Hopp til innhald

Fagstoff

Pussing av tre

Når du jobbar med tre, er finpussen den siste delen av behandlinga. Pussing gjer overflata jamn og glatt. Her viser Knut Ivar Sørheim korleis du kan bruke ulike typar pussepapir.
Diskuter
  • Korleis kjennest det å ta på jamne underlag?
  • Korleis påverkar finpussen uttrykket på eit treprodukt?
  • Korleis er det å gjere reint ei slett flate i forhold til ei ru flate?

Kva betyr P60 og P100?

Sand- eller pussepapir har ulik kornstorleik. Jo lågare tal papiret har, jo grovare er det. Talet fortel oss at papiret har få, men grove korn. P60–P80 kan vere greitt å byrje eit pussearbeid med. Eit høgt tal betyr mange fine korn, og at sandpapiret passar for finare arbeid. P100–P220 kan vere bra å avslutte med for å få treet heilt jamt og glatt.

Pussekloss med sandpapir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teknikk

Ein pussekloss eller ein plankebit inni sandpapiret gir deg ei jamn pusseflate. Start med låg korningsgrad, og gå over til finare papir etter kvart. Pass på at du pussar i lengderetninga til treverket.

Viss du skal pusse ei svinga flate, kan du bruke eit meir fleksibelt papir eller ein pussesvamp. Til større flater finst det pussemaskiner i ulike variantar.

Ung mann som ser på pussemaskin i ein byggjevarebutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020

Læringsressursar

Teknikkar i trearbeid