Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skjer viss du ikkje betaler rekningar?

Kva skjer viss du ikkje betaler rekningane dine? Fleire og fleire unge får i dag inkasso. Korleis kan du unngå å hamne i inkassofella, og kor dyrt kan det eigentleg bli?

Oppgåve 1: Inkasso

Sjå filmen og svar på spørsmåla.

  1. Kva er inkasso og betalingsmerknad?
  2. Kvifor trur de at så mange unge menneske får inkasso?
  3. I filmen seier Rikke Kjølen, som jobbar i eit inkassoselskap, at det ofte er skam knytt til å få inkasso og at det ikkje burde vere slik. Kva meiner de? Er det skam knytt til å få inkasso? Burde det vere slik?
  4. Kva kan de gjere for å unngå å få inkasso? Lag minst tre konkrete forslag.

Oppgåve 2: Kor dyrt kan det bli?

  1. Finn eit produkt du ønskjer deg nett. Kva er den billegaste prisen du kan finne på dette produktet på nett?
  2. Kva skjer viss du kjøper dette produktet og ikkje har pengar til å betale rekninga? Bruk inkassokalkulatoren og rekn ut kor mykje du må betale etter:
    • 14 dagar
    • 28 dagar
    • 42 dagar
    • 84 dagar
  3. Finn til slutt ut kor mykje du kan risikere å måtte betale viss rekninga går til rettsleg inkasso.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2020

Læringsressursar

Kredittfella