Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftige forretningsmodellar

For å nå berekraftsmåla som blir sette for næringslivet, må bedrifter utforme meir berekraftige forretningsmodellar. Det inneber å gå over frå lineære "utvinn, bruk og kast"-modellar til meir sirkulære forretningsmodellar baserte på stor grad av samarbeid, materialgjenvinning, gjenbruk og deling.
Mann legg avfall i behaldar merkt "resirkulering". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å handtere dei utfordringane verda står overfor, treng vi berekraftige forretningsmodellar. Dette gjeld ikkje berre for nyetableringar. Også godt etablerte bedrifter må gå gjennom og revurdere forretningsmodellane sine i jakta på nye og berekraftige løysingar. Det handlar om å finne nye måtar å skape økonomisk verdi på som ikkje går utover samfunnet eller miljøet.

Vi skal sjå nærare på nokre berekraftige forretningsmodellar.

Samvirkemodellen

Samvirkemodellen er eit døme på ein berekraftig forretningsmodell som skal vere til nytte for medlemmene av samvirket. Eit samvirke er ei bedrift med mange medlemmer som alle eig litt av bedrifta, og som derfor kan øve innverknad på drifta. Eit samvirke er kjenneteikna ved at det blir styrt av verdiar som er viktige for medlemmene, og ikkje berre av det økonomiske resultatet.

Samvirkemodellen blir mellom anna brukt i norsk landbruk, som hos Tine, Felleskjøpet og Nortura. Daglegvarebransjen, ved Coop, bruker òg samvirkemodellen. Coop er eigd av kundane gjennom Coop-medlemskapet deira (derav slagordet "litt ditt").

Sirkulære forretningsmodellar

Ikea har valt ein annan modell, ein såkalla sirkulær forretningsmodell. Det er ein modell der dei i staden for "bruk og kast" tenkjer "bruk og bruk igjen" – anten i form av gjenvinning av materiale eller i form av gjenbruk. Ikea har derfor mellom anna opna for å kjøpe tilbake brukte Ikea-møblar og ha ein type "bruktbutikk". Sel du eit pent brukt møbel tilbake til Ikea, blir du betalt i form av ein tilgodelapp du kan bruke i varehuset. På sikt ønskjer Ikea òg å servere plantebasert mat og redusere matsvinnet.

Ikea satsar på å bli hundre prosent sirkulære innan 2030. Dette seier dei om arbeidet og målet med ein ny forretningsmodell:

Som en del av arbeidet for å bli en sirkulær virksomhet innen 2030 har vi forpliktet oss til å:

  • gjøre det mulig for kundene våre å skaffe seg, ta vare på og kvitte seg med produkter på sirkulære måter
  • produsere 100 % sirkulære produkter (råmaterialer – resirkulert – ombygd – pusset opp – gjenbrukt)
  • bruke bare fornybare og resirkulerte materialer
  • gå foran og slå oss sammen med andre for å skape en sirkulær økonomi gjennom påvirkning, samarbeid og forretningspartnerskap[1]

Å endre ein forretningsmodell er ikkje gjort over natta. Det krev nytenking, openheit og samarbeid. Bedrifter må lage resirkulerte og resirkulerbare produkt som folk vil ha. Produkta må òg designast slik at dei lett kan både brukast att og vinnast att.

For å klare å skape sirkulære forretningsmodellar må bedriftene finne måtar å samarbeide med andre på – både private, offentlege og frivillige verksemder. Ei bedrift som har klart å få i stand eit godt samarbeid, er bedrifta Too Good To Go.

Too Good to Go

Bakgrunnen for appen Too Good to Go er at mykje av maten som blir kasta frå restaurantar og daglegvarebutikkar, er for god til å gå i søpla – han er "too good to go". Føremålet med appen er altså å få bukt med matsvinn.

Brukarane av appen får god mat til redusert pris og hjelper butikkar og restaurantar med å redusere matsvinnet. Butikkane og restaurantane når kanskje òg ei ny kundegruppe. Ved hjelp av appen samarbeider dei med kundane sine om å gjere verda litt grønare. Samtidig tener dei pengar på overskotsmaten.

Appen Too Good to Go er no verdas største nettbaserte marknadsplass for overskotsmat.

