Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er diskurs?

Kva betyr omgrepet diskurs, og korleis bruker vi det i møte med ulike tekstar?

Diskurs

Ordet diskurs kan i daglegtalen brukast synonymt med samtale. I språkvitskapen (lingvistikken) vart diskursomgrepet tidlegare brukt om mønster i språkbruk over setningsnivået. I samfunns- og språkvitskapen i dag blir diskursomgrepet som oftast brukt om tekst i kontekst, etter at den franske filosofen Michel Foucault byrja å bruke det på denne måten. Det er denne siste tydinga av omgrepet diskurs vi skal sjå nærare på her.

Diskurs er mønster i måten vi snakkar om verda på, som gir føringar for kva vi kan seie om noko, korleis vi snakkar om det, kven som snakkar, og korleis dei omtaler andre aktørar og grupper. I nokre teoretiske retningar kan diskursar òg omfatte handlingar og objekt som er med på å skape meining.

Desse mønstera tvingar fram ein versjon av sanning eller verkelegheitsoppfatning på kostnad av andre måtar å sjå verda på. Eit kvardagsleg omgrep som kan brukast for å forstå diskursomgrepet, er "tankegang". Det betyr ein bestemd måte å tenke om verda på, så det kan brukast som ein "light-versjon" av diskurs-omgrepet viss du synest det er vanskeleg å få tak på kva omgrepet inneber.

Tenk over / diskuter

Kva for nokre ulike måtar å snakke om seksualitet på finst det i dei fellesskapane du er deltakar i? Kva for nokre ulike oppfatningar av seksualitet ligg bak desse? Korleis trur du desse ulike måtane å omtale seksualitet på påverkar oss?

Tips

Viss du synest det er vanskeleg å få grep om kva diskursar er, kan du også lese denne forenkla versjonen av artikkelen. Han er laga for norskfaget.

Teksten både formar og blir forma av konteksten

Teoriar om diskurs peikar på at tekstar oppstår i ein bestemd kulturell og sosial kontekst, men dei kan òg påverke desse kontekstane. Diskursane produserer kunnskap som formar den sosiale verkelegheita, fordi institusjonane og menneska blir tvinga til å snakke og handle innanfor desse diskursane. Dermed blir mønstera gjentekne til dei blir så sterke at vi oppfattar dei som naturlege og objektive, som det vi kallar sunn fornuft eller tek for gitt.

Teoretisk bakgrunn: sosialkonstruktivisme

Diskursteori bygger på ei forståing av samfunnet som blir kalla sosialkonstruktivisme. Dette seier at når vi samhandlar med andre i samfunnet, skaper vi ei felles verkelegheit (Tjora, 2020). Sosiologane Berger og Luckmann sette ord på tre prosessar som er verksame når vi skaper sosial kunnskap:

  • internalisering: Vi som lever i eit samfunn, tek umedvite til oss normene og strukturane i samfunnet, slik at dei blir ein del av våre eigne forventningar til verda.

  • eksternalisering: Forventningane våre til verda bidreg til å attskape den sosiale verkelegheita som har forma oss.

  • objektivering: Forventningane som stadig blir internaliserte og eksternaliserte av aktørane i eit samfunn, blir til sosiale strukturar som vi sluttar å setje spørsmålsteikn ved. Vi tek dei for gitt og oppfattar dei sosialt skapte strukturane som objektive.

Dette betyr ikkje at vi ikkje lever i ei fysisk og objektiv verkelegheit, men det betyr at måten vi oppfattar denne fysiske verkelegheita på, bestemmer korleis vi tenker om ho og handlar i ho.

Eit døme

Lenge var det i vestleg vitskapstradisjon ei etablert sanning at menneska var inndelte i ulike rasar som var meir eller mindre utvikla, etter inspirasjon frå Darwins evolusjonsteori. Dette skapte ei sosial verkelegheit der menneske vart klassifiserte og behandla svært ulikt avhengig av kva hudfarge dei hadde. Slavehandelen og koloniseringa av Australia var berre mogleg fordi ein ikkje såg på afrikanarane og aboriginane som medmenneske, men nærare dyr enn menneske.

Etter kvart har det vorte sett spørsmålsteikn ved denne måten å sjå mennesket på, og i dag er det semje om at rasar blant menneske er ein sosialt konstruert kategori. Måten vi tenker og handlar på, har forandra seg i takt med at desse oppfatningane har vorte diskrediterte, sjølv om vi menneske fysisk er dei same no som vi var før. Det som har forandra seg, er korleis vi oppfattar oss sjølve og andre.

Kamp om makt

Diskursane blir brukte av ulike grupper til å kjempe for sine interesser, og vi seier at det går føre seg diskursive kampar om kven sine verkelegheitsbilete som får dominere. Når ein diskurs har "vunne" denne kampen slik at dette har vorte den dominerande måten å omtale verda på, seier vi at han får hegemoni. Diskursar kan bidra til å stadfeste maktrelasjonar eller til å utfordre dei.

Dette betyr ikkje at diskursar handlar om synspunkt. Ein diskurs kan nemleg òg innehalde motsetningsfylte utsegner som rører seg innanfor den same ramma for kva som er naturleg og teke for gitt, kva kan seiast, og kva som ikkje er akseptert.

Eit døme på dette kan vere korleis USAs president George W. Bush og Al Qaida-leiar Osama bin Laden utvilsamt var motpartar i konflikten, samtidig som begge to omtalte USAs inntog i Midtausten som eit korstog (Myrtveit, 2021).

Ideologiar

Ein viktig bakgrunn for maktkampen i samfunnet er . Dette er bestemde verdiar og førestillingar som er felles for ei gruppe menneske. Nokre ideologiar er eksplisitte, slik som og . Maktkampen mellom desse ser vi svært tydeleg i politikken med høgre- og venstresida med kvar sin ideologiske ståstad. Men andre ideologiar er ikkje like tydelege og formelt definerte. og , feminisme og er døme på slike ideologiar (Svennevig, 2020).

Desse ideologiane kan vi finne igjen i måtar å beskrive verkelegheita på. Ein feminist og ein anti-feminist vil velje ganske ulike ord for å beskrive eit fenomen som kjønnskvotering, til dømes. Samtidig vil begge aktørane legge fram sitt syn som naturleg, og dei vil framheve svært ulike verdiar og sider ved saka.

Kritisk diskursanalyse kan avsløre ideologi og makt

Ideologien eller maktforholda som ligg bak diskursane, er ikkje alltid like lette å sjå, fordi desse måtane å omtale verkelegheita på verkar naturlege eller objektive. Derfor er målet med diskursanalysen å avsløre nettopp ideologiar og maktrelasjonar som ligg bak måtar å omtale verda på, slik du kan ta stilling til dei.

Studiar av korleis diskursar påverkar maktforhold i samfunnet, blir kalla kritisk diskursanalyse. Denne greina av diskursteori har vorte fremma av teoretikarar som Norman Fairclough, Theo Van Dijk og Ruth Wodak, og ho kan seiast å ha ei meir praktisk tilnærming enn teoriane til Michel Foucault (Blommaer & Bulcaen, 200).

Tenk over / diskuter

Kva for nokre ulike ideologiar ligg bak desse ordvala: "flyktningar", "lykkejegerar", "migrantar"?

På kva måtar blir ungdom som gruppe omtalt på i ulike samanhengar i dag? Kva for nokre ulike maktrelasjonar mellom ungdom og vaksne kan ligge bak dei ulike omtalene?

Er det kjønnsforskjellar her, blir til dømes unge gutar omtalte på ein annan måte enn unge jenter?

Firkanta figur som viser tre nivå for kritisk diskursanalyse. Gul firkant med ordet "tekst" inst, oransje ramme med teksten "diskursiv praksis" imellom og raud ramme med teksten "sosial praksis" ytst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis kan vi bruke diskursomgrepet?

Diskursteorien seier at vi kan avdekke desse mønstera i språk og tanke ved å undersøke konkrete tekstar og annan språkbruk knytte til konteksten dei oppstod i. Konteksten er alt det som gir orda meining, slik som situasjonen, institusjonen og kulturen teksten oppstod i.

Ei slik undersøking blir kalla diskursanalyse. Vi kan gjere ein diskursanalyse på mange ulike måtar med fokus på ulike sider ved teksten og konteksten. I grove trekk handlar diskursanalyse om å analysere det språklege nivået i tekstar sett i lys av korleis teksten blir produsert og motteken (diskursiv praksis), og den kulturelle og samfunnsmessige konteksten som ein tekst inngår i.

Analyse av ordval, metaforar, verdilading og til og med grammatiske trekk som modalitet og aktive og passive verbformer blir sett i samanheng med ideologiar og trekk ved den sosiale og kulturelle konteksten.

