Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjøpepress

Vi er omgitte av reklame. Heile tida blir vi utsette for eit press om kjøpe nye ting som vi kan vise fram til andre. Korleis kan du takle kjøpepress og ikkje bruke pengar på ting du eigentleg ikkje treng?

Treng du verkeleg alt det du har lyst på? Kva er det eigentleg som gjer at du har så lyst til kjøpe akkurat den jakka, den telefonen eller dei skoa? Mange ungdommar i dag opplever eit kjøpepress som gir dei lyst til å kjøpe noko som først og fremst er synleg for andre.

  1. Finn eit døme på éin eller to ting du har kjøpt eller har veldig lyst på, men som du eigentleg ikkje treng.

    1. Kvifor har du eller hadde du lyst på akkurat denne tingen?
    2. Korleis kan kjøpepresset rundt deg ha bidrege til at du vil eller ville ha akkurat dette og ikkje noko anna?
  2. Kor stort kjøpepress er det på skulen dykkar? Finn minst to døme på kjøpepress som de kjenner til.
  3. Kva tenkjer de er dei verste konsekvensane av kjøpepress? Set opp ei liste med dei tre mest alvorlege konsekvensane.
  4. Korleis kan du takle kjøpepress? Set opp tre konkrete forslag til kva de kan gjere åleine og saman for minske kjøpepress.
  5. Diskuter to av fråsegnene til forbrukarøkonomen i filmen.

    1. Forbrukarøkonomen seier at foreldre ofte føler at dei må kjøpe dyre ting for at barna og ungdommane ikkje skal falle utanfor eller bli mobba. I kva grad trur de det stemmer at barn og ungdom fell utanfor og blir mobba viss dei ikkje har dei riktige tinga?
    2. Forbrukarøkonomen seier vidare at det ikkje er veska, kleda eller sekken din som definerer kven du er. Det kan vere lett å vere samd i det ho seier her, men korleis trur du ungdommar opplever dette i verkelegheita?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2020

Læringsressursar

Kredittfella