Hopp til innhald

Fagstoff

Diskurs og identitet

Diskursomgrepet kan òg brukast til å utforske korleis tekstar og andre meiningsskapande praksisar uttrykker og formar identitet.
Ein ung mann sit med hovudet i hendene og held ein mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskursteori handlar om korleis visse mønster i måten å omtale ting på formar kva vi oppfattar som gyldig sanning og kunnskap. Diskursar kan òg på denne måten forme korleis vi ser på oss sjølve og andre. Du kan bruke teori om diskurs til å analysere korleis identitetar blir konstruerte gjennom tekstar og annan språkbruk.

Subjektposisjonar

Eit viktig omgrep for å forstå korleis diskursiv identitet fungerer i begge perspektiva, er subjektposisjonar. Omgrepet kjem frå den franske filosofen Michel Foucault som beskreiv korleis vi blir sette på plass av ulike talemåtar. Ulike diskursar tilbyr ulike subjektposisjonar.
Viss eit barn kallar ei vaksen "mor" og den vaksne svarer, har dei vorte plasserte i ein viss identitet som det er knytt bestemde forventningar til (Jørgensen & Phillips, 2013).

Media er full av diskusjonar om dagens ungdom. Desse talemåtane dannar mønster som tilbyr dagens unge bestemde subjektposisjonar. Denne subjektposisjonen kan følge deg og definere deg ut over den konkrete situasjonen, slik at det er eit vidare omgrep enn "rolle". Å bli påkalla og "sett på plass" gjennom diskursar på denne måten, blir kalla interpellasjon.

Diskursar om ungdom

Diskursteoretikarane Ernst Laclau og Chantal Mouffe beskriv korleis nokre teikn blir knutepunkt for identitet (Jørgensen & Phillips, 2013). Eit teikn som "ungdom" kan få ulikt innhald frå ulike diskursar. Diskursar koplar saman klynger av teikn som saman bidreg til å fylle "ungdom" med ei bestemd meining. Slike klynger blir kalla ekvivalenskjeder, og du finn dei ved å undersøke kva ord som ofte blir brukte saman med eit ord som "ungdom", og dermed smittar over på tydinga av omgrepet.

Unge som offer for prestasjonssamfunnet

I dagens debattar om ungdom kan vi sjå omrisset av ein diskurs som beskriv ungdom som perfeksjonistiske, livsfjerne og med dårleg psykisk helse. Subjektposisjonen ein slik diskurs tilbyr, er som offer for prestasjonssamfunnet som er skapt av sosiale medium og utdanningssystemet.

"Generasjon prestasjon"

Ein ungdom som skriv lesarinnlegg om press og stress, skriv frå subjektposisjonen som blir tilboden i denne diskursen. Ole Jacob Madsen har skrive boka Generasjon prestasjon og foreslår at denne posisjonen som unge blir sette i gjennom ein "generasjon prestasjon"-diskurs, kan få unge til å kjenne etter symptom og problem dei elles ikkje ville tenkt over (Madsen, 2018).

Ziehe og "ungdomsdiskursen"

Madsen viser òg til Thomas Ziehes teoriar om "ungdomsdiskursen", som seier at det er ein måte å diskutere store samfunnsproblem på som held dei på ein behageleg avstand. Sosiale medium og prestasjonspress gjeld jo ikkje berre ungdom, sjølv om det kan verke sånn. Kor ofte blir mobilbruken til vaksne problematisert, til dømes?

Andre unge vil ikkje kjenne seg igjen i diskursen. Dei har kanskje andre problem som handlar om fattigdom og vald i heimen. Forsking har peika på at ungdommane som passar beskrivingane av "generasjon prestasjon" kjem frå middelklassen. Denne bestemde diskursen har ingen subjektposisjon for dei, slik dei fell utanfor verkelegheitsbiletet han skaper og blir usynlege.

Tenk over / diskuter

Gjer eit bilete-søk med søkjeordet "ungdom". Ser du nokon mønstre i korleis ungdom blir framstilt?

Kjenner du deg igjen i "generasjon prestasjon"-diskursen?

To perspektiv på diskurs og identitet

Eit diskursivt perspektiv på identitet kan delast opp i to kategoriar (Benwell & Stokoe, 2013):

  • At identitetar kontinuerleg blir konstruerte og spelte ut gjennom interaksjon i språk og tekst. Dette synet på diskursiv identitet vektlegg det dynamiske aspektet av identitet, der identitet kan vere heilt individuelt, mangesidig og endre seg med situasjonen.

  • At identitet blir bestemd av sosiale strukturar som klasse, makt, etnisitet og kjønn, som både speglast og blir forma i diskursar, og som plasserer individet i bestemde subjektposisjonar som "mann", "pasient" eller "utlending".

Tre personar som held ein plakat i samband med pride-paraden med teksten: "Some people are gay. Get over it." Foto.

Identitet som kontinuerleg konstruert

Laclau og Mouffe beskriv identitet som noko som berre finst i diskursane, fordi dei meiner at sosiale strukturar (kjønn, klasse, etnisitet) ikkje finst utanfor diskursane. Diskursane om kjønn, klasse og etnisitet blir så etablerte at vi ser på dei som objektive sanningar (Jørgensen & Phillips, 2013). Det at identitet er konstruert betyr ikkje at han ikkje eksisterer, men det betyr at han kan byggast opp på nytt, på nye måtar.

I dette perspektivet er identitet ein prosess. Identiteten blir til når vi handlar og kommuniserer på ein måte som uttrykker kven vi er. Dette gjer vi i samspel med andre, i ei slags forhandling om å bli godteken som det vi framstiller oss sjølv som.

Les meir om forhandling om identitet i kommunikasjonen i denne artikkelen om identitet og kommunikasjon frå kommunikasjon og kultur 1.

Tenk over / diskuter

Kva slags endringar i kva som er innanfor når det gjeld kjønnsidentitet har skjedd i Noreg dei siste hundre åra? Korleis trur du desse endringane har skjedd?

Identitet som produkt av sosiale strukturar

Edward Saids teori om orientalismen er eit døme på ein analyse av diskursiv identitet som eit resultat av sosiale strukturar. Forholdet mellom kolonimaktene i Vesten på den eine sida og Midtausten og Asia på den andre er ein sosial struktur som vart gjenspegla og forsterka gjennom ein orientalisme-diskurs.

Said brukte diskursteori for å beskrive korleis kolonimaktene i Vesten skapte den stereotypiske idéen om "Orienten" som samfunn som ikkje utvikla seg, og som mangla den vestlege, vitskaplege rasjonaliteten. Islam vart brukt som forklaring på dette, fordi han oppmuntra til "... irrasjonell underkastelse, memorering og skjebnetro" (Fosshagen, 2021).

Adjektivet "orientalsk" vart synonymt med primitiv, underlegen, framandt og til og med farleg (Said, 1978). Dette vart subjektposisjonen til menneske frå Midtausten og Asia.

Vestlege kolonimakter hadde lenge definisjonsmakta til å beskrive "dei andre" i utdanning, vitskap og kulturelle representasjonar. Det er denne definisjonsmakta Said og andre postkolonalistiske teoretikarar i nyare tid har jobba for å utfordre.

Tenk over / diskuter

Har du sett mange action-filmar der skurken kjem frå Midtausten?

Ser du spor av orientalismen i korleis menneske frå denne delen av verda typisk blir framstilte i populærkulturen?

Identitet som tek avstand

Orientalismen vart òg ein viktig del av sjølvbiletet til Europa og USA, for viss Orienten var underlegen og primitiv, måtte jo det bety at Vesten var overlegen og opplyst. Dette er eit viktig poeng: Når identitetar blir definerte gjennom språkbruk, blir dei definerte som ei motsetning til ei gruppe ein ønskjer å ta avstand frå. Maskulinitet blir òg tradisjonelt definerte i kontrast til det som blir sett på som feminint: svakheit, gråt, kjensler.

