Hopp til innhald

Kredittfella

Det kan vere freistande å kjøpe noko på avbetaling eller ved hjelp av kredittkort, men det kan raskt bli veldig dyrt. Fleire unge hamnar i kredittfella og låner pengar dei ikkje klarer å betale tilbake.
Fire tohundrelappar og ei rekkje kredittkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du nokon gong brukt pengar du ikkje har, på ting du ikkje treng?

Mange unge i dag blir utsette for eit massivt kjøpepress. Dei er omgitte av reklame, og så snart dei er over 18 år, får dei òg tilbod om kredittkort og ulike typar forbrukslån. Med nokre få tastetrykk kan du få eit SMS-lån på mange tusen kroner i løpet av nokre få minutt.

Dei siste åra har det vore ein auke i forbrukslån og bruken av kredittkort i Noreg, og stadig fleire unge opplever at dei har problem med å betale rekningar. Det er derfor viktig å lære kva som skjer viss du ikkje betaler rekningar, og korleis du kan unngå å hamne i kredittfella.

Fleire av artiklane og oppgåvene i dette emnet er tverrfaglege og kan brukast i mange ulike fag, mens andre kan eigne seg spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk, mediefag og matematikk.

Viss du ønskjer å jobbe meir med temaet personleg økonomi, kan artiklane og oppgåvene i dette emnet òg kombinerast med artiklane og oppgåvene i emnet Pengesmart – personleg økonomi.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2020