Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraft og sirkulær økonomi

Kjøper du stadig nye klede etter kvart som moten endrar seg? Kva gjer du med klede du ikkje bruker lenger? Skal vi sikre eit berekraftig samfunn, må vi bli betre til å vinne att og bruke på nytt. Kva for grep kan og må handelsnæringa ta for å sikre ei meir berekraftig utvikling?
Figur som viser sirkulær økonomi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei berekraftig utvikling er ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene framtidige generasjonar har til å tilfredsstille behova sine. Ved hjelp av sirkulær økonomi kan vi avgrense presset på naturressursane og mengda avfall.

Sirkelen ovanfor illustrerer at i ein sirkulær økonomi har produkt lengre levetid. I hovudsak dreier det seg om at produkta vi lagar, ikkje berre blir selde, brukte og kasta, men at vi fører dei inn att i verdisirkelen for å reparere dei, bruke dei om att, byggje dei om og resirkulere dei.

Skal vi sikre ei berekraftig utvikling av samfunnet, må handelsnæringa i større grad bli ein del av den sirkulæret økonomien.

Kva er sirkulær økonomi?

Miljødirektoratet definerer sirkulær økonomi slik:

I en sirkulær økonomi må produktene vare så lenge som mulig, repareres, oppgraderes og brukes om igjen. Når produktene ikke kan brukes om igjen i sin opprinnelige form, kan avfallet materialgjenvinnes og brukes som råvarer inn i ny produksjon. Ved å bruke produkter og avfall om igjen, utnyttes de samme ressursene flere ganger og minst mulig går tapt.

Sirkulær økonomi er mykje meir enn avfallshandtering. Målet med sirkulær økonomi er å skape minst mogleg avfall og å utnytte alle ressursar best mogleg. Minst mogleg skal kastast som avfall, og produkta skal haldast i eit krinsløp der stadig resirkulering fører til at vi får mindre behov for å ta ut nye råvarer.

Sirkulær økonomi i varehandelen

Omstillinga til sirkulær økonomi inneber endringar i design, produksjon og forbruksmønster. Sirkulær økonomi er ein samarbeidsmodell. Utfordringa ligg førebels i at verken forbrukarar eller produsentar har særleg god oversikt over alle fasane i livssyklusen til eit produkt. Partane som er involverte, kjenner ikkje kvarandre, og det er få som eig heile livssyklusen til eit produkt. Forbrukarane får heller ikkje nok kunnskap om kva dei kan gjere med produktet for å få det inn att i verdisirkelen.

Tenk over og diskuter i klassa

Korleis kan produsentane få betre kunnskap om alle ledd i framstillinga av og livssyklusen til eit produkt?

Korleis kan vi som forbrukarar få betre kunnskap om kva vi kan gjere for å få produkt inn att i sirkelen?

Design for ein sirkulær økonomi

For at vi skal kome bort frå bruk-og-kast-samfunnet, må produkt designast for å kunne vare lenge. I design for ein sirkulær økonomi er òg materialvalet viktig. Ein bør velje materiale som har høg resirkuleringsgrad. Det vil seie at sjølv om produktet ikkje lenger kan brukast, skal materiala det er laga av, kunne resirkulerast for gjenbruk.

I arbeidet med design må ein tenkje på at produktet skal

  • vare lenge
  • vere enkelt å halde ved like
  • vere enkelt å reparere
  • vere laga med resirkulerbare materiale
  • vere standardisert
  • vere fleksibelt i bruk
  • vekkje tillit

Eit døme på ei bedrift som arbeider bevisst med sirkulær design, er mobilprodusenten Fairphone. Telefonen deira er designa for å vare lenge, ved at han er enkel å oppgradere, tilpasse, demontere og reparere. Kundane kan til dømes sjølve enkelt byte batteri eller kamera.

Sirkulær produksjon

Når produkt ikkje kan brukast på nytt, bør avfallet kunne vinnast att og brukast som råvarer i ny produksjon.

Eit døme på slik produksjon ser vi hos Coca-Cola. På sikt skal alle flasker selskapet produserer i Vest-Europa, blir laga av hundre prosent resirkulerte eller fornybar plast (unnateken kork og etikett). Allereie frå 2021 vil alle flasker med Coca-Cola, Fanta og Sprite i norske butikkhyller vere laga av hundre prosent resirkulerte plast.

Coca-Cola jobbar òg med å utvikle papirflasker og viste nyleg fram ein tidleg prototype av ei papirflaske. Stijn Franssen, som er Packaging Innovation Manager i Coca-Cola, seier:

Vår visjon er å lage en papirflaske som kan resirkuleres som alle andre typer papir, og denne prototypen er det første trinnet på veien mot dette. En papirflaske åpner en helt ny verden av emballasjemuligheter, og vi er overbevist om at papiremballasje har en rolle å spille i fremtiden.

Sirkulære forbruksmønster

Forbrukarane blir stadig meir interesserte i ein meir berekraftig livsstil. Det kan bety å kjøpe miljøvennlege produkt, resirkulere, redusere hushaldsavfallet og bruke transportmiddel med lågt utslepp.

Å leige i staden for å eige ting er òg ein viktig del av sirkulær økonomi. Digitale delingsplattformer for leige, sal og gjenbruk blir stadig meir populære og forlengjer levetida til varer og ressursar.

Mange bedrifter har no introdusert ei panteordning, til dømes for brukte klede. Både hos H&M og hos Lindex kan du levere inn det du ikkje bruker lenger.

I filmen under kan du sjå korleis turtøyprodusenten Bergans hjelper forbrukarar til å gjere meir berekraftige val.

Sakte, men sikkert vinn den sirkulære økonomien fram i handelsnæringa. Til dømes har Noreg verdas beste pantesystem for drikkeboksar og -flasker. Systemet er enkelt: Når du kjøper ei flaske eller ein boks med drikke, betaler du samtidig eit depositum for sjølve emballasjen. Depositumet får du tilbake når du legg emballasjen i panteautomaten. Sidan alle som sel drikkeflasker og -boksar, er pliktige til å ta imot pant, blir det enkelt for forbrukarane. Resultatet er at for dei aller fleste av oss er det å pante flasker og boksar ein del av dei faste rutinane våre.

Men vi kan bli endå betre. Sjølv om vi har verdas beste pantesystem, hamnar 150 millionar flasker og boksar i søpla kvart år, ifølgje Infinitum, som driftar panteordninga i Noreg. Hadde flaskene som kvart år går i søpla, heller gått i panteautomaten, ville det gitt energi nok til at ein lastebil kunne køyrt nesten 5,2 millionar kilometer – eller 140 gonger rundt jordkloden.

Andre næringar følgjer på. Eit døme er Ikea, som no kjøper tilbake brukte Ikea-møblar og sel dei vidare i gjenbruksbutikken sin. Når kundane leverer inn ei vare, får dei eit tilgodebevis på det beløpet Ikea kjøper vara tilbake for. Tilgodebeviset kan dei bruke på varehuset eller på ikea.no.

Auka vekst med sirkulær økonomi

På samfunnsnivå kan sirkulær økonomi gi større økonomisk vekst med mindre miljøbelastning. Både utsleppet av klimagassar og volumet av materialutvinning kan reduserast sjølv med auka vekst.

På bedriftsnivå kan ein sirkulær verdikjede bety auka vekst, mindre ressursbruk, konkurransefordeler og auka effektivitet for bedrifta.

EUs handlingsplan for sirkulær økonomi

I mars 2020 la EU fram den nye handlingsplanen sin for sirkulær økonomi. Handlingsplanen inneheld 35 tiltak som vil bli lagde fram dei neste tre åra. Her er nokre av dei viktigaste for handelsnæringa:

Design

Produsentar har ikkje i dag tilstrekkeleg motivasjon til å gjere produkta sine meir sirkulære. EU ønskjer derfor eit rammeregelverk for berekraftige produkt.

