Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forretningsplanen til Folkeladeren

I denne oppgåva skal du beskrive og vurdere forretningsplanen til Folkeladeren.

Oppgåve 1

Sjå videoen ovanfor. I videoen blir du kjend med forretningsidéen til Folkeladeren og arbeidet deira med å utvikle ein forretningsplan.

Oppgåve 2

  1. Beskriv forretningsidéen og forretningsplanen til Folkeladeren. Bruk informasjonen frå videoen ovanfor og nettsida til Folkeladeren. Nedanfor er nokre hjelpespørsmål som bør vere svarte på. Om du ikkje finn eksakte svar på spørsmåla, skriv korleis du går ut frå at det er.

    Hjelpespørsmål
    • Kva er forretningsidéen til Folkeladeren?

    • Korleis fokuserer dei på berekraft?

    • Kven er målgruppa?

    • Kva marknadsmål har dei?

    • Kva slags marknadskommunikasjon nyttar dei?

    • Kva salskanalar nyttar dei?

    • Kva betalingsløysingar nyttar dei?

    • Kva distribusjonsformer har dei?

    • Kva kostnader har dei?

    • Kva marknadsaktivitetar skal dei gjennomføre?

  2. Vurder forretningsidéen og forretningsplanen til Folkeladeren ut frå eit berekraftperspektiv.

Oppgåve 3

I 2021 blei bedrifta Folkeladeren.no - Euromatic AS kåra til ei gasellebedrift av Dagens Næringsliv. Søk på internett, og gjer greie for kva det betyr å bli ei gasellebedrift, og kva som skal til for å komme på DN si gaselleliste.

Oppgåve 4

Eit av punkta i forretningsplanen til Folkeladeren handlar om marknadskommunikasjon.

  1. Har du høyrt eller sett noko marknadskommunikasjon frå Folkeladeren tidlegare? I så fall, kva då?

  2. Søk etter marknadskommunikasjon om Folkeladeren. Korleis synest du denne marknadskommunikasjonen fungerer?

  3. I videoen nedanfor kan du sjå ein av Folkeladeren sine konkurrentar, bedrifta Easee. Dei har fått med seg Gjert Ingebrigtsen i marknadsføringa si.

    • Bør Folkeladeren òg få med seg ein kjend person i marknadskommunikasjonen sin? Kvifor / kvifor ikkje?

    • Kva for ein kjend person kunne Folkeladeren eventuelt ha nytta i marknadskommunikasjonen sin?

    • Kva for nokre kommunikasjonskanalar synest du Folkeladeren bør satse mest på?

Oppgåve 5

Forretningsplanar må utviklast i takt med samfunnsutviklinga.

  1. Kva endringar trur du vi vil få i samfunnet framover, som kan vere relevante for sal av Folkeladeren?

  2. Kva endringar tenkjer du at Folkeladeren må gjere i forretningsplanen sin i åra framover for å ta omsyn til samfunnsutviklinga? Grunngi svaret ditt.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling