Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraft og miljø

Berekraft handlar om korleis vi kan halde fram med å produsere varer og tenester utan at vi øydelegg for framtidige generasjonar. Bedrifter må omstille seg og drive på ein ny måte som belastar miljøet mindre.
Mann trillar jordkloden i barnevogn. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slutt på bruk og kast

For å få ei berekraftig utvikling må vi utnytte ressursar betre og bruke mindre. Viss vi samtidig skal tene pengar, må vi tenkje litt annleis enn vi gjer i dag.

I dag er det økonomiske systemet bygt opp rundt ein såkalla bruk-og-kast-tankegang. Bedrifter tener pengar ved å heile tida produsere nye ting. Framover må bedrifter omstille seg til ein sirkulær økonomi. Det inneber at produkt og ressursar blir i økonomien lengst mogleg.

Dette kan vi oppnå ved å avgrense bruken av råvarer, avfall og utslepp. Produkt må nyttast fleire gonger, reparerast og attvinnast og nyttast att i nye produkt.

IKEA har til dømes begynt å kjøpe tilbake brukte møbel som dei sel billigare i varehusa sine. Jeansmerket Nudie har eigne systover der dei tilbyr gratis reparasjon av øydelagde klede.

Vidare vil det bli lønsamt å leige og dele. I staden for å selje mange produkt kan ein heller selje tenester som service og reparasjon. Bergans har til dømes eit testprosjekt der foreldre kan leige vinterdress til fireåringane sine, dressar barna veks ut av om eit år uansett. Den brukte dressen blir reparert, fiksa opp og leigd ut til ein ny fireåring året etter. Slike løysingar er bra for både miljøet og privatøkonomien.

Vi må spare energi

Bedrifter må også omstille seg med tanke på energibruk. Alle må nytte mindre energi, og den energien som blir nytta, må vere rein. I tryggingsbransjen køyrer til dømes vektarar rundt i elbilar. I tillegg køyrer dei sjeldnare fordi digitale system har gjort minibankane i stand til å gi beskjed når dei treng påfyll av kontantar. Tidlegare måtte vektarane køyre rundt og sjekke kontantbehaldninga fleire gonger i veka. I dag held det med eit par gonger i månaden.

På Hurtigruten er om lag halvparten av maten som blir servert på skipa, kortreist. Kortreist mat er lokal mat, mat som er produsert i nærleiken av forbrukar. Dette har mange miljøfordelar.

Ved å handle direkte frå gardar, fiskarar eller andre lokale produsentar blir det mindre utslepp frå transport. Når Hurtigruten veit kvar maten kjem frå, kan dei også garantere for dyrevelferd, dei veit at dyra har hatt det bra. På toppen av det heile bidreg dei til verdiskaping for lokalbefolkninga i områda dei besøker.

Vi ønsker berekraftige produkt

Det at stadig fleire er opptekne av å ta vare på kloden vår, påverkar mellom anna kjøpsåtferd, det vil seie kvar, korleis og kva vi kjøper. Vi ønskjer at produktet vi kjøper, er berekraftig. Derfor stiller vi krav til de som sel produktet.

Når du kjøper ein genser, er du kanskje oppteken av at kvaliteten skal vere god, slik at han kan brukast så lenge som mogleg. Vidare kan det vere viktig for deg at attvinningsgraden skal være høg, altså at materialet kan nyttast om att mange gonger. Det kan også vere viktig at butikken har ei systove slik at genseren kan reparerast viss han blir øydelagt.

Du er sikkert oppteken av plastforsøpling, så du vil ikkje at genseren skal vere pakka inn i plast. Viss genseren er laga i eit anna land, vil transporten til akkurat din butikk også medføre ein del utslepp. Dersom produksjonen av genseren har gått ut over dyrevelferd, eller genseren er laga av barn, vel du heller ein annan.

Dette stiller krav til den butikktilsette. Han eller ho må ha kunnskap om produkta butikken sel. Dei må kunne dokumentere det økologiske fotavtrykket frå genseren, det vil seie kor stor belasting produksjonen av genseren har påført miljøet.

Turistar på vandring i fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grøn turisme

Viss du skal ut å reise, vil du kanskje unngå å reise til ein stad der masseturismen er i ferd med å øydeleggje sårbar natur eller forstyrre dyre- og fugleliv. Å reise med eit selskap som legg att ein haug med søppel, er kanskje heller ikkje så freistande? Du ønskjer antakeleg eit reiseselskap som forureinar minst mogleg og tek ansvar for miljøet rundt seg.

Reiselivsnæringa i Noreg sel naturopplevingar. Nokre destinasjonar fløymer over av turistar i høgsesong, men ligg stille og forlatne resten av året. Dette kan påføre verdifulle stader stor slitasje. Eit berekraftig reiseliv inneber derfor å få turistar til fleire stader gjennom heile året, slik at belastinga blir jamna ut.

Dei som jobbar i reiselivsnæringa, må ha kunnskap om korleis akkurat deira bedrift bidreg til berekraftig utvikling. I tillegg må dei lære opp og instruere gjestar om korleis dei belastar naturen minst mogleg.

Berekraft vil bli stadig viktigare for omdømmet til bedrifter og merkevara deira. Tilsette vil i større grad bidra til å skape denne merkevara. Viss du sel eit grønt produkt, er det til dømes ein fordel viss kundane dine ser at du følgjer ein grøn livsstil. Bedrifter kan tilby opplæring av tilsette slik at dei kan ta grøne val på vegner av bedrifta.

Faglege omgrep

Berekraftig utvikling: ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for framtidige generasjonar til å tilfredsstille sine.

Attvinning: å bruke stoff frå avfall og restprodukt på nytt.

Kortreist: blir nytta om produkt som er produsert lokalt. Dette har ei rekkje miljøfordelar, som mindre transport og økonomisk vekst i lokalmiljøet.

Sirkulær økonomi: eit økonomisk system der målet er å utnytte alle ressursar best mogleg. Minst mogleg skal kastast som avfall, men bli halde i eit kretsløp der stadig resirkulering fører til mindre behov for å ta ut nye råvarer.

Økologisk fotavtrykk: eit mål på kor stor verknad aktivitetane til menneska har på økosystemet på jorda.

CC BY-SASkrive av Anne Kristine von Hirsch. Rettshavar: MarkedsPartner AS
Sist fagleg oppdatert 05.12.2019

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling