Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Det har vore ein auke i forbrukslån og bruken av kredittkort i Noreg. Stadig fleire unge opplever at dei har problem med å betale rekningar.
I denne læringsstien skal du:
- reflektere over kjøpepress.
- lære å få oversikt over eigen økonomi og betale rekningar.
- reflektere over veksten i forbrukslån, inkasso og kredittkortgjeld blant unge.
- lære om konsekvensane av inkasso, forbrukslån, kredittkort og avbetalingskjøp.
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i fleire fag og kan eigne seg spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk, mediefag og matematikk. Han kan også med fordel kombinerast med oppgåvene og artiklane om avbetaling og annuitetslån i matematikk.