Islamofobisk diskurs gir muslimar bestemde subjektposisjonar

Eit slikt perspektiv på diskurs og identitet kan brukast til å sjå på korleis maktforhold gir seg utslag i diskursar som gir til dømes muslimar bestemde subjektposisjonar. "Muslim" er eit teikn som blir fylt av meining av bestemde diskursar som har oppstått spesielt etter 11. september-terroren. "Før 11. september var eg berre pakistanar. Etter var eg muslim" seier Abubakar Hussain i Urix-programmet "20 år med terror" (Iraki, 2021).

Ein islamofobisk diskurs om muslimar som farlege kan forklare forskjellane mellom korleis muslimske og kvite terrorsikta blir framstilte i media. VG-artikkelen "Er det enklere å menneskeliggjøre hvite terrorister?" viser eit døme på dette.

Tre menn med plakatar og ein blodflekt bylt i armane. På den eine plakaten står det på engelsk: "Islam er ikkje terrorisme, og terrorisme er ikkje islam". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metafor, metonymi og synekdoke

Kritisk diskursanalyse har som mål å avdekke maktrelasjonar og ideologi som formar diskursar, slik som den islamofobiske diskursen eller orientalisme-diskursen. Korleis kan ideologi kodast inn i språket?

George Philip Lakoff og Mark Johnson har skrive om system av som påverkar korleis vi ser på verkelegheita. Sjukdoms-metaforar er eitt døme. Eit døme er å omtale kriminalitet som noko som spreier seg som ein kreftsvulst. Dette framstiller problemet som ein sterk trussel, og dei kriminelle som ein ansiktslaus masse, ikkje som individ.

Metonymi er eit språkleg grep der du erstattar eitt ord med eit anna, slik at dette gir ei bestemd vinkling. Synekdoke er å erstatte eit ord som står for ein del, med eit ord som står for heilskapen. Å kalle ei gruppe menneske for "kloke hovud" er eit døme på dette. Her står "hovud" for heile mennesket, men på denne måten blir ei side ved dei framheva framfor andre. Å bruke ordet "islam" for å beskrive menneske som er muslimar, skjuler individualiteten deira.

Du kan lese meir om Lakoff og Johnson og korleis språk kan forme korleis vi ser på verkelegheita i denne artikkelen om språk og verkelegheit frå kommunikasjon og kultur 1.

Tenk over / diskuter

Gå saman i par og forklar desse omgrepa:

  • diskurs

  • subjektposisjon

  • interpellasjon

  • ekvivalenskjede

  • ungdomsdiskurs

  • kjønnsdiskurs

  • kontinuerleg konstruert identitet

  • performance

  • sosiale strukturar

  • orientalisme-diskurs

  • islamofobisk diskurs

Korleis kan du bruke omgrepa frå denne artikkelen til å utforske ung identitet?

Kjelder

Benwell, B., & Stokoe, E. (2013). Discourse and identity. Edinburgh University Press.

Fosshagen, K. (2021, 15. september). Orientalisme. I Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/orientalisme

Iraki, R. (Programleiar). (2021, 8. september). 20 år med terror [Episode i TV-serie]. I Urix. NRK. https://tv.nrk.no/serie/urix/202109/nnfa53090821

Jørgensen, M. W. & Phillips, L. (2013). Diskursanalyse som teori og metode. Roskilde Universitetsforlag.

Madsen, O.J. (2018, 29. desember). Om "Generasjon prestasjon": − Hva er det som feiler oss? VG. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/0e6rom/om-generasjon-prestasjon-hva-er-det-som-feiler-oss

Said, E. W. (1978). Orientalism. Routledge & Kegan Paul.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2021

Læringsressursar

Diskurs