Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Matsvinn, oppgåver til podkast

Vi kastar mykje mat. Butikkar kastar mat som er gått ut på dato, kantiner og restaurantar kastar mat som ikkje blir seld. Dette er ikkje berekraftig, men kva kan vi gjere? Sophie Wiik er gründer og oppteken av grøn innovasjon – høyr kva ho meiner vi kan gjere.
Ein person skrapar uetne kjøtkaker og potetar bort frå ein tallerken og ned i ein boks med matavfall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sophie Wiik dreiv med "dumpster diving" i København då ho starta Too Good To Go i 2015. Forretningsideen til bedrifta er å redde mat frå å bli kasta ved at folk kjøper han til redusert pris. I podkasten fortel Wiik om engasjementet sitt mot matsvinn og for grøn innovasjon.

Lytt til podkasten og svar på spørsmåla.

Gründerverksemd & berekraft

0:00
-0:00

Spørsmål til podkasten

  1. Kva er matsvinn?
  2. Korleis byrja Sophie Wiiks engasjement for matsvinn?
  3. Kor stort miljøproblem er matsvinn eigentleg?
  4. Kva er den største forretningsmoglegheita i verda, ifølgje Sophie Wiik?
  5. Korleis blir "grøn innovasjon" definert i podkasten?
  6. Fyll ut med riktig ord: "I snitt heng kvart ___ kledeplagg ubrukt i skapet. Samanlikna med 1995 kastar vi ___ prosent meir klede i dag."
  7. Kva råd har Sophie Wiik til grøne innovatørar?
  8. Korleis kan visjonen bak Too Good To Go overførast til kantina i ei bedrift? Kva tiltak for å minimere matsvinn vil du foreslå for ei kantine?
Aktuelle lenkjer

toogoodtogo.no

matvett.no

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling