Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrukaråtferd

Analyse og innsikt i forbrukaråtferd er ein viktig del av marknadsføring. Kva meiner vi eigentleg med forbrukaråtferd? Går vi mot ei meir berekraftig forbrukaråtferd?
Ein person ser på bukser i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er forbrukaråtferd?

Forbrukaråtferd dreier seg om tankane og handlingane til forbrukarane når dei søkjer, vurderer, kjøper og bruker produkt. Forbrukaråtferd blir òg ofte kalla som kjøpsåtferd.

Tenk over

Kva trur du påverkar forbrukaråtferda di?

Forbrukaråtferd varierer frå forbrukar til forbrukar, og det er mange faktorar som kan påverke forbrukaråtferd. Til dømes kan verdiar, haldningar, personlegdom, interesser, kulturell bakgrunn, økonomi, familie og venner påverke forbrukaråtferd.

Ein viktig del av marknadsføring handlar om å forstå og dekkje behov. Innsikt i motivasjonen og behova til forbrukarane og i andre faktorar som kan påverke forbrukaråtferd, er viktig i marknadsføringssamanheng. Denne innsikta gir betre føresetnader for å kunne tilfredsstille dei behova og ønska forbrukaren har, og for å velje kva slags verkemiddel ein skal bruke i marknadsføringa.

Tenk over

Du har kanskje høyrt dette uttrykket: "Sei meg kva du handlar, og eg skal seie deg kven du er." Trur du at til dømes kva slags forbrukaråtferd du har når det gjeld klede, kan seie noko om deg som person?

I denne episoden av serien Avkledd ser vi Jenny Skavlan som fortel at ho føler at ho fortel omverda noko om seg sjølv gjennom det ho har på seg. Jenny inviterer ei gruppe menneske som skal prøve å beskrive ein person ut frå kleda dei ser at personen eig. Sjå gjerne frå 11:24 til 21:23.

Vi blir påverka

Vi kjøper alle ting innimellom som vi strengt teke ikkje treng. Kva faktorar trur du kan påverke kjøpsavgjerda vår i slike tilfelle?

Vi forbrukarar kan mellom anna bli påverka ubevisst av lydar, lukter, fargar, lys og visuelle former. Vala våre kan ofte vere baserte på impulsar, kjensler og vanar, og vi har vel alle, bevisst eller ubevisst, blitt påverka av reklame.

Tenk over

Kva trur du kjenneteiknar reklamar som du blir påverka av?

Handelshøyskolen BI gjennomførte ei undersøking som viste at kundar brukte meir pengar viss dei høyrde på rask musikk, som til dømes Lady Gaga, enn viss dei høyrde på rolege balladar. Undersøkinga viste òg at det hadde ei betydning om det var fleire menneske i butikklokalet.

Mot ei meir berekraftig forbrukaråtferd?

Mange forbrukarar ønskjer å leggje om forbruket i ei meir berekraftig retning. Det er ei viktig marknadsføringsoppgåve å utvikle og vise vegen til nye, betre og meir berekraftige løysingar. Eit døme er at fleire forbrukarar ønskjer alternativ til kjøttprodukt. Det blir derfor stadig fleire vegetarprodukt å velje mellom i butikken.

Ein pakke med vegetarpølser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange forbrukarar tenkjer kanskje kva dei kan gjere for å bidra til ei meir berekraftig utvikling. I NRK-episoden frå serien URO, som du kan sjå nedanfor, bekymrar Leo Ajkic seg for sitt eige forbruk knytt til klima. Han får eit råd om at han kan endre litt i forbruket sitt, knytt til ein enkel hugseregel med følgjande fire b-ar:

  • biff (kjøt)

  • bustad (hus, leilegheit)

  • bilen (transportmiddel)

  • billetten/Boeingen (flybilletten)

Leo Ajkic er glad i raudt kjøt, men han ønskjer å leggje om kjøtforbruket i ei meir berekraftig retning. Han ber om hjelp frå Gunnhild Stordalen. Sjå frå 29:00 i episoden frå NRK-serien nedanfor.

Berekraftig ferie

I videoen nedanfor møter vi Marianne og Fredrik, som er kjærastar. Dei har ikkje fått så mykje tid til kvarandre i det siste, så no vil dei reise på tur saman.

Berekraftig klesforbruk

Det kan utgjere ein forskjell for klimaet å endre litt i forbruket når det gjeld klede òg. Kleshaugane veks og veks. Ifølgje tal frå SIFO har nordmenn i gjennomsnitt 359 plagg i klesskapet. Kvart femte plagg blir sjeldan eller aldri brukt, og vi kastar i snitt 23 kilo klede kvart år.

Tre personar ser på jakker på eit klesstativ utanfor ein klesbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mote- og tekstilindustrien er den nest mest forureinande industrien i verda. Dei siste 20 åra har klesproduksjonen dobla seg, til over 100 milliardar plagg i året, og det er berre 1 prosent av kleda som blir resirkulerte.

Les og tenk over

Les dei tre artiklane nedanfor:

Aleksandra Joners klessjokk

Jenny Skavlan utforskar framtidige løysingar for tekstilindustrien

Helseskadeleg produksjon av klede

Korleis kan vi gå i ei meir berekraftig retning når det gjeld klede?

Relatert innhald

Kilde

Senneset, I. (2019, 1. juli). FN-rapport: Klesindustrien står for større utslipp enn fly og skip. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/9vre8d/fn-rapport-klesindustrien-staar-for-stoerre-utslipp-enn-fly-og-skip

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021

Læringsressursar

Marknader, kjøpsåtferd og segmentering