Hopp til innhald
Fagartikkel

Treskjering: karveskurd

Karveskurd er ein treskjeringsteknikk med geometrisk dekor. Du kan teikne opp sirklar og rutemønster med blyant, passar og linjal. Motivet skjer du ned i det flate treet. I filmen viser Knut Ivar Sørheim korleis du kan skjere ut ei stjerne, og korleis ulike treskjerarjern skaper ulike spor.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Karveskurd

Treskurd er kunsten å skjere figurar og ornament i tre. Karveskurd er utskjering av geometriske figurar som vi kan teikne ved hjelp av passar og linjal. Døme på dette er seksbladroser og åttebladroser, trekant- og firkantmønster.

Teknikk

Karveskurd er ein teknikk der det blir brukt enkelt verktøy som kniv, skråjern og v-jern, også kalla geisfuss. Motivet blir skore ned i det flate treet. Pass på at du har skarpt verktøy.

Tradisjonshandverk

Teknikken har lange tradisjonar. Eit smykkeskrin som er datert til om lag år 300, er den eldste kjende gjenstanden med karveskurd som er funnen i Noreg. Men karveskurddekor er ikkje spesielt for Noreg. Vi finn tilsvarande dekor i mange andre land. Mønstera vart òg brukte i andre materiale, som tekstil, smijern og keramikk.

Kjelde

Låte, J. (2020, 6. februar). Karveskurd. Store norske leksikon. https://snl.no/karveskurd