Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lær av kvarandre om forbrukaråtferd

I denne oppgåva skal du samarbeide med den du sit
ved sida av i klasserommet, med vekt på å lære av kvarandre om forbrukaråtferd. Lykke til!
To elevar som snakkar saman i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå på omgrepa nedanfor, og fordel dei med medeleven ved sida av deg.

  • Bruk nokre minutt på å setje deg inn i omgrepa du har fått tildelt, før du forklarer dei for medeleven din.
  • Be deretter medeleven formulere det han/ho har lært av deg, med eigne ord.
  • Medeleven forklarer deretter dei andre omgrepa til deg, før du skal formulere desse med eigne ord.

Fokuset i denne oppgåva er å lære av kvarandre.

Omgrep:

  • forbrukaråtferd
  • motivasjon
  • behovspyramiden
  • faktorar som påverkar forbrukaråtferd
  • kjøpsroller
  • kjøpsprosess/kundereise
  • adopsjonsprosess
  • diffusjonsprosess
  • berekraftig forbrukaråtferd
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Marknader, kjøpsåtferd og segmentering