Film og filmklipp
Innovasjon i treskjerarfaget
Korleis kan vi ta vare på tradisjonshandverk og samtidig bruke det på ein nyskapande måte?
Even Hansen viser korleis han kombinerer treskjering med digitale verktøy og nye materiale. Han lèt oss følgje prosessen med å utvikle og lage eit skrivebord, der treskjering blir ein del av bruksområdet.
Tradisjonelt blir treskjering brukt som dekor. Even Hansen bruker handverket på ein ny måte. I filmen seier han mellom anna dette:
Det er viktig at vi som utøver eit tradisjonshandverk, er med på utviklinga i samfunnet, samtidig som vi tek vare på kulturarven vår. [...] Finn vi nye bruksområde, kan vi ta vare på tradisjonane og føre dei vidare.
Diskuter:
- Er de samde i fråsegna til Even Hansen?
- Kan det oppstå dilemma i spennet mellom tradisjon og nyskaping?
Grunngi svara dykkar.