Hopp til innhald

Fagstoff

Hollywood-modellen

Mange spelefilmar byggjer på den same dramaturgiske oppskrifta. Derfor kallar vi gjerne denne oppskrifta for Hollywood-modellen.
Hollywood-modellen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du har heilt sikkert sett mange spelefilmar som følgjer ein typisk dramaturgi etter Hollywood-modellen. I slike filmar driv karakterane handlinga framover, og handlinga er forårsaka av ein indre eller ytre konflikt. Det er ein mykje brukt dramaturgi med klassisk spenningsoppbygging og gjerne ein lykkeleg slutt.

Aristoteles si tredeling

Aristoteles i eit utsnitt av fresken "Skolen i Athen" av Rafael. Måleri.

Hollywood-modellen blir òg kalla Beretter-modellen eller den lineære modellen. Dramaturgien byggjer på Aristoteles sine tankar om korleis historia i eit drama bør setjast saman. Alle forteljingar kan delast i tre og har ei byrjing, ein midtdel og ein slutt, hevda Aristoteles i boka Poetikken i år 335 f.Kr.

I ein typisk spelefilm som byggjer på Hollywood-modellen, ser vi at Aristoteles sine idear framleis er gjeldande. Byrjinga på ein film handlar om å skape ei viss spenning og introdusere karakterar og konflikt. I midtdelen blir konflikten trappa opp før han når det dramatiske høgdepunktet sitt, og slutten av filmen gir oss ei løysing på problemet.

Modell for å analysere film

Når du tolkar film, kan du bruke Hollywood-modellen som utgangspunkt for å analysere handlinga og spenningskurva i filmen. Nokre gonger vil du oppleve at filmen følgjer Hollywood-modellen stramt. Andre gonger vil du merke at det er vanskelegare å tyde når anslaget går over i presentasjonen, eller så kan det vere litt utydeleg kvar vendepunktet og klimakset i filmen er.

Hollywood-modellen kan delast inn i ulike fasar. Desse er dei viktigaste:

  • Anslag
  • Presentasjon
  • Opptrapping
  • Vendepunkt
  • Klimaks
  • Konfliktløysing
  • Avrunding

Hollywood-modellen trinn for trinn

Anslag

Typisk for Hollywood-modellen er opningsscener som drar oss inn i historia og vekkjer nysgjerrigheita vår. Desse første minutta av ein film kallar vi anslag. Anslaget gir oss gjerne nokre hint om karakterar, miljø eller om noko som kan utløyse ein konflikt. Anslaget gir òg ein peikepinn på sjangeren. Er filmen til dømes eit romantisk drama, ein komedie eller ein actionfilm?

Å gjere

Sjå dei første fem minutta av Kongens tale.

  • Korleis forsøkjer anslaget å fange oppmerksemda vår?
  • Kva hint gir anslaget om hovudpersonen, miljø og moglege utfordringar hovudpersonen kan ha?
  • Gir anslaget oss ei oppfatning om kva sjanger filmen høyrer til?


Presentasjon

Anslaget glir så over i ein rolegare presentasjonsdel. Her blir dei sentrale karakterane presenterte i miljøet sitt. I presentasjonsdelen blir vi kjende med personar, gjenstandar og hendingar som får avgjerande betydning seinare i forteljinga. Det er òg viktig at hovudkonflikten blir presentert tidleg i filmen.

Filmplakat for filmen Titanic som viser skodespelarane Kate Winslet og Leonardo DiCaprio. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter presentasjonen følgjer ei utdjuping der forholdet mellom karakterane blir nærmare forklart, og vi får vite meir om bakgrunnen for konflikten. På dette punktet i filmen har vi gjerne utvikla sympati for helten vår.

I slutten av presentasjonen får vi gjerne det første plottpunktet eller vendepunktet. Dette kan vere ei hending som set i gang handlinga for alvor og markerer overgangen frå første til andre akt.

Opptrapping

Etter det første vendepunktet følgjer ei opptrapping av konflikten. Det kan òg dukke opp andre mindre konfliktar, og helten kan møte hinder av ulik art.

I denne fasen av filmen kan vi òg få nokre kvileskjer. Det betyr at det er lagt inn nokre rolegare episodar. Her kan karakterane samle krefter, og vi kan få tilbake pusten. Dei rolegare episodane fungerer òg som kontrast til all dramatikken.

Mot slutten av akt to spissar konflikten seg og når ein ny dramatisk topp. Det andre plottpunktet i filmforteljinga er den hendinga som utgjer det mest alvorlege tilbakeslaget for helten. Dette dramaturgiske knepet blir òg kalla vendepunkt eller "point of no return". No er det berre éin mogleg veg vidare for helten: Helten må slåst, anten det er for livet, for kjærleiken eller for begge delar. Herifrå stig både tempoet og spenninga kraftig.

Mange menn med lange, skarpe trestokkar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klimaks og konfliktløysing

Spenninga når no det absolutte høgdepunktet, og konflikten får ei løysing. Eit vellykka klimaks får publikum engasjert.

Avrunding

Etter klimakset i forteljinga blir ei kort avrunding presentert. Dette blir òg kalla resolusjon. Likevekta er no oppretta igjen. Alle brikkene har falle på plass. I Hollywood-filmen betyr dette nesten alltid ein lykkeleg slutt.

Spider-Man held rundt ei kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Afret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2019

Læringsressursar

Historieforteljing og dramaturgi