgrepa, og så kan du skrive inn forklaringa di på omgrepa i andre kolonne. I den siste kolonnen skriv du eventuelle spørsmål viss det er noko ved omgrepet du synest er uklart eller ikkje forstår. Vi har òg laga skjemaet i eit dokument du kan laste ned.

  3. Del notatet ditt med ein medelev, og sjå om de kan hjelpe kvarandre med å finne ut av det som er uklart.

  4. Ha speed-datar med andre par i klassen. Bruk to minutt på kvar date, og gå igjennom den forklaringa som er mest uklar frå kvart par. Revider notata dykkar etter kvart som de høyrer kva dei andre har komme fram til.

  5. Diskuter først i par, så i klassen: Kva kan de bruke desse omgrepa til?

diskursomgrep

Omgrep

Forklaring

Uklart/spørsmål

diskurs

sosialkonstruktivisme

internalisering

eksternalisering

objektivering

diskursiv kamp

hegemoni

ideologi

liberalisme

sosialisme

individualisme

kollektivisme

kritisk diskursanalyse

diskursiv praksis

sosial praksis

diskursorden

Filer

Kjelde

Fairclough, N. (1995). Critical Discourse Analysis: The Critical Study of Language. Longman.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2021

Læringsressursar

Diskurs