Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis gjere diskursanalyse?

Diskursanalysar bruker teoriar om diskurs til å sjå på korleis språk og tekst skaper bestemde verkelegheitsbilete. Her får du eit overblikk over korleis dette kan gjerast.
Raudhåra jente held opp eit ark med teksten #METOO. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teoriar om diskurs legg vekt på korleis verkelegheitsbilete eller ideologiar blir konstruerte gjennom ord og uttrykksmåtar i tekstar, og korleis dette påverkar samfunnet. Du kan lese meir om dette i artiklane Kva er diskurs? og Diskurs og identitet.

Her skal vi sjå på korleis du kan bruke desse omgrepa og teoriane om diskurs til å analysere tekstar i kontekst, i det vi kallar ein diskursanalyse.

Firkantet figur som viser tre nivåer for kritisk diskursanalyse. Gul firkant med ordet "tekst" innerst, oransje ramme med ordene "diskursiv praksis" imellom og rød ramme med ordene "sosial praksis" ytterst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kritisk diskursanalyse: tre nivå

Målet med ein diskursanalyse er generelt sett å sjå etter mønster i måtar å omtale eit fenomen på, såkalla diskursar, ved å sjå teksten i kontekst. Kritisk diskursanalyse er i tillegg oppteken av korleis sosial praksis og ideologi både påverkar og blir påverka av språket.

I modellen over ser du dei tre ulike nivåa i ein kritisk diskursanalyse: tekst, diskursiv praksis og sosial praksis.

Tekst

Her handlar det om å sjå på korleis konkret språkbruk skaper bestemde perspektiv på verkelegheita.

  • Reproduserer teksten eksisterande diskursar, eller utfordrar han dei og skaper nye mønster?

  • Korleis blir ideologiar, relasjonar og perspektiv konstruerte gjennom grammatikk, ordval, tone, stil og korleis ord er kjeda saman?

  • Korleis er teksten sett saman av ulike element og modalitetar?

  • Korleis blir identitetar, menneske og grupper representerte gjennom språket?

  • Det er òg mogleg å inkludere objekt og handlingar i ein diskursanalyse. Kjønnsdelte toalett er til dømes noko som kan bli sett på som ein del av ein kjønnsdiskurs ved at dei bidreg til å "sortere" menneske etter to kjønn.

Diskursiv praksis

Korleis blir teksten produsert og konsumert (motteken)? Dette nivået handlar om å undersøke situasjonskonteksten og den tekstuelle konteksten til teksten. Du vel ut kva sider av konteksten som du meiner er relevante for tolkinga av denne bestemde teksten.

  • Kva faktorar har påverka korleis teksten har vorte produsert?

  • Kva for sjanger/sjangrar høyrer teksten til? Korleis påverkar dette korleis teksten blir utforma og tolka?

  • Kven er avsendarar, og kva for ein ideologisk ståstad har dei?

  • Kven er mottakarar, og korleis tolkar dei teksten?

  • Kva andre tekstar må du sjå teksten i samanheng med, kva er den tekstuelle konteksten? Er teksten eit motsvar til andre tekstar? Er han i dialog med andre tekstar gjennom ? Kjem andre diskursar frå andre sosiale felt til uttrykk gjennom interdiskursivitet?

Sosial praksis

I ein diskursanalyse kommenterer du òg dei samfunnsmessige rammene for teksten, den sosiale og kulturelle konteksten. Kva er forholdet mellom teksten og det sosiale feltet eller diskursordenen han er ein del av? Kva diskursar er gjeldande i dette sosiale feltet?

  • Kva for nokre sosiale og kulturelle relasjonar og strukturar rammar inn produksjonen og mottakinga av teksten? Her er det relevant å gjere greie for ideologiar, sosiale strukturar og maktrelasjonar som kan påverke måten teksten din omtaler verkelegheita på.

  • Her må du òg finne kunnskap og teoriar utanom diskursteori som kan forklare dei ulike sosiale faktorane som er relevante for tematikk som blir teken opp i teksten du analyserer.

  • Er det motsetningar og konfliktar innanfor diskursane som kjem til uttrykk eller blir spegla i teksten, eller er diskursane samstemde i måten dei ser verkelegheita på? Kva verkelegheitsbilete blir avviste av ein slik eventuell eintydigheit?

Heilskap – delar – heilskap

I analysen vil du sjå at du må bevege deg frå konteksten til detaljar i teksten, altså frå heilskapen til delar. Det er viktig å vere open for å endre begge i lys av kva du finn i analysen din. Då må du kanskje tilbake heilskapen igjen og justere korleis du beskriv denne.

Fairclough seier at ein diskursanalyse skal beskrive, fortolke og forklare (Larsen, 2008). Å beskrive er å gjere greie for teksten og ulike sider ved konteksten. Når du fortolkar og forklarer, handlar det om å sjå delane opp mot heilskapen.

Målet med analysen er å sjå korleis tekstar både skaper mønster og blir forma av mønster (diskursar). Det er viktig å gjere seg opp eit bilete på førehand av kva desse mønstera er, men samtidig vere open for at det som kjem fram i tekstane gjennom nærlesing av dei, kan vere heilt andre mønster.

Du kan sjå døme på korleis tekstar kan analyserast i lys av dei tre nivåa i modellen, i desse tre ressursane:

Tips

Viss du synest det er vanskeleg å få grep på kva diskursar er, kan du òg lese ein forenkla versjonen av denne artikkelen, laga for norskfaget.

Kjelder

Fairclough, N. (1995). Critical Discourse Analysis: The Critical Study of Language. Longman.

Jørgensen, M. W. & Phillips, L. (2013). Diskursanalyse som teori og metode. Roskilde Universitetsforlag.

Larsen, H. (2008). Det diskursives dialektikk – en analyse av offentlige samtaler om kunst og kultur. Sosiologisk Årbok 2008, nr. 3–4, 63–84.

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse (3. utg.). Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2021

Læringsressursar

Diskurs