Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrukslån, kredittkort og renter

Det kan verke freistande å leve på forskot og bruke pengar du endå ikkje har tent. Bankane tilbyr forbrukslån og kredittkort, og butikkane tilbyr avbetaling, men det kan koste deg dyrt.

Forbrukslån

Det kan vere freistande å betale rekningar med forbrukslån og kredittkort, men det kan raskt bli dyrt.

Forbrukslån er lån til personleg forbruk. Du treng ikkje stille noka sikkerheit for lånet, men til gjengjeld må du ofte betale ei svært høg rente. Viss du til dømes låner 1000 kroner på SMS, kan du risikere å måtte betale tilbake fleire tusen kroner etter nokre månader. Du bør derfor tenkje deg nøye om før du tek opp slike lån.

Gjer eit raskt søk på nett og finn ut kor lett det er å få forbrukslån. Kvifor trur du er så mange som tilbyr slike lån?

Fire tohundrelapper og tre kredittkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kredittkort

Når du er over 18 år, kan du få eit kredittkort. Fordelane med kredittkort er at lånet er rentefritt så lenge du betaler rekninga. Ulempa er at du må betale ei veldig høg rente viss du ikkje betaler i tide. Ofte kan renta vere på 20–30 %, og det er på denne renta bankane tener pengar.

Det er forskjell på eit kredittkort og eit bankkort. Med eit bankkort bruker du dine eigne pengar, med eit kredittkort låner du og bruker pengane til banken.

Avbetaling og kredittkjøp

Viss du ikkje har pengar til å kjøpe noko her og no, kan butikken tilby deg å kjøpe det på avbetaling. Å kjøpe noko på kreditt eller avbetaling vil seie at du utset betalinga i ein viss periode. I staden for å betale ein PC når du kjøper han i butikken, betaler du ein fast månadleg sum i til dømes eitt eller to år.

Ulempa med kredittkjøp er at du i tillegg til avdraga må betale høge renter og gebyr. Når du kjøper noko på avbetaling, tek du i verkelegheita opp eit svært dyrt lån. I verste fall kan du risikere å betale dobbelt så mykje som den opphavlege prisen, og det er sjeldan særleg smart.

Rekn ut kor mykje det kan koste å bruke kredittkort ved hjelp av kredittkortkalkulatoren frå Økonomilappen.

Renter

Det kostar å låne pengar. Prisen du betaler for å låne pengar, blir kalla renter. Renter blir vanlegvis oppgitte i prosent per år. Viss du låner 100 000 kroner til 10 % rente, må du betale 10 000 kroner i året i lånerenter.

Viss du set pengar i banken, så låner banken pengar av deg. Då vil banken betale deg ei innskotsrente og det beløpet du har ståande, vil auke. Viss du til dømes set 100 000 kroner i banken med 3 % rente, vil du ha 103 000 kroner på kontoen etter eitt år.

Det er vanleg å skilje mellom effektiv og nominell rente:

Nominell rente
er prisen på eit lån utan andre kostnader som vil følgje med lånet, som ulike bankgebyr.
Effektiv rente
er prisen på lånet inkludert andre kostnader som følgjer med. Dette er den reelle prisen for lånet. Det er denne renta du må bruke når du skal finne ut kor mykje du faktisk må betale for eit lån.

Ein av grunnane til at forbrukslån eller kredittkortgjeld kan bli veldig dyrt, blir kalla renta til renter. Viss du ikkje betaler tilbake med ein gong, vil rentene for lånet bli lagt til det beløpet du skylder. Når beløpet du skylder blir større, må du òg betale endå meir i renter, og lånet blir vanskelegare og vanskelegare å betale tilbake.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022

Læringsressursar

Kredittfella