Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein forretningsmodell?

Forretningsideen til ei bedrift fortel kva bedrifta skal gjere, og forretningsmodellen fortel korleis bedrifta skal gjennomføre det i praksis. Forretningsmodellen beskriv korleis bedrifta skal dekkje behov og skape verdiar.
Omgrepsforklaringar til videoen

forretningsmodell – ein plan for kva vi skal gjere gjennom heile forretningsløpet

lean startup – ein metode for å utvikle produkt som kan forkorte produktutviklingsprosessen, og som analyserer om forretningsmodellen er levedyktig

Business Model Canvas – ein metode for å utvikle forretningsmodellar

kundesegment – dei vi skaper verdi for, kundane til verksemda

kunderelasjon – forholdet vi har til kundane våre, korleis kundane kjenner oss

kanalar – dei ulike måtane vi når kundane våre på, og korleis vi sender produkta våre til kundane

verdiløfte – eit løfte om kva problem vi skal løyse for kundane, kva behov vi tilfredsstiller i marknaden, og kva verdi vi tilfører kundane

inntektsstraum – måten vi tener pengar på, aktivitetar som genererer inntekter

ressursar – kompetanse, pengar med meir

kjerneaktivitetar – nøkkelaktivitetane som vi skal konsentrere verksemda rundt

partnarar – leverandørar og andre vi må samarbeide med for å kunne utføre kjerneverksemda vår

kostnader – det vi må bruke pengar på

skalere opp – auke produksjonen

risiko – det som kan gå gale

Forretningsmodellen

Ein forretningsmodell gir deg ei oversikt over kva du faktisk må handtere for å tene pengar på bedrifta di. Når du har ein god idé, er det lett å fokusere einsidig på å skape eit unikt produkt. Då kan du fort gløyme å tenkje ut ein forretningsmodell som faktisk skaper inntekt.

Når du arbeider med ein forretningsmodell, er det ofte nødvendig å lage fleire utkast. Det er òg lurt å teste modellen på nokon for å få tilbakemeldingane deira, og deretter gjere nødvendige endringar ut frå tilbakemeldingane. Når modellen er ferdig, er han eit godt verktøy for bedrifta di.

Les døme på spørsmål som ein forretningsplan skal gi deg svar på

Kva skal du levere?

Er marknaden stor nok?

Kva nytte har produktet?

Kva verdi har produktet for andre?

Kva er det ved produktet som gjer at kundane vil kome tilbake igjen og igjen?

Kva verdi har produktet for deg?

Kven er kundane, og korleis skal du nå dei?

Kven er venner, konkurrentar eller moglege samarbeidspartnarar?

Kva kostnader har du, og kvar kjem dei frå?

Korleis skal du selje?

Korleis ser inntektene ut, og kvar kjem dei frå?

Korleis skal du ta betalt?

Korleis skal du levere?

Business Model Canvas

Business Model Canvas har blitt ein populær modell å bruke til å lage forretningsmodellar. Ein av fordelane med Canvas-modellen er at han gir deg ei fin oversikt over det meste du treng å vite, på éi side. Oversiktsbiletet som modellen gir, gjer det lettare å sjå korleis ting heng saman.

Business Model  Canvas. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Business Model Canvas består av ni ulike element som det er meininga at du skal kartleggje og fylle ut i modellen. Denne kartlegginga gir deg ei oversikt over korleis du kan produsere og levere eit produkt til eit bestemt kundesegment. I tillegg gir modellen eit grunnlag for å vurdere om konseptet ditt er levedyktig, om det skaper nok inntekter til bedrifta.

Nedanfor ser du eit døme på korleis eit hytteutleigefirma kan bruke modellen til å planleggje forretningskonseptet sitt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2021

Læringsressursar

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling