Hopp til innhald

Fagstoff

Produktnivå

Kva er eigentleg eit produkt? For å få ei meir nyansert forståing av kva eit produkt er, må du lære å skilje mellom ulike produktnivå. Vi deler inn i kjerneproduktet, det konkrete produktet, det forventa produktet, det utvida produktet og det potensielle produktet.
Ein sirkel med mange lag som illustrerer dei ulike nivåa til eit produkt. Den inste sirkelen er kjerneproduktet. I sirkelen utanfor kjem det konkrete produktet, deretter det forventa produktet, så det utvida produktet og ytst det potensielle produktet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjerneproduktet

Omgrepet kjerneprodukt siktar til behovet som blir dekt når du kjøper eit produkt. Kjerneproduktet er den inste motivasjonen din for kjøpet. Til dømes kan avslapping vere kjerneproduktet ved kjøp av ei reise.

Andre døme kan vere at du dekkjer behovet for mat og drikke ved å handle brød, mjølk og pålegg, du kjøper deg glatt og frisk hud ved å velje ein spesiell hudkrem, eller du kjøper deg plass i ein spesiell omgangskrins ved å skaffe deg ei jakke som er veldig populær blant menneska i denne gruppa.

Det konkrete produktet

Det konkrete produktet er, som uttrykket seier, det faktiske produktet du kjøper for å dekkje eit behov. Det er som oftast det konkrete produktet vi siktar til når vi snakkar om produkt i det daglege, men som marknadsførar er det formålstenleg at du har ei meir nyansert forståing enn som så.

I dømet med reisa, der avslapping er kjerneproduktet, er sjølve reisa kjøpt frå reiseselskapet det konkrete produktet. I dømet med jakka du kjøpte for å passe inn i ein spesiell vennekrins, er det sjølve jakka som er det konkrete produktet, med dei eigenskapane ho måtte ha knytte til snitt, farge, materiale og bruksområde.

Det forventa produktet

Det forventa produktet dreier seg om tilleggsverdiane som blir forventa å følgje med på kjøpet av eit produkt. Du forventar til dømes at restauranten har god service, reine bord, at servitøren har gode kunnskapar om maten, at det er ein behageleg temperatur i lokalet og at maten er god. Ved kjøp av ein TV forventar du å få med ein bruksrettleiing og at det følgjer med ein garanti mot fabrikasjonsfeil.

Det utvida produktet

Det utvida produktet er tilleggsytingar som kan følgje med kjøpet ut over det kjøparane forventar. Slike tilleggsverdiar kan vere ekstra service, ekstra oppfølging frå seljaren etter at du har kjøpt, ekstra garantiar og så vidare.

Det kan til dømes vere ei lita krukke med impregnering når du kjøper sko, eller nokre gratisprøver på hudkremar når du har vore til hudpleie i ein salong. Nokon gonger kan ei lita ekstra oppmerksemd eller tilleggsyting ha stor betyding og vere med på å differensiere produktet frå produktet til konkurrentar. Kan du hugse noko som gjorde ekstra godt inntrykk på deg ved ei kjøpsoppleving?

Det potensielle produktet

Det potensielle produktet er moglege tilleggsytingar, endringar og utvidingar som produktet kan vidareutvikle i framtida, for å gi det ytterlegare verdi.

Korleis trur du til dømes bilen vil vere i framtida? Sjølvstyrande bilar, som blir kalla autonome, er noko heile bilbransjen jobbar med. Med autonome bilar kan du gjere andre ting mens du køyrer. Dette kan igjen skape eit behov for eit interiør som blir endra etter kva du vil gjere, eit såkalla modulært interiør. Kanskje du kan leggje deg ned og sove i ei fullverdig seng mens bilen køyrer deg dit du skal?

Futuristisk, stilig kvit bil på utstillingsrampe. Bilen har dører som opnar seg opp og fram saman med taket, og frontruta er vippa til ein flat posisjon. Bilen har to kvite sete. Det skin både i bilen, rampa han står på, og i metallplater i taket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt