Aleksandra Joners klessjokk
Tenk over
Kor mange jeans har du i klesskåpet ditt? Kor mange t-skjorter har du? Kor ofte bruker du eigentleg dei ulike kleda dine?
Kva tenker du etter å ha sett episoden ovanfor? Er du overraska over kor mykje som skal til for å lage dei plagga du kanskje berre bruker nokon få gonger?
Haugane av klede veks og veks. Ifølge Hilde Kjønstad, som er innkjøpsleiar i Fretex, er nordmenn flinke til å donere klede, men ikkje like flinke til å kjøpe brukt. Ho fortel vidare at det kjem inn heile 50 tonn med klede til Fretex om dagen, men at berre 10 prosent av det dei samlar inn, blir selt i butikkane deira.
Dei resterande 90 prosentane av det som blir samla inn, blir eksportert til sorteringsanlegg i Europa, der bruktmarknaden er mykje større enn i Noreg. Hilde Kjønstad har uttalt følgande:
Vi skulle gjerne ha selt meir brukt i Noreg, men har dessverre ikkje etterspørselen til det. Vi skulle gjerne sett at folk var like gode til å kjøpe brukt som til å gi til innsamlingsaktørane. Vi jobbar for at det skal vere inspirerande for folk å handle brukt tøy i butikkane våre.
Tenk over
Kvifor trur du at nordmenn er flinke til å gi vekk brukte klede – men ikkje så flinke til å kjøpe brukt?
Vibrent, tidlegare kalt Fjong, var eit selskap som leigde ut klede. Selskapet blei lagt ned i 2024. Konseptet var ei strøymeteneste som lot deg abonnere på klede. Hos Vibrent kunne både privatpersonar, designarar, butikkar og leverandørar leige ut klede.
Ambisjonen til Vibrent var å vere med på å endre måten vi konsumerer klede på. Å auke utnyttingsgrada på antrekka vil gagne både eigarane og brukarane, i tillegg til at det er mykje meir berekraftig og økonomisk. I videoen nedanfor fortel gründeren av Fjong, deretter Vibrent, Sigrun Syverud, meir om konseptet:
Tenk over
Kunne du tenkt deg å teste ut ei strøymeteneste som lèt deg abonnere på klede? Kvifor / kvifor ikkje?
Kva kan vere framtidige løysingar for å få ein meir berekraftig tekstilindustri? I den relaterte artikkelen nedanfor kan du sjå Jenny Skavlan besøke eit firma i Portugal som jobbar med å gjere avfall om til tekstilar.
Relatert innhald
Jenny Skavlan elskar klede og er samtidig oppteken av berekraftige løysingar. Kva kan vere framtidige løysingar for ein meir berekraftig tekstilindustri?