Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen "Fuck Fossils"

Fiksjonsfilmen "Fuck fossils – en framtid du ikke vil ha" handlar om korleis kvardagen til ein familie i Noreg kan arte seg i år 2050. Vi får eit innblikk i korleis klimaendringane påverkar livet til familien. Diskuter innhaldet i filmen knytt opp mot berekraftig utvikling.
  1. Kva for nokre konkrete teikn på klimaendringar blir presenterte i filmen?

  2. Finn døme frå filmen på at kvardagen til folk vil ha forandra seg i 2050.

  3. Diskuter desse påstandane:

  1. Global oppvarming er eit problem som må løysast ved at alle verksemder tek eit større ansvar for ei meir berekraftig utvikling, og at alle land i verda samarbeider. Det er lite vi som enkeltindivid kan bidra med.

  2. Det er viktig å bruke personar som ungdom kan identifisere seg med, for å få engasjement rundt berekraftig utvikling og problemet med global oppvarming.

  3. Sjølv om klimaendringar vil føre til problem, vil vi nok alltid klare å finne tekniske løysingar på dei.

  4. Filmen overdriv konsekvensane av global oppvarming for å få folk til å forstå alvoret og dermed gjere noko med problemet.

Scene frå filmen "Fuck Fossils". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Kristin Bøhle og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling