Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein podkast om forbrukaråtferd

I dette oppdraget skal de bruke noko av det de har lært om forbrukaråtferd, til å lage ein podkast.
Hovudtelefonar og mikrofon. Illustrasjon.

Oppgåve

Samarbeid i grupper på tre om å lage ein podkast som varer i 10 til 15 minutt. Podkasten skal ta utgangspunkt i refleksjonar og tematikk om forbrukaråtferd. De bestemmer innfallsvinkelen sjølv, men forslag til noko å ta utgangspunkt i kan til dømes vere

  • korleis kulturelle, sosiale, personlege og psykologiske faktorar kan påverke forbrukaråtferd

  • erfaringar med kjøpsroller og kjøpsprosessar

  • korleis vi kan leggje om forbruket vårt i ei meir berekraftig retning

  • forbrukarmakt

  • forbrukartrendar

Sjå meir informasjon og tips om det å lage ein podkast i ressursane som ligg under relatert innhald.

Relatert innhald

Få gode tips til arbeidet med podkast-oppgåva i desse videoane om podkastar og om lydredigering i gratis-programmet Audacity.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2021

Læringsressursar

Marknader, kjøpsåtferd og segmentering