Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein kjøpsprosess eller kundereise

Det er vanleg å gå gjennom ulike fasar i samband med eit kjøp, og dette kallar vi kjøpsprosessen eller kundereisa. I denne oppgåva skal de lage eit visuelt tankekart som illustrerer kjøpsprosessen når ein kjøper ei vald vare eller teneste.
Kjøpsprosessen består av dei fem fasane behovserkjenning, informasjonssøking, vurdering av alternativ, kjøpsavgjerd og evaluering. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Jobb i par, og vel eit produkt de akkurat har kjøpt, eller noko de ønskjer å kjøpe. Vel eit produkt der alle fasane i kjøpsprosessen er aktuelle. Lag eit visuelt tankekart som illustrerer kjøpsprosessen når ein kjøper produktet de har valt. Identifiser ved dei ulike fasane i kjøpsprosessen.

  2. Presenter tankekarta for kvarandre i klassa. Diskuter gjerne kva som er likt og ulikt mellom dei ulike tankekarta.

For å kome i gang, tenk over:
  • Korleis oppstår behovet, og kva eller kven påverkar deg?

  • Kvar og korleis søkjer du informasjon om produktet? Korleis bruker du informasjonen du finn?

  • Kva er avgjerande for at du kjøper akkurat dette produktet?

  • Deler du erfaringar om produktet du har kjøpt, og i så fall kvar?

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal de ta utgangspunkt i kjøpsprosessen for produktet de valde i oppgåva ovanfor, og sjå nærare på i fasane "informasjonssøking" og "vurdering av alternativ".

Hender som skriv på klistrelappar på ein vegg. Foto.
  1. Skriv dei ulike kontaktpunkta på kvar sin klistrelapp, og fest dei etter kvarandre på veggen.

  2. Beskriv innhaldet i dei ulike kontaktpunkta på nye lappar, som de så fester under det aktuelle kontaktpunktet.

  3. Ser de forbetringsmoglegheiter i nokon av kontaktpunkta?

  4. Vel ut eitt kontaktpunkt de meiner bedrifta kan forbetre seg på.

  5. Beskriv forbetringane de meiner bedrifta bør gjere, på ein lapp som blir fest på veggen.

Kanskje de vil gi nokre råd til bedrifta om korleis dei kan forbetre seg i det kontaktpunktet de har sett på? Skriv i så fall ei hyggjeleg tilbakemelding til bedrifta med forslaget dykkar.

Relatert innhald

Det er vanleg å gå gjennom ulike fasar i samband med eit kjøp. Dette kallar vi kjøpsprosess eller kundereise. Kva kjenneteiknar fasane i ein kjøpsprosess?

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Marknader, kjøpsåtferd og segmentering