Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Pengesmart – personleg økonomi

I løpet av vidaregåande får du større og større ansvar for eigen økonomi. Det gir deg mange moglegheiter, men også fleire nye utfordringar. Korleis kan du ta over styringa av din eigen økonomi på ein smart måte?

Pengesmart?

Korleis skal du klare deg sjølv økonomisk? Kanskje du allereie har flytta for deg sjølv på hybel eller saman andre i eit kollektiv? Kanskje planlegg du å flytte for deg sjølv rett etter vidaregåande?

Uansett må du lære å klare deg sjølv økonomisk. Det er ikkje alltid like lett å få pengane til å strekke til, men viss du gjennomfører nokre enkle grep, kan du få det til. Få ei oversikt over økonomien din. Lær deg å tene, låne, spare og bruke pengar på ein smart måte – og ikkje gå i kredittfella!

Slik kan de jobbe med dette emnet

I dette emnet møter de ei rekkje økonomiske utfordringar og får ei rekkje ulike råd og tips om korleis dei best kan løysast. Dette er nokon av dei spørsmåla de kan jobbe med:

  • Kor mykje kostar det å flytte heimanfrå?
  • Korleis kan du få oversikt over økonomien din?
  • Korleis kan du handle smart og billeg?
  • Korleis kan du skaffe deg inntekter?
  • Korleis kan du betale rekningar og unngå kredittfella?
  • Kva rettar har du som forbrukar?
  • Kva for eit etisk ansvar har du som forbrukar?

De kan jobbe med desse spørsmåla på fleire ulike måtar. De kan til dømes:

  • Gå saman i grupper og ta utgangspunkt i dykkar eigen situasjon. Tenk dykk at de skal flytte saman i nærleiken og må klare dykk sjølv økonomisk. Korleis skal de løyse dei ulike økonomiske utfordringane de møter på?
  • Gå saman i grupper og lag eit fiktivt kollektiv. Dikt opp kvar dykkar person. Bestem dykk for namn, kjønn og utsjånad, alder, bustad, interesser og framtidsplanar for personen dykkar. Bestem deretter i fellesskap der de vil bu og løys dei ulike økonomiske utfordringane kollektivet dykkar møter på.
  • Jobb individuelt og diskuter til slutt kva du kom fram til med dei andre elevane.
  • Lag ein kampanje om forbrukarrettar eller mot kredittkjøp.

De kan jobbe med Pengesmart i fleire ulike fag. Til dømes matematikk, samfunnskunnskap, norsk, medieuttrykk og mediesamfunnet, IKT og medieproduksjon, engelsk og naturfag.

Vi har sett saman nokon av ressursane i ulike læringsstiar. Bruk stiane som dei er, tilpass dei til eigen bruk eller lag din eigen sti på stier.ndla.no

Sist oppdatert 2020-03-18T13:51:00Z
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale