Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rekningar og inkasso

Viss du ikkje betaler rekningane dine i tide, går dei til inkasso. Det kan bli veldig, veldig dyrt. Skaff deg ei oversikt over rekningane dine ved hjelp av nettbanken og unngå unødvendige renter og purregebyr.

Nøkkelen til ein god økonomi er å skaffe deg oversikt over inntekter og utgifter og betale rekningane i tide. Det kan høyrast kjedeleg ut, men det treng ikkje vere så vanskeleg. Viss du får gode rutinar og bruker nettbanken på ein smart måte, kan mykje av jobben gå av seg sjølv. Sett av litt ekstra pengar til sparing, og du har alltid noko å gå på. Det er gøy å ha pengar til overs når du verkeleg treng dei.

Nettbanken og rekningar

Eit godt hjelpemiddel for å få oversikt over økonomien din er nettbanken. Mange nettbankar gir deg moglegheit til å sjå kva du bruker pengar på, og han har mange nyttige verktøy som det kan lønne seg å lære.

Ein måte å få betre oversikt på er å opprette fleire ulike kontoar. Då kan det bli lettare å setje av pengar til rekningar, faste utgifter og sparing. Du kan til dømes dele pengane dine på tre ulike kontoar:

  • Forbrukskonto: Her får du inn pengar frå lønn og har pengar til forbruk. Dette er den einaste kontoen du treng bankkort til. Når du får lønn, kan du overføre pengar frå denne kontoen til dei to andre.
  • Rekningskonto: Her set du av pengar til faste utgifter som du har kvar månad. Til dømes husleige, mobilabonnement, treningsavgifter, straum og transport.
  • Sparekonto: Her set du av ein viss sum pengar kvar månad. Då kan du spare til noko du verkeleg ønskjer deg, og du har pengar i reserve viss det skulle dukke opp nokre overraskande utgifter. Det kan òg lønne seg å setje av pengar til bustadsparing for ungdom.

Nettbanken kan òg hjelpe deg med rekningar. Når du får ei rekning, kallast det ein faktura. Ved hjelp av nettbanken kan du lage eit system som gjer det enkelt å setje av pengar og betale desse fakturaene.

  • E-faktura er ein avtale mellom deg og banken for å betale rekningar. Rekningane dine blir sende automatisk til nettbanken og du godkjenner der om dei skal betalast eller ikkje. Du slepp å taste inn betalingsinformasjon og kan bestemme om du skal varslast på SMS eller e-post om rekninga.
  • Avtalegiro er òg ein avtale mellom deg og banken for å betale rekningar, men her blir rekningane dine automatisk trekt frå kontoen din. Du kan sjølv velje å stoppe betalinga før fristen.
  • Autotrekk og overføringar. Du kan opprette ei fast overføring mellom dine eigne kontoar. Viss du overfører eit fast beløp til rekningskontoen og sparekontoen din på lønningsdagen, blir det lettare å setje av pengar til sparing og faste utgifter.

Kva skjer viss du ikkje betaler rekningane?

Det kan raskt bli dyrt å ikkje betale rekningar. Det første som skjer, er at du får eit purregebyr og må betale eit ekstra beløp. Deretter går rekninga di vidare til inkasso og du kan til slutt få ein betalingsmerknad.

  • Inkasso: Når du ikkje betaler rekningane dine innan fristen, går kravet ditt vidare til inkasso. Det betyr at dei du skylder pengar vil krevje inn pengane, anten sjølv eller ved hjelp av nokon andre. Før rekninga går til inkasso, skal du få eit inkassokrav.
  • Betalingsmerknad: Viss saka di går vidare til inkasso og du framleis ikkje betaler, vil du få ein betalingsmerknad. Då blir du registrert som ein dårleg betalar og det blir vanskelegare å få lån, kreditt og abonnement (til dømes mobilabonnement). Når du betaler rekninga blir betalingsmerknaden sletta.

Dei du skylder pengar, vil ofte sende rekninga vidare til eit inkassobyrå viss du ikkje betaler. Dei er spesialistar på å krevje inn pengar. I løpet av eit halvt år kan ei rekning på under tusen kroner komme opp i over fem tusen. Det er derfor viktig at du raskt tek kontakt med inkassobyrået viss du har ei rekning du ikkje kan betale. Saman med inkassobyrået kan du finne ei løysing for korleis pengane skal betalast tilbake.

I tekstboksen under kan du sjå kor mykje du kan risikere å måtte betale i renter og gebyr. Viss du ønskjer å sjekke sjølv kor mykje det kan koste deg å ikkje betale ei konkret rekning, kan du bruke inkassokalkulatoren til Økonomilappen.

Kva skjer viss du ikkje betaler rekningane dine?

Tenk deg at du kjøper eit par hovudtelefonar til 850 kroner på nett og ber dei sende ein faktura. Du har 14 dagar å betale rekninga.

  • 14 dagar: Rekninga forfell. Gebyr + renter (Totalt 923 kr)
  • 28 dagar: Inkassovarsel. Gebyr + renter (Totalt 996 kr)
  • 42 dagar: Betalingsoppfordring. 192 kr gebyr + renter (Totalt 1209 kr)
  • 56 dagar: Lett inkasso. 320 kr gebyr + renter (Totalt 1561)
  • 84 dagar: Tung inkasso. 640 kr gebyr + renter (Totalt 2267)

    Rettsleg inndriving. 3 ulike alternativ (tida det tek, kan variere):
  • 84 dagar og 2 månader: Sak til forliksrådet. 860 kr gebyr + renter (Totalt 3429 kr)
  • 84 dagar og 2 månader: Tvangstrekk av lønn. 1591 kr gebyr + renter (Totalt 4407 kr)
  • 84 dagar og 2 månader: Forliksråd og tvangstrekk. 2451 kr gebyr + renter (Totalt 5563 kr)

Får du mange rekningar på ein gong, kan det vere nødvendig å prioritere. Det er viktig å betale rekningar til staten og dei tinga du er heilt avhengig av, som bustad og straum.

Når du skal betale kredittkortgjeld og forbrukslån, bør du betale den rekninga med høgast rente først. Uansett er det viktig at du raskt tek kontakt med dei du skylder pengar viss du ikkje klarer å betale. Jo raskare du tek kontakt, jo lettare er det ofte å finne ei god løysing på problemet.


Kjelder

Økonomilappen.no (2019, 26 januar) I verste fall kan en ubetalt regning gå til inkasso og føre til betalingsanmerkning. Henta frå https://xn--konomilappen-ujb.no/?p=219




Sist oppdatert 07.06.2020
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Kredittfella