Marionett - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Marionett

Ein marionett er ein spesiell type tredokke som har rørlege ledd. Den blir gjerne brukt til figurteater og kan bli styrt med snorer eller stavar. Bruk fantasien og lag ein original og kreativ figur med spennande detaljar. I filmen viser Knut Ivar Sørheim korleis du kan lage rørlege ledd.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppdrag

Du skal designe og produsere ein funksjonell marionett. Bruk samanføyingsteknikkar, slik at ledda til dukka blir rørlege.

Materiale

Marionetten skal ha kropp i tre, men du kan velje om du vil lage hovudet av papir og lim eller tre. Bruk gjerne tekstil til å lage klede til dukka.

Del 1: Idéutvikling og planlegging

  1. Undersøk korleis marionettar er brukte i ulike kulturar.
  2. Teikn idéskisser til ulike figurar.
  3. Vel ei skisse du vil gå vidare med, og teikn fargeskisser.
  4. Lag ei arbeidsteikning med nøyaktige mål. Målestokk 1:2 eller 1:1.

Del 2: Produksjon

Kropp

Det er viktig å vere nøyaktig når du måler opp og skjer til emna til dokka. Jobb med å forme kvar enkelt del, og bruk instruksjonsfilmen til å sjå korleis du set dei saman.

Hovud

Du kan bruke avispapir, tape og lim til å lage dokkehovudet.

Del 3: Eigenvurdering

  • Vurder uttrykket på figuren din. Korleis fungerer han som marionett?
  • Kva erfaringar har du gjort i arbeidet med ulike teknikkar, og korleis har læreprosessen din vore?
  • Ville du gjort noko forskjellig viss du skulle ha laga marionetten på nytt?

Innlevering

  • idéskisser og fargeskisser
  • arbeidsteikning
  • marionett
  • eigenvurdering

Relatert innhald

Fagstoff
Samanføyingsteknikkar i tre

Lær deg enkle samanføyingsteknikkar som liming, spikring og skruing, og handverksteknikkar som plugging, kryssfelling, fingerskøyt og sinking.

Skrive av Knut Ivar Sørheim og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020