Hopp til innhald

Fagstoff

Merkevarebygging

Har du nokon gong tenkt over kvifor du kjøper akkurat DET produktet frå akkurat DET merket med akkurat DEN logoen? Her speler merkevarebygging ei rolle. Tenk på ei merkevare innanfor brus, fastfood eller joggesko. Kva merkevarer tenkjer du på?
En ung jente tar bilde av joggeskoene sine med mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenkte du på Coca-Cola då du skulle tenkje på brus? Tenkte du på McDonald's då du skulle tenkje på fastfood? Kan hende tenkte du på Nike då du skulle tenkje på joggesko? Dei tre nemnde merka er utan tvil døme på sterke merkevarer.

Merkevarer gir tilleggsfordelar og verdi

Når eit produkt har verdi og får tilleggsfordelar i kraft av sjølve merket, kallar vi det ei merkevare. Til dømes er bilmerket Volvo assosiert med verdien sikkerheit. For bilmerket Jaguar er status ein tilleggsfordel.

Ei merkevare blir ikkje til av seg sjølv, men er eit resultat av ein prosess over tid. Når vi strategisk byggjer merke slik at dei blir tillagde verdi, får tilleggsfordelar og kjennskapen til dei aukar, kallar vi det merkevarebygging.

Målet for merkevareprodusentar er å etablere seg i medvitet vårt. Dei ønskjer at merket deira skal gi oss positive assosiasjonar i form av tilleggsfordelar og gode verdiar. Hensikta er at vi både skal hugse og velje nettopp deira merkevare.

Ei jakke er ikkje nødvendigvis berre ei jakke som skal halde deg varm. Status, kjensler og historier kan òg knytast til jakka. Viss du kunne velje akkurat den vinterjakka du ville, uavhengig av pris, kva merke ville du ha valt? Kor viktig er sjølve merket på jakka?

Kva merkevara betyr for forbrukaren

Det finst eit enormt utval av produkt, så det kan til tider vere vanskeleg å velje. Ofte vel vi produkt frå kjende merke. På den måten kan merkevarer hjelpe oss å ta val og gjere kjøpsprosessen enklare.

Det kjennest tryggare å kjøpe merkevarer, sidan vi ofte kjenner til kva kvalitetar produktet har. Det kan òg gi oss ei auka tilfredsheit i form av kjensla av tilhøyrsel eller av å få «noko ekstra» i form av tilleggsfordelar og verdiar som blir assosierte med produktet.

Kva merkevarebygginga betyr for verksemda

Dei fleste verksemder har eit mål om å styrkje merkevara si. Merkevarebygging gir fleire konkurransefordelar, som til dømes at merkevara kan prisast høgare. Dette gir betre moglegheiter for vidare vekst og utvikling av verksemda.

Gjenkjøp og lojalitet er òg ein positiv effekt av vellykka merkevarebygging. Ei sterk merkevare kan gi større makt over og dermed ein fordel i kampen om hylleplass i butikkane.

God merkevarebygging gir sterkare merkevarer. Sterke merkevarer bidreg til meir effektiv og forenkla marknadskommunikasjon. Ei etablert merkevare som Apple treng ikkje å bruke store ressursar på å synleggjere merkenamnet.

Merkeelement

Når du tenkjer på ei merkevare, er kanskje logo, slagord, sjølve merkenamnet og designet noko av det du assosierer med ho. Dette er døme på synlege element som omgir ei merkevare, og dette blir kalla merkeelement. Merkeelement gjer forbrukarane i stand til å kjenne igjen og forbinde noko med merket.

Nike logo. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klesmerket BALL og merkevarebygging

Etter å ha hatt storhetstida si på 1980-talet er klesmerket Ball tilbake. Reidar Hartmann fortel korleis dei arbeider med relanseringa av merkevara Ball.

Tenk over

Trur du at klesmerket Ball kjem til å få eit fotfeste på den norske klesmarknaden i lang tid framover? Kvifor/kvifor ikkje?

Frisørkjeda Cutters og merkevarebygging

I videoen nedanfor kan du sjå eit intervju med gründeren av frisørkjeda Cutters, som mellom anna fortel om prosessen med å byggje ei sterk merkevare. Dei viser korleis dei bruker ulike merkeelement og tek strategiske grep i merkevarebygginga for verksemda.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt