Hopp til innhald

Fagstoff

Sløsesjokk

Vi nordmenn kjøper og kastar mest elektronikk i verda. Vi kastar i snitt 26 kilo elektronikk kvar i året. Programleiar Christian Strand utfordrar TIX til å få Elkjøp-kundar til å tenkje seg om: Må dei eigentleg kjøpe noko nytt?

Tenk over

Nordmenn kjøpte til saman elektronikk for 44 milliardar kroner i 2020, og vi kastar i snitt 26 kilo elektronikk kvar i året. Er du overraska over at nordmenn kjøper og kastar mest elektronikk i verda? Kvifor / kvifor ikkje?

Kvifor er det viktig å gjenvinne elektronikk?

Kva behov i behovspyramiden tenkjer du vanlegvis gjer seg gjeldande ved kjøp av elektronikk?

Er du samd med TIX som seier at han synest det er litt rart at det er mange ting som vi stadig vil kjøpe nytt av, sjølv om vi har gode produkt frå før?

Har du tru på at kommersielle aktørar framover vil ta meir og meir ansvar for dei varene dei sel, og korleis dei sel dei?

Ikkje nok med elektronikk: Vi nordmenn har òg eit svært høgt forbruk av mellom anna klede. I den relaterte artikkelen nedanfor kan du sjå ein episode av Sløsesjokket der Aleksandra Joner får eit "klessjokk".

Relatert innhald

I NRK-serien Sløsesjokket tek Aleksandra Joner og Christian Strand eit djupdykk i klesindustrien, den nest mest forureinande industrien i verda.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling