Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast om forbrukaråtferd

Lytt til podkasten med programleiar Sarah Natasha Melbye i samtale med Lise Tangen Hansen, som er ekspert på forbrukartrendar. I samtalen snakkar dei om forbrukaråtferd og forbrukartrendar. Ta notat undervegs når du lyttar, og ha ein felles refleksjon og diskusjon i klassa etterpå.
Lise Tangen Hansen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lytt til podkasten, og ta notat

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Markedsføring og forbrukeratferd

Digitalisering og enklare handel over landegrensene gjer at det stadig kjem nye aktørar til, og det gir ein tøffare konkurranse. Det er viktigare enn nokon gong å vite kva som påverkar forbrukaråtferd...

0:00
-0:00

Felles refleksjon og diskusjon om podkasten i klassa

  • Set opp stikkord frå podkasten på tavla.

  • Kva lærte de av denne podkasten?

  • På kva måtar bidreg digitaliseringa til endringar i forbrukaråtferd?

  • Diskuter kvifor det er viktig med innsikt i forbrukaråtferd og forbrukartrendar.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Marknader, kjøpsåtferd og segmentering