Diskursordenar

Korleis identifiserer du analyseområdet for ein slik diskursanalyse? Det er mange måtar å avgrense området for ein diskursanalyse på, men det enklaste kan vere å sjå på eit bestemt tema og korleis det blir omtalt av bestemde aktørar. Eit nyttig omgrep er diskursorden, som er ei gruppe diskursar som er aktive innanfor eit bestemt område (Jørgensen & Phillips, 2013).

Desse ulike diskursane kan overlappe kvarandre, dei kan ha ein sameksistens der dei ikkje er i konflikt med kvarandre, eller dei kan stå i skarp motsetning til kvarandre. Nokre diskursar kan ha så stor innverknad at dei siv inn i andre diskursordenar. Dette blir kalla interdiskursivitet.

Eit døme på dette som diskursteoretikaren Norman Fairclough (1993) har peika på, er den økonomiske diskursen med marknadstenkinga. Denne har påverka både korleis vi ser på oss sjølv som varemerke, og korleis offentlege tenester, som til dømes utdanning, blir forstått som tenesteytarar i ein marknad, med studentar og elevar som kundar.

Når du tek for deg eit bestemt tema omtalt av bestemde aktørar, har du definert ein diskursorden. Det er innanfor dette feltet du vil finne ulike diskursar.

Eit døme

Sosiale medium er eit relativt nytt fenomen, og måten vi har omtalt og forstått dette på, har gått gjennom mange endringar. I tidlege fasar dominerte det sosiale aspektet ved sosiale medium i korleis dei vart omtalte, vi kan kalle dette den sosiale diskursen. Dette kan vi òg sjå i lys av det Fairclough i Svennevig (2020) kallar konversasjonalisering: at talemåtar frå kvardagslege samtalar blir brukte i offentleg språkbruk. Dette gjer grensene mellom privatliv og offentleg liv uklare.

Facebooks formål ("mission statement") på denne tida var eit godt døme på språkbruk som bidrog til å skape dette verkelegheitsbiletet: "To give people the power to share and make the world more open and connected." Teknologi har høg status i samfunnet vårt, og gründerane bak ulike sosiale medium hadde lenge definisjonsmakta i debatten om dette fenomenet.

I seinare år har kritiske stemmer frå andre delar av samfunnet (samfunnsvitarar, psykologar, brukarar sjølve) peika på at forretningsmodellen til dei fleste sosiale medium er bygd på å samle inn store mengder detaljerte persondata frå brukarane. Desse dataa sel så media til annonsørar som kan bruke informasjonen til å lage målretta reklame.

Facebook og andre selskap gir ikkje brukarane makt, sjølv om det er dette Facebook seier i sin "misson statement" over. Det er tvert imot dei sjølve, annonsørane og andre aktørar som får tilgang til personopplysningane våre, som får makt.

Den sosiale diskursen skjulte dette maktforholdet og hadde nok eit hegemoni i den første tida, men stadig fleire kritiske omtaler utfordra dette verkelegheitsbiletet.

I dag er det nok rett å seie at denne kritiske diskursen om fenomenet sosiale medium har vorte den dominerande, der negative effektar som dårleg sjølvbilete, "FOMO" (redsel for å gå glipp av noko) og personvern-skandalar dominerer. Dei fleste snakkar òg om forretningsmodellen til dei ulike selskapa og dei negative konsekvensane dette kan føre med seg.

Kjelder

Blommaert, J. & Bulcaen, C. (2000). Critical Discourse Analysis. Annual Review of Anthropology, 29, 447–466. https://doi.org/10.1146/annurev.anthro.29.1.447

Fairclough, N. (1993). Critical Discourse Analysis and the Marketization of Public Discourse: The Universities. Discourse and Society 4(2),133–168.

Grue, J. (2021, 25. januar). Diskursanalyse. I Store norske leksikon. https://snl.no/diskursanalyse

Jørgensen, M. W. & Phillips, L. (2013). Diskursanalyse som teori og metode. Roskilde Universitetsforlag.

Myrtveit, A. C. (2021). Korstog 3:3 Korstogene - fordømt og bejublet. Verdibørsen [Audio podkast]. NRK. https://radio.nrk.no/podkast/verdiboersen/l_695e3ac7-7a17-4ce4-9e3a-c77a177ce46f

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling. Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Cappelen Damm akademisk.

Tjora, A. (2020, 3. desember). Sosialkonstruktivisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/sosialkonstruktivisme

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2021

Læringsressursar

Diskurs