Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC-BY-SA-4.0

Det har vore ein auke i forbrukslån og bruken av kredittkort i Noreg. Stadig fleire unge opplever at dei har problem med å betale rekningar.

I denne læringsstien skal du:

  • reflektere over kjøpepress.
  • lære å få oversikt over eigen økonomi og betale rekningar.
  • reflektere over veksten i forbrukslån, inkasso og kredittkortgjeld blant unge.
  • lære om konsekvensane av inkasso, forbrukslån, kredittkort og avbetalingskjøp.

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i fleire fag og kan eigne seg spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk, mediefag og matematikk. Han kan også med fordel kombinerast med oppgåvene og artiklane om avbetaling og annuitetslån i matematikk.