Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Arbeidsoppdrag

Kampanje mot kredittkjøp

Eit fantastisk tilbod, om du slår til i dag. "Vi gir deg lån på timen, inga sikkerheit nødvendig." Forbrukslån gir deg raske pengar som kan ta lang tid å betale tilbake, og kan gi deg pengetrøbbel. I denne oppgåva skal du prøve å overtyde ungdom om å droppe kredittkjøp.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Så fort du fyller 18 år, er du myndig. Du kan ta førarkort, stemme ved val, og du bestemmer over din eigen økonomi. Med fridomen kjem det òg ansvar. Når du blir 18 år, får du tilgang på kredittkort og forbrukslån som kan gi deg pengeproblem i lang tid framover.

For å hjelpe unge å unngå å ta opp kreditt- og forbrukslån, ønskjer Forbrukertilsynet å rette ei haldningskampanje mot unge i alderen 17–20 år. Du skal bidra med å utforme ein bodskap som appellerer til ungdom.

Oppdrag

Du skal lage produkt i ei haldningskampanje for Forbrukertilsynet.

Målet er at færre unge skal ta opp forbrukslån og kjøpe på kreditt.

Kampanjen skal gå over to månader.

Du skal utforme ein bodskap og lage skisser til minst to produkt.

Du skal gjere følgjande

  1. Idémyldring: Sett deg inn i forbrukslån og kredittkjøp. Ta ein titt i uttrekksboksane nedst i denne ressursen. Skriv opp idéar til bodskap, korleis du kan gjere unge interesserte i temaet og korleis kampanjeprodukta kan sjå ut. Skriv eit kort notat eller lag eit tankekart.
  2. Vel ut eit fokus og lag ein bodskap: Du kan hente inspirasjon frå ein eller fleire av appellformene. Etos handlar om truverd, logos handlar om fornuft, og patos speler på kjensler. Kva trur du treffer ungdommane?
  3. Beskriv målgruppa og korleis du kan no ho: Unge har mykje å velje i når det gjeld kva dei ønskjer å bruke tida si på. Du har berre nokre få sekund på å få merksemda deira. Korleis kan du få dei til å engasjere seg i kampanjeprodukta dine og bodskapen din?
  4. Produkt og plassering: Lag skisse til to typar produkt, og finn ut kvar desse bør plasserast. Forklar kvifor desse stadene eignar seg for å bli sett av unge i målgruppa. Set inn avsendar (Forbrukertilsynet) på produktet.
  5. Oppsummering/avslutning: Presenter for klassen eller skriv ein tekst. Vis fram produkta dine, og forklar kva du tenkte då du laga bodskapen og utforma produktet. Kvar skal det plasserast? Kva grep har du gjort for å appellere til målgruppa? Kva har du lært av prosessen?

Nokre forslag om kampanjeprodukt. Storleik står i parentes

Ståande video: Snapchat, Instagram stories eller Facebook stories. (1080x1920px).

App: Skisser ein idé til ein app knytt til temaet, det andre produktet må reklamere for appen.

Digital plakat: til bruk på nettsider eller sosiale medium (Instagram: kvadratisk eller breidde 1080x556 px, Facebook: minimum 1080x1080px).

Trykt plakat: ståande format, til å henge opp eller publisere i blad, avis og magasin (A3).

Bakgrunnsinformasjon om forbrukslån

Trykk på boksane under om "Bakgrunnsinformasjon om forbrukslån" og "Priseksempel: kjøp skuter på kreditt", for å lære meir om forbrukslån og korleis totalsummen aukar drastisk ved bruk av lån utan sikkerheit.

Bakgrunnsinformasjon om forbrukslån

Forbrukslån er ofte i storleiksorden 10.000–150.000 kroner, og har høg rente. Viss du skal betale tilbake eit beløp med lang løpetid, over mange år, blir det ein høgare totalsum.

Fleire har teke opp forbrukslån dei siste åra. Bruk av usikra kreditt kan gi økonomiske problem. Nærare ti prosent av dei som har teke opp forbrukslån, kan ha problem med å betene gjelda, samanlikna med rundt ein prosent for alle typar lån. Den samla gjelda til norske hushald som er forbrukslån, er no rett under fire prosent, samanlikna med to prosent for ti år sidan, skriv Finanstilsynet i sin kommentar om sterk vekst i forbrukslån.

Priseksempel: kjøp skuter på kreditt

Ein del ungdommar ønskjer å kjøpe noko som kostar meir enn dei har, til dømes ein skuter. Kva kostar det eigentleg å kjøpe ein skuter på kreditt?

  • Kjøpesum: 17.990 kr
  • Hjelm: 899 kr
  • Jakke som beskyttar: 1100 kr
  • Totalsum: 19.989 kr

Låneeksempel 1 (Nordea):

  • Lånesum: 20.000, 5 år, 470/mnd. Totalsum er 28.186 kroner.

Låneeksempel 2 (Re:member):

  • Renta avheng av ei individuell kredittvurdering.
  • Lånesum 20.000, 5 år, 420/mnd. Totalsum er 25.214 kroner (med lågaste rente).
  • Lånesum, 20.000, 5 år, 549/mnd. Totalsum er 32.950kroner (med høgaste rente).

Priseksempla er henta frå bankane sine lånekalkulatorar 16. mars 2020 klokka 18.00 .

Sist oppdatert 16.03.2020
Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid

Læringsressursar

Kredittfella