Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på biletanalyse

Lær om bilete og visuell kommunikasjon, og bruk det du har lært, til å analysere eit bilete.
To unge kvinner i eit fotostudio. Den eine sit på ein stor, raud kasse med ein laptop på fanget, og den andre står bak ho og tek bilete av ho ovanfrå. Foto.

1. Vel eit bilete

Vel eit bilete eller ein tekst der det visuelle er veldig framståande, som du synest er interessant. Det kan til dømes vere eit reklamebilete på ein plakat eller i eit magasin, eit bilete i ei lærebok eller i sosiale medium, gatekunst frå nettet eller på ein vegg der du bur, ein filmplakat, eit platecover eller eit portrettbilete.

2. Lag ditt eige analyseskjema

I desse oppgåvene skal du bruke artikkelen "Bilete i kontekst" og artikkelen "Analyse av gatekunst".

  1. Gå inn på ressursen om bilete i kontekst og sjå filmen der kunstnar Hilde Honerud fortel om bileta ho har teke av flyktningar i Moria-leiren i Hellas.

  2. Noter stikkord som kan brukast i ein biletanalyse.

  3. Sjå dei tre filmane som ligg i artikkelen om analyse av gatekunst.

  4. Noter stikkord som kan brukast i ein biletanalyse.

  5. Sjå på dei skriftlege forslaga til analysespørsmål i begge artiklane. Kva spørsmål trur du vil passe best til biletet du har valt? Plukk ut eit utval på minst fem spørsmål. Bruk desse spørsmåla og stikkorda du noterte sjølv, til å gjere ein kort analyse av biletet ditt.

3. Presenter, diskuter og reflekter

  1. Gå saman i grupper på tre og presenter analysane for kvarandre. Bruk maks fem minutt på kvar analyse.

  2. Diskuter kva analysespørsmål som gav dei mest interessante analysane.

  3. Skriv ein kort refleksjonstekst der du vurderer kva som fungerte bra i dei ulike analysane, inkludert din eigen, og kva du har lært som kan brukast i andre analyseoppgåver der visuelle element er viktige.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse