Hopp til innhald

Fagstoff

Modernisme og postmodernisme

Kva er modernisme og postmodernisme, og kva kan du bruke desse omgrepa til i møte med tekstar?

Skulptur der raude felt måla på svarte stenger formar eit hjarte på ein ope plass mellom skyskraparar og neonreklamar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er vanleg å omtale den vitskaplege, samfunnsmessige og kulturelle utviklinga i dei vestlege landa dei siste tre–fire hundre åra som det moderne prosjektet. Fridom, fornuft og framsteg – dei tre f-ane – er sentrale idéar. Denne tidsperioden og mentaliteten har fått nemninga modernitet.

Det postmoderne som historisk epoke er perioden frå overgangen frå industrisamfunnet til kommunikasjonssamfunnet og inn i vår tid (Bale, 2009). Postmodernitet kan sjåast på som eit sjølvkritisk aspekt av modernismen og ikkje ein eigen epoke, men omgrepet postmoderne kan vere nyttig for å setje ord på trekk ved estetiske erfaringar og uttrykk.

Omarbeidinga og tematiseringa av modernitet i kunst, litteratur, musikk og arkitektur er det vi kallar modernisme (Bale, 2009). På same måte beskriv postmodernisme kunstnariske uttrykk som omarbeider og tematiserer postmodernitet.

Så kva tema og verkemiddel kjenneteiknar modernistiske og postmoderne uttrykk?

Modernistiske idéar og tematikk

Teknologisk utvikling og auka kunnskap om menneske og natur bidrog etter kvart til eit betre materielt liv for mange, men det tok òg frå menneska mange av dei faste haldepunkta og tradisjonelle rammene som sette livet deira inn i ein større samanheng og gav det meining.

Nye idéar om mennesket og identitet

Allereie på 1800-talet utfordra naturforskaren Charles Darwin (1809–1882) og filosofen Friedrich Nietzsche (1844–1900), på kvart sitt vis, trua på at jorda og menneska er skapte av Gud. Eit stadig meir samfunn kravde at menneska sjølve måtte finne moralsk og etisk retning i livet.

Teoriane til Sigmund Freud (1856–1939) bidrog òg til eit nytt blikk på kva det vil seie å vere menneske. Han beskreiv korleis medvitne handlingar var styrte av umedvitne drifter og impulsar, og stilte spørsmålet om kva som eigentleg utgjer identiteten eller "eg-et" ved å dele sjølvet opp i tre: eit impulsivt og umedvite id, det medvitne ego og eit moralsk super-ego.

Nye måtar å leve på

Industrialiseringa som prega vestlege samfunn på denne tida, førte til store endringar i levemåtar. Folk flytta frå gardane på landsbygda til byane. Denne urbaniseringa førte til ei rotløyse sidan folk mista både dei tette slektsbanda og stadsidentiteten når dei flytta til byane.

Karl Marx (1818–1883) sette ord på den nye levemåten i industrialiserte samfunn gjennom å peike på at fabrikkarbeidet reduserte mennesket til eit lite hjul i eit stort maskineri. Arbeidaren mista på denne måten den tilfredsstillinga og meistringskjensla det gir å lage eit produkt frå a til å, og vart framandgjord frå seg sjølv gjennom det meiningslause arbeidet.

Framandgjering, angst og meiningsløyse

Måleri av ein mørkkledd mann i framgrunnen og ei kvitkledd kvinne midt i biletet. Mannen sit med hovudet i hendene, kvinna står oppreist og held seg på hovudet. Skog i bakgrunnen. Måleri.

Uro, angst og vanskar med å finne ei retning i livet er tema som går igjen i modernistisk litteratur – tema som på ulike vis problematiserer korleis det er å leve i eit moderne samfunn. Teknologiske framsteg kan òg bety øydelegging og kaos, slik verdskrigane og atombomba har vist oss.

Modernismen prøver å spegle desse sidene ved samfunnet òg og skildre livet i moderniteten i alle fasettane sine. Framandgjering, angst, verditap og meiningsløyse er derfor viktige tema i modernistisk litteratur og kunst, på lik linje med trua på fridom, fornuft og framsteg.

Verkemiddel i den modernistiske litteraturen

I litteraturen betydde modernismen ei oppløysing av tradisjonelle konvensjonar om korleis tematikk, handling og personar blir framstilte, med eksperimentering i forteljarperspektiv og kronologi. Forteljargrepa kunne spegle det nye kaoset og meiningsløysa og oppløysinga av eg-et som prega den moderne tilstanden.

Romanar

I modernistiske romanar som Virginia Woolfs Til fyret (To the Lighthouse) er stemningar og kjensler viktigare enn det å fortelje ei samanhengande historie, og forteljarperspektivet er ikkje fiksert, men glidande. I Til fyret flyttar synsvinkelen seg frå person til person utan at dette blir markert i teksten, og vi får tilgang til tankestraumar som liknar meir på verkelegheita enn slik indre monologar vanlegvis vart framstilte. Denne forteljarteknikken blir kalla "stream of consciousness" – medvitsstraum.

Lyrikk

Den modernistiske lyrikken braut med konvensjonane om rim, rytme og ordval. Der romantiske dikt hadde eit tydeleg "eg" som artikulerte kjensler og stemningar på ein forståeleg måte, bryt modernistisk lyrikk med den høgtidelege stemninga ved å bruke daglegtale og eit mørkare, meir fragmenterte biletspråk (Hagen, 2021). I artikkelen om lyrikaren Rolf Jacobsen ser du fleire døme på modernistisk lyrikk.

Skulptur av ein sittande mann med ein ape på faget. Foto.

Postmoderne idéar og tematikk

I boka Den postmoderne tilstand: En rapport om kunnskap (1979) skriv den franske filosofen Jean-François Lyotard (1924–1998) at dei store forteljingane er døde. Det han meiner med forteljingar, er dei ideologiane som vi trur på og som set det vi gjer og opplever til dagleg, inn i ein samanheng og gir det meining.

Når dei store forteljingane er døde, må menneska sjølve skape sine eigne små forteljingar – finne si meining i livet. Hanne Ørstavik (1969–) og Erlend Loe (1969–) er to forfattarar som problematiserer nettopp korleis vi som enkeltmenneske i ei stor, uoversiktleg og til tider skremmande verd prøver å skape meining i liva våre.

Med eit sjølvmedvit som òg kjenneteiknar postmodernismen, referer Erlend Loe til denne tematikken i romanen L.

Dere sier at den store fortellingen er død?
Dere vil ha små fortellinger?
Det skal dere faen meg få.

(Loe, 1999)

Postmoderne verkemiddel

Der modernistane medvite braut med tidlegare kunstformer og tok avstand frå massekulturen, gjer postmodernistane det stikk motsette: Dei kombinerer nytt og gammalt, høgkultur og massekultur, dei viser til kjende tekstar og ironiserer over både eigne verk og verka til andre. Resultatet er ofte eit leikent, humoristisk og frodig uttrykk.

Postmoderne litteratur

Modernismen eksperimenterte òg med form, men hadde framleis eit mål om at eksperimentet skulle munne ut i ei slags erkjenning. Postmodernistane har gitt opp dette målet om meining og behandlar det å skrive som ein sjølvmedviten leik med sjanger, tekst og verkelegheit.

Metafiksjon og intertekstualitet

Metafiksjon er eit viktig stikkord for postmoderne litteratur. Det vil seie at teksten kommenterer seg sjølv. Forfattaren kan bryte inn og kommentere skriveprosessen, slik som i dømet under, og øydelegg dermed fiksjonen som tekst tradisjonelt har prøvd å halde oppe.

Parodi og ironi er verkemiddel som kan gjere narr av forfattarrolla og statusen til litteraturen. er òg eit grep som blir brukt i postmoderne litteratur for å få oss til å reflektere over makta som ligg i dei rådande idéane og forteljingane.

Kritikk av autoriteten i teksten

Denne leiken med litterære konvensjonar, forfattarrolla og forholdet mellom tekst og verkelegheit er òg ein kritikk av autoriteten til litteraturen, og det er ein måte å gjere lesaren merksam på dette.

I dette utdraget frå romanen Babyboy av Brynjar Aa frå 1983 ser vi eit tydeleg døme på ein forfattar som leikar med konvensjonar om forfattarrolla, fiksjon og statusen til romanen:

Ja, detta er the real thing, kjære leser! Du henger, ser jeg, henger på. Og det er godt! For om du bare henger med i starten, smeller gjennom den første veggen, ja - da eru snart igjennom hele dette egosentriske flippet av et Skrik. (Ja!)

(Aa, 1983)

Kva kan vi bruke desse omgrepa til i møte med tekstar?

Modernisme og postmodernisme er omgrep som set ord på breiare linjer som karakteriserer tekst og andre uttrykk i samtida og den næraste fortida vår. Kunnskap om desse kan gjere at du ser fleire nyansar, og at du kan setje ord på sider ved heilskapsinntrykket i møte med ulike tekstar, òg når du skal diskutere estetiske dimensjonar ved dei.

Tenk over / diskuter

Korleis kan du bruke omgrepet postmoderne for å beskrive innlegg på TikTok?

Kjelder

Aa, B. (1983). Babyboy. Forfatterforlaget.

Bale, K. (2009). Estetikk. En innføring. Pax forlag.

Hagen, E. B. (2021, 21. april). Modernisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/modernisme_-_litteratur

Loe, E. (1999). L. Cappelen.

Lyotard, J. F. (1979). La Condition postmoderne. Rapport sur le savoir. Les Éditions de Minuit.

Skei, H. H. (2019, 18. mars). Postmodernisme (litteratur). I Store norske leksikon. https://snl.no/postmodernisme_-_litteratur

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus, Heidi Mobekk Solbakken og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2021

Læringsressursar

Estetikk