Hopp til innhald

Fagartikkel

Annuitetslån: avbetaling

Avbetaling (delbetaling) er ein måte å finansiere eit kjøp på, til dømes av eit TV-apparat.

LK20

Når vi kjøper noko på avbetaling, betyr det at vi låner kjøpesummen og betaler attende ein sum til dømes kvar månad. Tilbod om avbetaling kan vi som regel få der vi gjer handelen.

Eksempel

Flatskjerm-TV som står på eit bord. Foto.

Vi ønskjer å kjøpe eit TV-apparat som kostar 14 999 kroner. Dette skal vere eit godt tilbod på denne TV-en, men vi har ikkje pengar no til å betale denne summen. Forhandlaren gir oss følgjande tilbod om finansiering i form av ein avtale om avbetaling.

  • Vi låner heile kjøpesummen. Det er ikkje noko utsetjingsgebyr (gebyr i samband med å opprette avbetalingsordninga).
  • Vi betaler 1 000 kroner kvar månad inntil heile kjøpesummen er betalt inn.
  • Renta er 1,75 prosent per månad.
  • Det er eit periodegebyr på 50 kroner per månad.

Når vi betaler inn ein fast sum kvar termin (her: kvar månad), kallar vi lånet eit annuitetslån. Dei fleste låneavtalar no er avtalar med denne lånetypen.

Her er det fint å setje opp eit rekneark for å sjå kor mykje dette lånet kostar oss, men først reknar vi på den første innbetalinga, som kjem ein månad etter kjøpet.

Spørsmål 1

Vi ønskjer mellom anna å finne ut kor lenge vi må betale inn 1 000 kroner kvar månad. Kvifor kan vi ikkje rekne ut dette ved å dele den totale kjøpesummen på 14 999 kroner på det vi betaler kvar månad?

Forklaring

Dei 1 000 kronene vi betaler inn kvar månad, skal òg dekkje renteutgiftene og månadsgebyret på 50 kroner. Det er berre resten av innbetalinga etter at dette er trekt frå som går med til å betale ned på lånet. Derfor går det lengre tid før lånet er nedbetalt.

Oppgåve 1

Kor mykje av den første innbetalinga er renter?

Løysing

Her må vi rekne ut 1,75 prosent av 14 999 kroner. Vi får at renta er

14 999 kr·1,75100=262,48 kr

Oppgåve 2

Kor mykje betaler vi ned på lånet med det første avdraget?

Løysing

Terminbeløpet på 1 000 kroner skal dekkje månadsgebyret og rentene. Det er berre resten av terminbeløpet etter at månadsgebyret og rentene er trekt frå som går til å betale ned på lånet. Summen som blir brukt til å betale ned på lånet blir

1 000 kr-262,48 kr-50 kr=687,52 kr

Oppgåve 3

Kva blir restlånet etter den første innbetalinga?

Løysing

Vi må trekkje svaret i den førre oppgåva frå lånesummen på 14 999. Resultatet blir

14 999 kr-687,52 kr=14 311,48 kr

Spørsmål 2

Vil restlånet minke med ein fast sum for kvar innbetaling?

Forklaring

Nei, det vil ikkje det. Delen av innbetalinga som går til å betale ned på lånet, vil auke etter kvart fordi rentedelen blir mindre og mindre etter som restlånet minkar. Vi betaler altså meir og meir ned på lånet etter kvart som tida går.

Oppgåve 4: rekneark til eksempelet

Rekneark med utrekning av avbetaling der kjøpesum i kroner, 14999, fast innbetaling i kroner, 1000, rentefot i prosent per månad, 1,75 og månadsgebyr i kroner, 50, er skrive inn. Ut i frå dette er oversikt over terminbeløpa rekna ut. På kvar rad er det sett opp ei kolonne med innbetalingsnummer, ei kolonne med innbetalinga, ei kolonne der månadsrenta er rekna ut, ei kolonne med månadsgebyret, ei kolonne der sum til avdrag er rekna ut og ei kolonne der restlånet er rekna ut. Dei fire første innbetalingane visest. Skjermutklipp.

Startoppsett av rekneark brukt på avbetaling

No er det på tide å lage reknearket for dette lånet. Det kan sjå ut som på biletet ovanfor, der vi startar med å lage eit passande inndataområde. Der legg vi inn så mange av opplysningane som mogleg. Så lager vi følgjande kolonnar:

  1. ein kolonne med innbetalingsnummer (nummerering som startar på 1)
  2. ein kolonne med innbetalingane (terminbeløpet, som er likt for kvar månad)
  3. ein kolonne med renteutgiftene
  4. ein kolonne med månadsgebyret (som òg er likt for kvar månad)
  5. ein kolonne der avdragsdelen blir rekna ut (altså den delen av innbetalinga som går med til å betale ned på lånet)
  6. ein kolonne der restlånet blir rekna ut

Prøv å lage reknearket etter oppskrifta over.

Vis formlane i reknearket
Formelvising av rekneark med utrekning av avbetaling der kjøpesum i kroner, 14999, fast innbetaling i kroner, 1000, rentefot i prosent per månad, 1,75 og månadsgebyr i kroner, 50, er skrivne inn. Ut ifrå dette er oversikt over terminbeløpa rekna ut. På kvar rad er det sett opp ein kolonne med innbetalingsnummer, ein kolonne med innbetalinga, ein kolonne der måndadsrenta er rekna ut, ein kolonne med månadsgebyret, ein kolonne der sum til avdrag er rekna ut og ein kolonne der restlånet er rekna ut. Dei fire første innbetalingane er synlege. Skjermutklipp.

Formelvising av startoppsett av rekneark brukt på avbetaling

Reknearket gir oss ei oversikt over alle innbetalingane og kva dei går til. Dette kallar vi òg ein nedbetalingsplan.

Merk at vi bruker rad 8 berre til å setje opp restlånet i starten, som er lik 14 999 kroner. Årsaka til det er at vi i rad 9 og nedover heile tida bruker tal frå rada over (restlånet etter den førre innbetalinga). Vi lagar formlane i rad 9 og kopierer dei nedover i reknearket.

Spørsmål 3

Kan vi bruke dette reknearket til å finne ut kor mange betalingsterminar det blir på dette lånet?

Svar

Ja, det kan vi. Dersom vi går ned til rad 26 i reknearket, ser vi at restlånet er vorte mindre enn terminbeløpet. På rad 27 er restlånet negativt. Det betyr at det siste avdraget ikkje treng vere så stort som 1 000 kroner. Den siste terminen har innbetalingsnummer 19 og blir derfor det siste av totalt 19 terminar.

Rekneark med utrekning av avbetaling der kjøpesum i kroner, 14999, fast innbetaling i kroner, 1000, rentefot i prosent per månad, 1,75 og månadsgebyr i kroner, 50, er skrivne inn. Ut ifrå dette er oversikt over terminbeløpa rekna ut. På kvar rad er det sett opp ein kolonne med innbetalingsnummer, ein kolonne med innbetalinga, ein kolonne der måndadsrenta er rekna ut, ein kolonne med månadsgebyret, ein kolonne der sum til avdrag er rekna ut og ein kolonne der restlånet er rekna ut. Radene frå og med rad 8 til og med rad 24 er skjult slik at det berre er innbetaling nummer 17, 18 og 19 som er synlege. Etter innbetaling nummer 19 er talet i kolonne F for restlånet på minus 340,32 kroner. Skjermutklipp.

Når er lånet ferdig attendebetalt?

Formelvising av rekneark med utrekning av avbetaling der kjøpesum i kroner, 14999, fast innbetaling i kroner, 1000, rentefot i prosent per månad, 1,75 og månadsgebyr i kroner, 50, er skrivne inn. Ut ifrå dette er oversikt over terminbeløpa rekna ut. På kvar rad er det sett opp ein kolonne med innbetalingsnummer, ein kolonne med innbetalinga, ein kolonne der måndadsrenta er rekna ut, ein kolonne med månadsgebyret, ein kolonne der sum til avdrag er rekna ut og ein kolonne der restlånet er rekna ut. Radene frå og med rad 8 til og med rad 24 er skjult slik at det berre er radene 25, 26 og 27 som er synlege lengst nede. Skjermutklipp.

Merk at på bileta over har vi skjult radene 8 til og med 24 i reknearket.

På teorisida "Annuitetslån: bruk av HVIS()" ser vi meir på korleis vi kan få rekna ut storleiken på det siste terminbeløpet.

Oppgåve 5

Finn ein nettbutikk som sel elektronikk, og sjå om det er mogleg å handle på avbetaling. Skriv ned vilkåra ved ei slik avbetalingsordning, og lat som du kjøper eit TV-apparat. Bruk reknearket, og finn ut kva kjøpet kostar deg totalt.

Nedanfor kan du laste ned reknearket til eksempelet på denne sida.

Filer

Sist oppdatert 07.06.2020
Skrive av Bjarne Skurdal

Læringsressursar

Kredittfella