Hopp til innhald

Fagstoff

Helseskadeleg produksjon av klede

Veit du kor mykje vatn som trengst for å produsere ei T-skjorte? Mote- og tekstilbransjen er ein av dei mest forureinande industriane i heile verda. Til dømes kan jeansane dine vere sprøytte med kjemikaliar.
Ein ung mann står og ser på butikkhyller fulle av olabukser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kor mykje vatn trengst for å produsere ei T-skjorte?

For å produsere éi enkelt T-skjorte går det med cirka 1 400 liter vatn. Det svarer til meir enn ti fulle badekar. Bomull er nemleg ein veldig tørst plante, og kleda våre kan dermed ha ein svært negativ påverknad mellom anna på miljøet. Det blir òg brukt mykje kunstgjødsel og sprøytemiddel på bomullsmarkene.

Du har sikkert ikkje høyrt om Aralsjøen, men det er ein innsjø i Usbekistan. Tidlegare var han den fjerde største innsjøen i verda, men han har no krympa til cirka ein femtedel av den opphavlege storleiken sin. Tekstilindustrien forgiftar vassforsyninga til millionar, og bomullsdyrking har nesten tørka ut Aralsjøen.

To samanliknande satelittbilete av ein innsjø. I det venstre satellittbiletet har innsjøen mykje mindre vatn enn i det høgre biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips til læraren: Dokumentaren Stacey Dooley – Sannheten om klesindustrien kan lastast ned via AV Sentralen: Stacey Dooley – Sannheten om klesindustrien, avsentralen.no. I dokumentaren kan elevane sjå meir om Aralsjøen og andre etiske og berekraftige problemstillingar knytte til tekstilindustrien.

Helseskadeleg produksjon av jeans

Dei fleste jeansane vi kjøper her i Vesten, er laga i Austen, til dømes i Kina eller Bangladesh. Desse landa er kjende for tekstilfabrikkane sine, og arbeidskrafta er ofte billeg. Mykje av produksjonen av jeans er helseskadeleg for arbeidarane og miljøet. Det er dermed fleire etiske og berekraftige problemstillingar knytte til produksjon av klesplagg, som til dømes jeans.

Ein person med slitne jeans held ei hand i lomma. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Veit vi eigentleg kva behovet vårt for moteriktige jeans påfører andre? I dokumentaren nedanfor kan vi lære meir om dette.

Kjelder:

Store norske leksikon. (2020, 7. mai). Aralsjøen. Henta frå https://snl.no/Aralsj%C3%B8en

Fairtrade Noreg. (u.å.). Bomull. Henta frå https://www.fairtrade.no/finn-produkter/produktkategorier/bomull.html

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt