Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter påstandar om plast

I diskusjonen under kjem det fram ulike påstandar om plast. Bruk påstandane som utgangspunkt for å finne ut kva de veit om plast, og kva de treng å finne ut meir om.
Ungdommer sitter rundt et bord og diskuterer. Bakgrunnen er tegnet og det er snakkebobler over hodene på ungdommene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Påstandar om plast

Tenk – aleine

Les påstandane for deg sjølv. Er det nokon du er einig i? Er det nokon påstandar du meiner er heilt galne? Kvifor meiner du det? Forsøk å grunngi for deg sjølv ut ifrå det du veit om plast frå før. Hugs at det ikkje er sikkert at nokon av ungdommane har heilt rett i påstandane sine. Kanskje kjem det an på kva føresetnader vi legg til grunn?

Par – saman med ein annan

Diskuter påstandane med ein annan. Kva er de einige om? Er det noko de ikkje er einige om? Bestem dykk for noko de vil dele med klassen etterpå.

Del – felles i klassen

Fortel i klassen kva de snakka om.

Diskuter

  • Kva bruker vi plast til i det daglege? I yrkeslivet?
  • Kva er problemet med plast?
  • Kan vi klare oss utan plast?
  • Er det forskjell på ulike typar plast?
  • Kan det finnast løysingar på problema med plast?
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt