Finn diskursane! - Kommunikasjon og kultur 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Finn diskursane!

Øv deg på å gjere diskursanalysar ved å sjå etter mønster i korleis vi snakkar om temaet gaming.

Før du set i gang med desse oppgåvene, er det lurt å ha sett seg inn i artiklane om diskurs som du finn i dette emnet.

Temaet vi skal utforske i denne oppgåva, er diskursar om gaming, altså det å spele data- og videospel.

1. Kva diskursar om gaming finn de?

  1. Individuelt: Tenkeskriv om temaet i tre minutt. Det vil seie: Skriv ned alle tankane du har om temaet, utan å vurdere eller redigere det du skriv.

  2. Gjer eit nettsøk på temaet gaming frå norske nettstader og sosiale medium, og skumles minst fem kjelder kvar. Lag korte samandrag av innhaldet i kjeldene.

  3. Gå saman i grupper på tre og del det de skreiv i dei to førre oppgåvene. Ser de nokon mønster i dette materialet?

  4. I klassen: Prøv å definere to eller fleire ulike gaming-diskursar som dekker mønstera de har funne i dei ulike materiala.

  5. Finn de berre ein diskurs? Kva for nokre andre skildringar av verkelegheita har denne diskursen utkonkurrert? Kven har interesser av at denne diskursen får dominere?

2. Gamer-identiteten

Gamer er eit viktig teikn i diskursane om gaming. Ofte "konkurrerer" ulike diskursar om å fylle slike sentrale teikn med tyding.

  1. Diskuter i gruppene: Korleis definerer de kva og kven ein gamer er?

  2. Teikna i diskursar blir definerte relasjonelt, det vil seie at dei får meining gjennom relasjonen til andre teikn. Mann får til dømes meining i relasjon til kvinne ved at teiknet mann blir definert som det motsette av innhaldet i teiknet kvinne.

    Kven er gamerar definert i motsetning til, altså kva og kven er "ikkje-gamerane"?

  3. Korleis blir gamerar representerte i kjeldematerialet dykkar? Undersøk både verbale og visuelle representasjonar, altså både bilete og tekst som beskriv gamerar.

3. Gaming og samfunnet

Diskursar oppstår i samspel med sosial praksis, altså krefter på det kulturelle og samfunnsmessige nivået. Det er ofte nyttig med teoriar og kunnskap om temaet i eit samfunnsperspektiv for å sjå diskursane i kontekst.

Les artiklane Korleis påverkar medium individet? og Korleis påverkar medium samfunnet?, og diskuter:

  • Kan noko av innhaldet i artiklane bidra til å forklare nokon av diskursane om gaming?

  • Har maktrelasjonar mellom klassar, kjønn, aldersgrupper eller produsent og forbruker nokon påverknad på korleis gaming blir forstått og framstilt?

  • Kan de komme på nokon kulturelle eller sosiale fellesskapar som ikkje sluttar seg til desse diskursane?

  • Kven tener på at desse diskursane får definere korleis vi ser på gaming?

4. Samanfatt og reflekter

Diskuter munnleg eller reflekter skriftleg:

  1. Var det vanskeleg å definere diskursane? Kvifor eller kvifor ikkje?

  2. Kunne de komme fram til andre diskursar om de hadde valt andre kjelder? Kvifor eller kvifor ikkje?

  3. Kva slags innsikt fekk de i temaet gaming ved å sjå etter diskursane, som de ikkje hadde sett om de berre hadde analysert til dømes argumenta?

  4. Kva er konsekvensane av dei ulike måtane å beskrive og tenke om gaming på? Altså: Korleis påverkar dei ulike diskursane samfunnet?

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er diskurs?

Kva betyr omgrepet diskurs, og korleis bruker vi det i møte med ulike tekstar?

Fagstoff
Diskurs og identitet

Teorier om diskurs kan òg brukast til å utforske korleis språkbruk uttrykker og formar identitet.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021