Måten eit produkt er designa på, utgjer nesten åtti prosent av miljøbelastninga frå produktet. Det nye rammeregelverket vil derfor fokusere meir på sirkulær design og miljømerking.

Tekstilar

Tekstilar er den fjerde største sektoren med omsyn til miljøbelastning og råvareforbruk. Under éin prosent av tekstilane i verda blir vunne att til nye tekstilar.

EU vil setje søkjelyset på berekraftige tekstilar for å styrkje konkurransekrafta i industrien. Her er gjenbruk og gjenvinning viktig. I tillegg er motetrendar som skiftar raskt, ei utfordring som vil bli teken opp.

Forbrukarmakt

Målet er at EU-borgarane skal få tilgang til produkt som har høg kvalitet og varer lenger. Det blir derfor viktig at produkt blir designa for reparasjon, ombruk og effektiv materialgjenvinning.

EU ønskjer å lovfeste retten til å reparere, og vurderer å innføre eit forbod mot å øydeleggje uselde varer. I tillegg vurderer dei ei endring i forbrukarlovgivinga som skal sikre forbrukarane tilgang til informasjon om levetida til produkt og moglegheita for reparasjon.

Bedrifter må òg oppfylle visse minimumskrav for å kunne hevde at eit produkt er berekraftig. Digitale produktpass skal sørgje for at forbrukarar har tilgang til god informasjon ved kjøp av produkt.

Avfall

Kvar innbyggjar i EU produserer stadig meir hushaldsavfall, omtrent eit halvt tonn per år. Dette er urovekkjande, og EU vil derfor setje inn ulike tiltak for å redusere avfallsstraumane.

Elektronikk og elektronisk utstyr

Elektronikk og elektronisk utstyr står for ein av dei raskast veksande avfallsstraumane i EU. Verdifulle råvarer går tapt, sidan mindre enn førti prosent av det elektroniske avfallet i EU blir vunne att i dag.

EU vil vurdere eit system for tilbakesal av elektronikk frå forbrukarane til butikkane. Dei vil òg sjå på nye løysingar for innsamling og behandling av elektronisk avfall, og ei fellesløysing for ladarar til elektronisk utstyr.

Emballasje

Mengda avfall frå emballasje veks stadig. Emballasjeavfall per innbyggjar utgjorde 173 kilo i 2017. EU har som mål å unngå overemballering, og at all emballasje i EU skal brukast på nytt eller vinnast att innan 2030.

EU skal òg gå gjennom reguleringa av emballasje som er i kontakt med mat, for å sikre ein sirkulær økonomi utan at det går utover matsikkerheita.


Kjelder

Coca-Cola Norge. (30. oktober 2020). Vi har laget en papirflaske. Henta frå https://www.coca-cola.no/baerekraft/emballasje/vi-har-laget-en-prototype-av-en-papirflaske

Lund, Cristina. (5. mars 2019). Sirkulære forsyningskjeder [Blogginnlegg]. Henta frå https://medium.com/sprintconsulting/sirkul%C3%A6re-forsyningskjeder-93431606c39f

Miljødirektoratet. (u.å.). Hva er sirkulær økonomi? Henta frå https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/avfall/sirkular-okonomi/

Raaheim, John M. (26. april 2019). Sirkulær økonomi og Startups [Blogginnlegg]. Henta frå https://www.tekna.no/fag-og-nettverk/ledelse-og-utvikling/ledelsesbloggen/sirkulaer-okonomi-og-startups/

Regjeringen. (4. mai 2020). Handlingsplan for sirkulær økonomi, 2020. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/sub/eos-notatbasen/notatene/2020/jan/veikart-for-sirkular-okonomi-2019/id2691183/

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2021

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling