Bilete i kontekst
Hilde Honerud er kunstnar med fotografi som medium og førsteamanuensis i fotografi ved Universitetet i Søraust-Noreg. Over fleire år har ho teke bilete av menneske i flyktningleiren Moria på øya Lesbos i Hellas, og eit utval av bileta vart viste på ei utstilling på Nitja senter for samtidskunst våren 2022.
Tenk over / diskuter etter du har sett filmen
Kva slags bilete får du i hovudet når du tenker på ordet "flyktning"? Korleis er bileta av flyktningar i utstillinga samanlikna med bileta du tenker på når du høyrer ordet?
Kva trur du Hilde Honerud ønsker å seie med bileta sine?
Korleis hadde du tolka bileta om du ikkje hadde høyrt Honerud fortelje om konteksten?
I filmen snakkar Hilde Honerud både om konkrete verkemiddel i bileta i utstillinga "GYM" og om den kulturelle, sosiale og situasjonsmessige konteksten for bileta. Vi kan seie at den visuelle kommunikasjonen i kunsten hennar spelar på kulturelle førestillingar som tilskodaren har om flyktningar. Å reflektere over den sosiale konteksten bidreg òg til tolkinga av bileta, som til dømes forskjellar i makt og status mellom fotograf og menneska som blir avbilda, og publikum.
Biletanalyse med fokus på kontekst
I ein analyse av bilete er det vanleg å konsentrere seg om motiv og verkemiddelbruk, slik som vinkling, utsnitt, linjer, fargar og lys. Ved å trekke inn konteksten for biletet kan du opne nye perspektiv.
Her er nokre analysespørsmål du kan bruke for å trekke inn både den situasjonsmessige, den kulturelle og den sosiale konteksten til bilete du skal analysere:
Korleis blir menneske som er avbilda, framstilte? Gjer framstillinga menneska til noko framandarta, eller får ho deg som tilskodar til å kjenne nærleik og empati med dei som er avbilda?
Representerer avbilda menneske ei gruppe, eller verkar dei som individ? Kva status opplever du at dei har?
Kvar fotografen vel å peike kameraet, avgjer kva historie som blir fortald. Kva slags historie hadde biletet fortalt om kameraet hadde peika i ei anna retning i den same situasjonen?
Er motivet i biletet oppstilt, eller er det fanga akkurat no?
Korleis blir motivet vanlegvis avbilda? Utfordrar biletet etablerte førestillingar ved å framstille motivet på ein annleis måte, eller gjentek dei kjende motiv?
Kva sjanger høyrer biletet til i? Er det til dømes eit motefotografi, eit dokumentarfotografi eller kunstfotografi? Kva sjangertrekk knyter du til sjangeren, og korleis rettar biletet seg etter desse?
Korleis har tolkinga di av biletet endra seg frå førsteinntrykket til etter du har trekt inn og utforska konteksten til biletet?
Utforsk
Sjå på eit bilete du har teke nyleg. Kva historie hadde biletet fortalt om du hadde retta kameraet i ei anna retning i den same augneblinken?
Bruk analysespørsmåla på eit bilete du synest er interessant å utforske. Gir dei nye perspektiv på biletet?