Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kredittfella

Er det lurt å ta opp forbrukslån eller kjøpe noko på kreditt? I desse oppgåvene skal du utforske konsekvensane av å ta opp forbrukslån, kjøpe noko på avbetaling og bruke kredittkort.

Oppgåve 1: Kredittkortgjelda aukar

Sjå filmen frå NRK skule.

  1. Kvifor trur de at det er så stor auke av forbrukslån og kredittkortgjeld?
  2. I filmen seier økonomen Hallgeir Kvadsheim at ein av dei største farane ved forbrukslån og kredittkort er renta til renter. Kva er det og kvifor er det så skummelt?
  3. Viss du har forbrukslån og kredittkort, vil bankane du skylder ofte berre foreslå at du betaler tilbake eit lite minimumsbeløp i månaden. Kvifor ber ikkje banken deg om å betale tilbake heile beløpet?
  4. Kva trur de er dei største farane ved å ta opp forbrukslån og bruke kredittkort?
  5. Diskuter om det er for lett å ta opp forbrukslån og få kredittkort i dag.

Oppgåve 2: Kredittkort og kredittkjøp

  1. Bli samde i gruppa om ein ting de vil kjøpe som kostar litt pengar. Kva er den billegaste prisen de kan finne på dette produktet på nett?
  2. Finn ein nettbutikk der de kan kjøpe det produktet de har valt på avbetaling (som kredittkjøp). Kor mykje vil produktet koste dykk totalt viss de vel:
    • 6 månader med avbetaling?
    • 12 månader med avbetaling?
    • 24 månader med avbetaling?
  3. Finn eit kredittkort på nett. Kor mykje må de betale i gebyr og renter for kredittkortet?
  4. Bruk kredittkortkalkulatoren. Rekn ut kor mykje kjøpet vil koste dykk viss de bruker 6 månader, 12 månader eller 24 månader på å betale ned gjelda.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2020

Læringsressursar

Kredittfella