Hopp til innhald

Fagstoff

Maslows behovspyramide

Maslows behovspyramide viser menneskelege behov som steg i eit hierarki. Les om kva dei inneber, og drøft korleis dei kan brukast for å motivere til kjøp.

Kan du setje kvart steg i pyramiden der det høyrer heime? Du kan lese meir om stega under pyramiden.

Behovsteori

Den amerikanske psykologen Abraham Maslow har skapt ein av dei mest kjente klassifikasjonane av menneskelege behov. Teorien blir kalla behovspyramiden, sjå figuren.

Vi kan nytte behovspyramiden som grunnlag for å forstå kva ulike behov kan ha å seie i samband med kjøp og sal.

Beskriving av Maslows behovspyramide

Trinn 1: Fysiologiske behov

Gjeld behov for mat og drikke og vern mot streng kulde, sterk varme, smerte og ubehag.

Trinn 2: Sikkerheitsbehov

Gjeld mellom anna vern mot fysiske angrep. Sikkerheit handlar også om føreseielegheit og faste rammer, om regelmessigheit, stabilitet, orden og struktur i tilværet.

Trinn 3: Sosiale behov

Vi menneske er skapte for å leve i fellesskap, ikkje enkeltvis eller isolert. Ofte er handlingane våre bestemde av ønsket om kontakt og samhøyr med andre. Vi treng nokon å vere saman med, dele opplevingar med og tru oss til.

Trinna 1–3 kallar Maslow mangelbehov. Viss vi manglar mat, drikke, sikkerheit eller kontakt, kjem kroppen i ubalanse. Når vi sørgjer for tilførsel av det vi manglar, blir balansen retta opp att – for ei stund. Vi kan seie at behov er manglar som må blir dekte for at vi skal kunne oppleve velvære.

Trinn 4: Aksept

Dei fleste av oss ønskjer å få ros og oppnå status og prestisje. Nokon ønskjer berre å få velfortent ros, nokon vil bli flinkast i klassen, mens andre vil vinne i idrett eller andre former for konkurransar. Ein kan også få status ved alltid å ha siste mote i klede, den mest moderne mobiltelefonen eller det dyraste stereoanlegget.

Trinn 5: Sjølvrealisering

Å realisere seg sjølv vil seie å få moglegheit til å bruke dei medfødde evna sine og realisere draumane sine. Behovet for sjølvrealisering er på sett og viss umetteleg. Ambisjonane varierer sterkt. Eit menneske med stort behov for sjølvrealisering set seg stadig nye mål.

Trinna 4 og 5 kallar vi vekstbehov.

Maslow samanliknar behova med trinna i ein pyramide. Behov på det nedste trinnet må bli tilfredsstilte før vi tenkjer på sikkerheit og tryggleik, sosial kontakt, sjølvhevding og sjølvrealisering.

Maslow presenterte behovspyramiden første gang i 1949 og utvikla han vidare fram til han døydde i 1970. Pyramiden er framleis aktuell, men psykologar meiner ikke lenger at ein nødvendigvis må få tilfredsstilt behova i eit trinn før ein kan søkje å få tilfredsstilt behov på eit høgare trinn.

Tenk etter

Ta for dykk trinn for trinn i behovspyramiden. Drøft korleis ulike behov kan motivere til kjøp av ulike varer og tenester.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Marknader, kjøpsåtferd og segmentering