Tre hovudkategoriar av sirkulære forretningsmodellar

Ifølgje Virke-rapporten om berekraftig og sirkulær handel med varer og tenester frå 2020 kan dei sirkulære forretningsmodellane og produkta delast inn i tre hovudkategoriar:

  1. modellar og produkt som bidreg til at det blir selt (og dermed òg produsert) færre varer, til dømes fordi produkta har ei lengre levetid enn samanliknbare produkt, eller fordi forretningsmodellen er basert på utleige

  2. modellar og produkt som bidreg til å forlengje levetida til varene ytterlegare gjennom reparasjons- og konserveringtenester

  3. modellar og produkt som bidreg til meir gjenbruk, gjenvinning eller tilbakeføring av ressursar i krinsløpet

Les meir om sirkulære forretningsmodellar

Les og studer Virke-rapporten Bærekraftig og sirkulær handel med varer og tjenester (2020).

Tise

Tise er eit døme på ei nyskapande bedrift som har ein sirkulær forretningsmodell basert på meir gjenbruk og gjenvinning av produkt.

Tise er ein nettstad og ein app der du kan kjøpe og selje brukte klede, sko, vesker, smykke, klokker, briller, kunst og diverse interiør. Tise-appen har òg tips til korleis du kan reparere, sy og halde ved like både ting og klede.

Delingsøkonomi

Måten vi har vore vane med å tenkje på eigarskap av ressursar på, er i ferd med å endre seg. Berekraftig økonomi handlar ikkje berre om resirkulering, men òg om bruk. Ein drill, til dømes, bruker du truleg maks nokre minutt i veka sjølv. Når ikkje du har bruk for drillen, kan han kanskje brukast av nokon andre?

For at vi skal bruke kvart enkelt produkt meir, må vi leggje til rette for meir utleige og utlån. Vi må dele på bruken av produkta, og det er altså dette vi kallar delingsøkonomi. Airbnb og Uber er døme på verksemder som bidreg til delingsøkonomi.

Delingsøkonomien handlar om å utnytte ressursar som allereie er i økonomien, slik som bilar, kvitevarer, bustader og maskiner. Veldig mange slike ressursar treng vi ikkje å eige sjølve for å bruke.

Delingsøkonomien har ført til mykje nyskaping, og eitt produkt av denne nyskapinga er appen leieting.no. På leiting.no kan du leige alt frå pulk og felleski til tilhengjarar. Det har òg dukka opp både utleige- og abonnementsordningar for klede som eit alternativ til å kjøpe nytt. Dette er fjong.com eit døme på.

Ei omlegging til ein meir berekraftig økonomi grip inn i alle delar av forretningsmodellen. Slike store endringar er ressurskrevjande for ei bedrift. Dei omfattar gjerne heile verdikjeda som bedrifta er ein del av.

Døme på element i forretningsmodellen som bedrifter må utvikle for å bli meir berekraftige
  • vareutval/produktspekter
  • produsentansvar
  • digitale løysingar
  • produksjonsprosessar
  • logistikksystem
  • transport
  • varelager
  • betalingsmodellar
  • avfallshandtering

Kjelder

Virke. (15. mai 2020). Bærekraftig og sirkulær handel med varer og tjenester. Henta frå https://static1.squarespace.com/static/576280dd6b8f5b9b197512ef/t/5ee0a76691ffd049f4738faa/1591781228297/r19-2020+BC\\3A\\6rekraftig+og+sirkulC\\3A\\6r+handel+med+varer+og+tenester.PDF

Regjeringa. (4. mai 2020). Handlingsplan for sirkulær økonomi, 2020. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/sub/eos-notatbasen/notatene/2020/jan/veikart-for-sirkular-okonomi-2019/id2691183/

Landbruk.no. (14. mai 2020). Samvirke er en bærekraftig forretningsmodell. https://www.landbruk.no/samvirke/samvirke-er-en-baerekraftig-forretningsmodell/

Ikea. (u.å.) Et sirkulært IKEA – vi får tingene som vi er glade i, til å vare lenger. Henta frå https://www.ikea.com/no/no/this-is-ikea/sustainable-everyday/et-sirkulaert-ikea-pub9750dd90

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2023

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling