Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Byt til ein sirkulær forretningsmodell!

Omstilling frå lineær til sirkulær økonomi er viktig for at vi skal kunne nå berekraftsmåla til FN. I tillegg kan det ha positiv effekt på omdømmet og innteninga til ei bedrift å omstille seg til sirkulær økonomi. Men korleis kan ei bedrift gjere det?
Figur av ein sirkel som viser seks fasar i ein sirkulær økonomi. Råvarer er indikert som utgangspunktet for syklusen. Fasane som følger er: 1 design, 2 produksjon, 3 distribusjon og salg, 4 forbruk, bruk, gjenbruk og reparasjon, 5 innsamling og til slutt 6 resirkulering. Sirkelen er deretter slutta med ei pil mot utgangspunktet – råvarer. Ei ekstra pil vender seg ut av sirkelen rett før fasen – resirkulering. Ho er merkt endeleg avfall. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Jobb i par eller åleine.

  • Finn ei bedrift du eller de liker. Bruk modellen for sirkulær økonomi – og fantasien – til å lage forslag til korleis denne bedrifta kan gå over til ein sirkulær forretningsmodell.
  • Lag ei lita bok, gjerne i PowerPoint, som viser korleis bedrifta kan gjere dette, og kva fordeler det vil ha for

    • miljøet
    • menneska
    • økonomien
  • Pynt opp sidene i boka med relevante bilete og tekst.
  • Presenter boka for kvarandre, og gi kvarandre tilbakemeldingar. Gjer eventuelle endringar ut frå tilbakemeldingane.
  • Send gjerne dei ferdige bøkene til bedrifta det gjeld.
  • Saml dei ferdige bøkene i eit felles bibliotek (felles mappe).
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling